Det finnest ein kassettspelar Teac Tascam 144 med spesielle eigenskapar. Her spelar du inn 4 spor utan å snu kassetten, og med 3 3/4. Dette gjer at ein C60-kassett berre varer i eit kvarter. Og lydkvaliteten er svært god, såpass høg at eg ikkje kjøpte spoleband då dette kunne ha vore aktuelt den gongen eg prøvde å lage låtar. Ein kan elles nemne at Bruce Springsteen-albumet "Nebraska" er spelt inn på ein slik kassettspelar, men då med betre mikrofonar enn det ein student kunne koste på seg...
På tidleg 80-tal fekk eg også vere i studie eit par-tre gonger (ein gong fekk eg ei veke der, og fekk leike meg med apparata om kvelden, då innspelingsarbeidet var unnagjort), og har fått eksperimentert med ymse hastigheiter, innstillingar, mikrofonar og denslags. Det var interessant. Eg la merke til at lyden på 15 ips verka fyldigare og meir samanhengande enn 30 ips, det var mitt inntrykk på det oppsettet iallfall.
Eg har også fått høyre kopiar av masterteip, eldegammal innspeling med noko Tcaikovskystyr. Masterteipen var nok 15 ips vil eg tru, men kopien var 15. Fantastisk lyd, og då hadde eg høyrt vinylutgåva av same innspeling. Det skal valdsame pickupar til for at det skal vere like bra som slike band, vil eg tru. Men kassettar har alltid eit større eller mindre innslag av bandsus, sjølv dei som går på 3 3/4 ips. Men det vart flotte amatøropptak då eg lagde slikt.