Augnestikkarar og jolaøl – Stig Arne si dagbok november 2023

SAD-1123 (1 of 1).jpg


For ein gongs skuld har eg helde lovnaden med å koma attende til noko eg har lovt tidlegare: Å samanlikna Dac-ane Audioquest Dragonfly Cobalt og Red. Og Cayin RU6. Og mengder med jolaøl, men det visste du kom uansett.

DAC-en: DEN DIGITALE PICKUPEN

Det slo meg her ein dag, etter å ha kopla opp ein platespelar-rigg og prøvd ut ein neve pickupar, at Dac-en er den digitale pickupen. Pickupen plukkar opp musikken frå platerillene (derav namnet), og sender han vidare til forsterkaren. Dac-en hentar ut digital-signalet frå datamaskina eller telefonen, omformar det til analog, og sender det vidare til forsterkaren. I prinsippet same jobben. Dårleg pickup, dårleg lyd. Dårleg DAC, dårleg lyd! Dac-en er m.a.o ein like sentral del i det digitale anlegget som pickupen er på

platespelaren. Og likevel trur eg det er mange som ikkje har brukt på nær like lang tid på å prøva ut Dac-ar som me brukte på å finna den beste pickup-en i hine hårde dagar. Sjølv, etter at Mac-en vart ei sentral kjelde for å finna all slags musikk, nytta eg berre dei enklaste og billegaste løysingane. Ei slik løysing er Audioquest sine Dragonfly Red og Cobalt. Takka vere min høgst private jolanisse i Tokyo - eg treng ikkje nemna namn - har eg begge, og har samanlikna.

Audioquest Dragonfly Red og Cobolt DAC

HiFi Klubben sel desse. Den nye Cobalt kostar 3598, og den eldre, Red, kostar 2398. Cobalt har vorte testa overalt, både i papirmagasin og på nettet, og hausta stormande applaus for tilhøvet mellom yting og pris. Men ingen har gidda å samanlikna han med den gamle Red. Berre ein (John Darko frå Darko.Audio) antyda at Red muligens var meir flytande (fluid) i mellomtonen. (Karl Erik har også samanlikna Dragonfly Red og Cobalt i sin test av Cobalt – red.anm.) Det tende ein gneist. Eg måtte prøva. Merk at både Karl Erik og eg har omtala alle dei tre omtalte dac-ane tidlegare.

Eg hadde so langt nytta den blå, Cobalt, sidan det var den nye, dyraste og dimed beste, ikkje sant? Det er jo slik me tenkjer. Men eg har lært. Og det eg fann ut, var relativt sjokkerande. No nyttar eg den raude....

Les heile dagbokartikkelen i Audiophile.no

SAD-1123 (17 of 21).jpg
 
Sist redigert:

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.308
Link til alle artikler
496
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Gamle radioar – Stig Arne si dagbok april 2025

Gamle radioar – Stig Arne si dagbok april 2025

  • 0
Er gamle radioar på moten att? Me let samlarar vera samlarar, og bryr oss berre om ein ting: Lyden. Og i ølspalta har me 4 boksar og ei tuteflaske. Bang & Olufsen Beomaster 900 (1964-1970) Kva i...
Fortsett
Audiophile.no
Klimax Solo 500 – Ny nestkommanderende monoblokk fra Linn

Klimax Solo 500 – Ny nestkommanderende monoblokk fra Linn

  • 3
I begynnelsen av 2024 lanserte Linn en ny flaggskipforsterker, og nå følger den skotske produsenten opp med en nestkommanderende forsterker. Klimax Solo 500 er navnet, og Linn-kjennere ser...
Fortsett
Audiophile.no
600-serie - Nye flaggskipforsterkere fra Mark Levinson

600-serie - Nye flaggskipforsterkere fra Mark Levinson

  • 1
Den amerikanske HighEnd-produsenten Mark Levinson har avduket en nye HighEnd-serie. 600-serien overtar stafettpinnen øverst i hierarkiet etter 500-serien, som til nå har vært det ypperste fra...
Fortsett
Audiophile.no
CLARITY 4.2 – Ny uvanlig stativmodell fra RADIANT ACOUSTICS

CLARITY 4.2 – Ny uvanlig stativmodell fra RADIANT ACOUSTICS

  • 8
I fjor lanserte Radiant Acoustics den oppsiktsvekkende stativhøyttaleren Clarity 6.2. Nå kommer en enda mer oppsiktsvekkende lillebror, med modellbenevnelsen Clarity 4.2. Det vil si – det er...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: Marantz Model M1- Varulv i lammeklær

TEST: Marantz Model M1- Varulv i lammeklær

  • 0
Marantz Model M1 ble lansert for et år siden sammen med storebror Model M4. Vi har hatt Model M1 på en grundig test sammen med stativhøyttalerne Polk R200. I slutten av mai lanserte Marantz den...
Fortsett
Audiophile.no
HARMAN kjøper Sound United, med B&W, Denon og Marantz

HARMAN kjøper Sound United, med B&W, Denon og Marantz

  • 5
HARMAN har i går lagt ut en melding om at de kjøper Sound United fra Masimo Corporation for 350 Mill. USD. I pressemeldingen er det positivt bekreftet at overdragelsen inkluderer merkene Bowers &...
Fortsett
Topp Bunn