Då er me komne til del 2 av Japan-reisa, der eg møtte min gode ven og pickup-produsent Stig Inge Bjørge, haugesundar busett i Tokyo. Han er alt godt kjend for audiofile i Noreg gjennom fleire artiklar i både norske og utanlandske blad og på nettet. Han lever av å framstille pick-upar (LYRA) til platespelar, i all hovudsak. Del 1, ferdabrev, handla om reisa fram og attende og litt om inntrykket av Tokyo og japanarar.
Tokyo var ganske høglytt og kakofonisk, der høgtalarar over alt, og særskilt på jernbanestasjonane, informerte om avgangar og åtkomstar og kva veit eg, som om eg forsto ein dritt av det. Du reiser ikkje til Japan for å ta deg fram på eiga hand om du ikkje er masokist. Det er i alle fall ikkje mi oppfatning av kva ferie er for noko. Eg var avhengig av Stig Inge for kvar meter me reiste. Eller eg tok drosje med adressa på papirlapp.
Men med "lyden av Japan" meiner eg sjølvsagt lyden frå stereoanlegga til Stig Inge og venene hans. Og det er sjølvsagt ikkje berre japansk utstyr - men noko er det. Stig Inge og eg har same glødande interesse for HiFi, og utvekslar erfaringar kring lyd og utstyr nesten dagleg. Sambygdingane mine skjønte lite då dei spurde om eg skulle til Japan for å stå på ski, og eg svarde at eg skulle lytta til HiFi.
For nokre år sidan kjøpte Stig Inge eit romsleg hus i utkanten av Tokyo, der det både er rimelegare og meir landleg og flytta inn der med familien. Det var på tide å inspisera huset og lytteromma hans, og ikkje minst lyden frå dei ulike anlegga/apparata. Han har mange gonger vore hjå meg og kjenner stova mi og anlegget mitt, og resulterande lyd. Det var på tide for meg å lytta til utstyret i lytterommet hans. Når me begge kjenner kvarandre sine rom, anlegg og tilhøyrande lydlege signatur, er det mykje enklare og meir meiningsfullt å utveksla erfaringar.
Les heile artikkelen i Audiophile.no


