Er det 5.1-anlegg som skal kjøpast? Det boseanlegget er ikkje dumt til sitt bruk. Eg reknar med det har AcostIQ og er idiotsikkert for opprigging. Eit anlegg som nesten er usynleg og som fungerer driftsikkert. Dessutan har du alt-i-ei-løysing, og slepp å leite etter signalkjelde + forsterkar. Veldig greitt, med andre ord, og så slepp svigersonen komme for å justere stadigvekk.
Manglane er vel at det ikkje tek blu-ray, og at det er relativt dyrt.
Focal er vel ørlite rimelegare, og eg vil tippe det leverer betre lyd (utan å ha høyrt det, men Focal har med sitt rykte ikkje råd til å lage noko tøv), men det er meir styr å få det til, alt etter kva forsterkar som skal kjøpast inn. Sjølv har eg Mirage som er lett å få ganske grei lyd utav utan den heilt store jobben (kan hengast på vegg utan problem), men det er vel utgått frå forhandlar no. Elles hadde KEF eit 5.1-sett som var ganske godt, og ganske rimeleg. Sikkert lurt å sjekke ut kva som finnest derifrå også. Dali og B&W har normalt fine ting som ikkje kostar allverda, og eg kjøpte for nokre år sidan inn eit JBL-sett til låg pris og god kvalitet til ein skule. Dette fungerer også greitt til veldig mykje.