Folk kastar høgtalarar i søpla, det same hender med ølflaskene når dei er tomme. Her kjem ein gjennomgang av ein gamal bestselgjar, AR 18 s, og årets jolaøl.
Før eg byrjar skriva, sjekkar eg gjerne litt på nettet for å få detaljane på plass. Å sjå AR si heimeside i dag var eit sjokk. Verksemda og utvalet har absolutt ingenting med det opphavelege AR å gjera. Berre trådlause høgtalarar forkledde som utelamper, øyrepluggar og ein liten reiseradio. Men eit innarbeidd varemerke er tydeleg verd gull. Det opphavelege AR vart skipa av Edgar Villchur og eleven hans, Henry Kloss i 1954, det året eg vart fødd, i Cambridge, Massachusetts. Verksemda vart skipa for å produsera høgtalaren AR 1, ein tre-vegs høgtalar med 12” bass. Denne er ein klassikar og ettersøkt den dag i dag på bruktmarknaden. Og eg trur AR produserte verdas fyrste mellomtone-dome til oppfylgjaren.
Edgar Villchur
Edgar var ein kapasitet av dei sjeldne. Han var audio-pioner, skribent, oppfinnar, forskar og elektronikklærar. Mellom anna designa han den fyrste platespelaren i historia med flytande oppheng, AR XA og XB. Og høgtalarane var ikkje mindre revolusjonerande. Fram til desse var høgtalarane typisk nok store og med opne kabinett, omlag som ein gitarhøgtalarar i dag. Og dei gjekk likevel ikkje djupt i bassen. Edgar fann ut at om du konstruerer basselementet på ein annan måte, med tyngre membran, kan denne plasserast i eit mykje mindre og lukka kabinett, med flatare frekvensgang og djupare bass. Dermed vart dei òg lettare å akseptera i stova, og selde godt.
Ulempene med denne høgtalartypen var lågare effektivitet enn tidlegare, men redninga var på veg: Kraftige transistorforsterkarar. Denne høgtalartypen er framleis dominerande i dag, sjølv om dei fleste er av bassreflekstypen; som kan sjåast på som ein bindelekk mellom dei to typane, sjølv om det etter mi meining er eit klårt steg attende....
Les heile dagboka til Stig Arne for november 2022 i Audiophile.no