Fischer-Z Red Skies Over Paradise (1981)
Eg lyt inrømme at eg var spent på denne plata, då det er eit band eg aldri har høyrd om før. Eit betre utgangspunkt kunne eg ikkje spurd etter. Bandet vart starta opp i 1979 av John Watts, som er vokalist og låtskrivar. Dette er deira tredje plate og Watts løyste opp bandet for å gå solo etter denne plata. Det gjekk så som så, han starta bandet att med nye medlemmer og løyste det seinare opp att for nye soloforsøk.
Lydbiletet på plata er ganske klassisk 80-tals, ein litt spinkel bass, harde kontante trommer med klang, elgitar med effektar som klang og fuzz, synth/orgel, og ein vokal som ofte ligg litt høgt i registeret. Tekstane har for ein stor del politisk innhald som t.d. den kalde krigen og kapitalisme.
Opninga med Berlin er bra. Den set ein litt trykkande feeling (litt som London Calling), og det virkar som om vokalisten har ein del på hjarta, men det er desverre litt vanskeleg å få med seg kva han seier. Uansett er det ikkje tvil om at det handlar om muren. Veit ikkje om det er tilfeldig at dei syng om tyskarar i tilnerma marsjtakt.
Marliese er ein glad-rock-låt som får det til å rykke i... zappe-fingeren, desverre, men eg held ut, refrenget kjem, og eg kan ikkje anna enn å kalle det ille. Her trur eg dei har fått hjelp av den britiske fetteren til Eddie Van Halen.
Tittellåten byrjar som ein type new-wave-ska som mange kanskje vil forbinde med The Police. Eg tykkjer vokalisten leverer med innleving og intensitet, det byggjer seg fint opp mot refrenget, men alt rasar saman når dei glir over i tre-greps leike-rock som, på grunn av det barnslege preget, får meg til å tenke på ein teiknefilm om ei reise til jordas indre.
In England er ein uptempo rockelåt med klare islett av boogie. Eg er allergisk mot slikt og held meg frå vidare kommenterar om denne, anna enn at eg har høyrd verre av sorten.
You'll Never Find Brian Here. Ein uvaleg god låttittel, dette. Låten er vel derimot av dei meir anonyme på plata, men er i alle fall ikkje dårleg. EDIT ved siste gjennomhøyring var denne låten blitt smått irriterande, medan In England har heva seg litt og kanskje ikkje fortener stempelet boogie, likevel.
På Batallion of strangers er dei attende i litt røffare og dystrare terreng, som eg tykkjer kler dei godt. Dei balanserar fint opp mot det pompøse med synthbruk og klassisk åttitals-fuzz på gitaren. Av ein eller annan grunn går tankane mine mot Europe, men slapp av folkens, dette er mykje betre. Det kunne lett ha bikka over, men eg tykkjer det går nett fint. Plata er heldigvis tilbake på sporet.
Song And Dance Brigade held fram litt i same sporet, men med meir Cure-aktig sound. Ein fin variasjon her er at vokalisten doblar sin eigen vokal ein oktav under pipe-leiet han ligg på mykje av tida.
The Writer. Eg observerar at foten går.
Bathroom Scenario. Eg slit litt med å bli kvitt biletet av at det er Michael Palin frå Monthy Python som syng her. Dei bør halde seg unna glad-rocken. Svakaste sporet på B-sida.
Wristcutters Lullaby har ein fengande melodi, småraff gitarriffing som glir under boogie-radaren min med plenty romklang og eit sjøsjukt orgel. Eg sit berre og ynskjer at vokalisten skal vrenge lungene skikkeleg for å setje prikken over i'en. Eg er usikker på om han har det inne, men det er ein god låt.
Cruice Missiles er ein pompøs og dyster ska-inspirert sak (positivt meint), dette er er skikkeleg fengande. I tillegg skapar dei ei snikande kjensle som kler temaet i låten godt. Deira tematiske paralell til den russar-låta til Sting. Eller omvend, sidan Fischer-Z var fyrst ute.
Luton To Lisbon er ei fin lita ballade, som tyder på at dei kanskje skulle ha satsa på fleire. Eit kort politisk innspel, om ikkje anna har Thatcher-epoken sin dysterhet inspirert mang ein britisk musikant.
Multi Nationals Bite. Eg merkar at stemninga som vart sett på Berlin byrjar å sette seg att, etter at dei øydela den med nokre av dei tidlege låtane.
Ein berg og dalbane av ei plate for meg dette. Lovande start, 3-4 raske kjakalaksar, og så byrjar plata att (for min del). Eg har vel høyrd den fem gonger no, og då byrjar vel intrykket å stabilisere seg. For å prøve å oppsummere: Stilen til Fischer-Z er ganske vanskeleg å gripe. Dei balanserar på slakk line mellom puddlar, musical, new-wave, ska og sikkert mykje meir, men dei kjem also velberga, med unntak av klemskadar på testiklane, over. Hadde dei vore så heldige å miste låt 2-5 i avgrunnen på vegen, hadde det på ein merkeleg måte endt opp heilstøypt. For meg er ei plate med variasjon, høgdepunkt og bommar langt meir interessant enn ei einsformig plate med middels låtar.
Til saman er dette over middels, 5,5/10.