Politikk, religion og samfunn Nok et genialt trekk av de blåblå!

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • lars_erik

    Rubinmedlem
    Ble medlem
    19.10.2006
    Innlegg
    37.484
    Antall liker
    21.939
    Sted
    Hades
    Torget vurderinger
    0
    Det sentrale er nok korleis avgifta er grunngjeve og rettferdiggjort. Difor var det tydelegvis lett for FD å kutta vegbruksavgift, men verre med CO2-avgifta, der det er også er viktig for EU at ikkje nokon land let eigen industri gå foran med å kunne sleppa ut CO2 i bøtter og spann. Vegbruksavgifta er meir fiskal i så måte.

    Elles einig i at mange miljøtiltak slår skeivt ut. At ein einsleg gard i Finnmark skal ha same krav til å reinsa kloakken som ein svær by, er openbert heilt utan sans for proposjonar. Å insistera på elektrisk, heller enn biodiesel, i anleggsbransjen, det same. Kost/nytte er heilt over styr.

    Baksida med for mange unntak og fritak etter fornuftig vurdering, er at det vert vanskeleg å innføra noko som helst av generelle lover og tiltak. Slike vil alltid verka litt feil og urettferdig (type: naboen burde betala mykje skatt, for han har tydelegvis råd til X, men eg burde betala lite fordi alt har vorte så dyrt)
    Respekten for miljøtiltak og avgifter på forurensning, blir langt lavere når flate avgifter er virkemiddelet. Det burde vært en langt større bevissthet for dette, særlig hos våre politikere. Hvordan de tror at å behandle alle likt er veien å gå, når forutsetninger er vidt forskjellige, er et paradoks.
     

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    7.779
    Antall liker
    8.735
    Sted
    Au recherche du temps perdu
    «Tungvekterne» i H imponerer stadig vekk.
    Fnis. Dette er jo det glade vanvidd; eg meiner å hugsa at Stoltenberg ikkje la skjul på at vedtaket kunne stri mot EØS-avtalen på førehand?

    Men eg trur, som eg trur eg ymta om tidlegare, at Stoltenberg spelar for å setja Høgre i verst mogleg posisjon. Ap kunne levert tilsvarande framlegg tidlegare etter at Stoltenberg meldte frå til Stortinget om at dette såg ut som om det kunne vera brot på EØS-avtalen. I staden skal dei spela chicken (til tonane av "Holding out for a hero", kanskje).

    For å vera heilt ærleg, så er ikkje dette maktspelet så veldig stilig, heller, sjølv om det er underhaldande. Eg meiner at dersom Stoltenberg på førehand var temmeleg sikker på at dette var i strid med EØS, så burde Støre stilt kabinettspørsmål for ein månad sidan. Ein minister bør gje Stortinget litt motstand dersom han meiner dei er i ferd med å vera utilgjeveleg dumme.

    Eg meiner framleis det var eit ufornuftig vedtak, altså.
     

    4-string

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2011
    Innlegg
    9.683
    Antall liker
    18.328
    Sted
    Almost there
    Høyres gjentagende kritikk av Støre I for vinglete politikk og uforutsigbare rammevilkår fremstår stadig mer kuriøs.

    Til alt overmål er finansministeren fra den gang den H nå går til køys med.
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn