Til trådtittelen, eller, kanskje like mykje, til den
underforståtte trådtittelen: «Vi som elsket Amerika». Kor mykje elskar Amerika seg sjølv?
Det filosoferte eg over på morgonpromonaden min i dag.
Ein av dei musikksjangrane eg er vaksen opp med, kjem frå den amerikanske motkulturen på 1960- og 1970-talet. Lat liggja, no, kor mykje motkultur det eigentleg var når eg opplevde denne musikken med cirka 20 års etterslep.
Det har, gjennom livet, gått gradvis opp for meg at dette ikkje var ein aggressiv motsjanger på same måte som, lat oss seia pønken eller svartmetallen som eg i større grad var samtidig med. Snarare var det musikk (og litteratur) som knytta seg til ein djup og brei amerikansk kulturtradisjon. Ein augneopnar var då eg las ein av Garcia-biografiane, om korleis han, ein kul type frå San Fransisco reiste djupt inn i bedehuslandet i Midtvesten for å læra banjo av dei beste; ein annan var Springsteens
We shall overcome (den tredje beste plata hans etter mi meining, etter Greetings og Nebraska, men lat meg ikkje avspora).
Dette er sjølvsagt openbert, og den norske tradisjonen med td. Folque og Rotmo/Vømmøl gjorde noko av det same.
I dag tidleg gjekk eg til jobb, med det spektakulære vistaet av kvite tindar, grønkande lier og blå fjord. På øyra hadde eg Grateful Dead, og brått slo albumutgåva av "Uncle John's Band" inn. Då slo erkjenninga meg hardt: Desse elska Amerika. Ja, dei var freaks, levde uanstendig, dryppa syre, røyka tjall og vaks ut av ein kultur som pressa den amerikanske konformiteten til det ytste. Men det er knapt noko anna enn djup, djup kjærleik til Amerika å høyra i musikken. Ikkje til dei amerikanske institusjonane, ikkje til den kommersielle delen av kulturen, men Amerikan og folket i Amerika.
I går las eg Ayesha Wolasmal's portrett av Hegseth
I Trumps innerste krets belønnes lojalitet – men den beskytter ingen.
www.vg.no
Ja, Hegseth oppfattar seg som patriot, ein som set
patria, fedrelandet, først. Ein som verkeleg meiner at "dolce et decorum est pro patria mori". Det same gjer nok mange i MAGA-klyngja, og i dei ulike angstbiterske endetidskristne sektene. Eller Elon Musk og Donald Trump.
Men det er jo ingen kjærleik. Det er ein negativt definert patriotisme, ein innbite forsvar mot alt og ingenting. Den hovudlause Trump-hyllinga elskar ingenting anna enn å vera på lag med Trump. Det er jo absolutt ingen kjærleik til det amerikanske.
Og, det er sant: Heller ikkje det kulturkritiske venstreside-akademia som tok over for motkulturane (store delar av den amerikanske motkulturen i dag speglar jo denne), hadde denne kjærleiken. Ja, det ligg kjærleik i å løfta fram marginaliserte minoritetar, men det som mangla var kanskje at folk følte ein ubegrensa kjærleik til dei fellesskapa dei var ein del av.
Ikkje nytt, noko av det eg skreiv. Men god 1. mai, 17. mai og Bygdepride, alle saman.