6 CD-spelarar frå Yamaha, NAD, Marantz og Xenon

SAD0226-FS.JPG


Du tenkjer sikkert som eg gjorde for litt sidan, at ingen er interesserte i CD-spelarar lenger, alle strøymer no. Men, som me har forklart tidlegare, eg leitte fram og prøvde nokre CD-spelarar for ein interessert, og vart sjokkert over at resultatet var betre enn strøyming. Har me vant oss til dårleg lyd?

No har eg har kopla opp det meste eg har av CD-spelarar for tida, for å finna ut kven av dei eg likar best. For intet anlegg er komplett utan ein CD-spelar. Kva skal me elles med alle CD-platene? Spel og nyt. Det vert ikkje betre enn dette! Viss du ikkje har ein god platespelar og en god pickup då, vel og merke. Men det skal me nok koma attende til. Eg gjekk inn i ei boble og prøvde ut ikkje mindre enn seks spelarar fortløpande i laupet av nokre dagar. Dagane går som ein røyk når ein har da moro.

Xenon CDH-05F
Eit merke frå Filippinane, men laga i Japan. Han har vore omtala i februar -22, der eg samanlikna han med ein gamal og rimeleg Philips og fekk godt inntrykk av han. Det kjem jo an på kva du samanliknar med. I mars -22 samanlikna me 4 CD-spelarar, deriblant to frå Harman Kardon, og framleis sto han sin prøve.

Men ikkje no lenger. Detaljert og med ei viss djupne, men samanlikna med Yamaha er bakgrunnen svart, og lyden mekanisk. Musikken var Mule Varations frå Tom Waits, ei CD-plate som seiast å ha særs god lydkvalitet. Og, det hadde eg nesten gløymt, spelaren vart omtala att i desember -25, der eg forklarar korleis han vart modifisert til det verre, og måtte attendeførast til originalstand. Framleis er han ikkje heilt original, for utgangskondensatorane er fjerna og erstatta med lus. Det skal normalt vera ei forbetring, men eg får snart prøva ein identisk spelar der det ikkje er gjort. Det vert spanande. Tenk om denne no er like god som eg hugsar min var?

Les heile februardagboka til Stig Arne på Audiophile.no

SAD0226-13.jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.909
Link til alle artikler
600
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Skatter fra bluesens pauluner. Lonnie Mack, Strike Like Lightning

Skatter fra bluesens pauluner. Lonnie Mack, Strike Like Lightning

  • 2
I skrivende stund er det ganske nøyaktig 10 år siden Lonnie Mack, eller mer korrekt, Lonnie McIntosh, forlot vår verden, etter en broget karriere med både solide opp- og nedturer. Vi skal i dag ta...
Fortsett
Audiophile.no
Pistonik – ny driverteknologi for Linn 360

Pistonik – ny driverteknologi for Linn 360

  • 0
Linn introduserer en oppgradert utgave av sine flaggskiphøyttalere 360. Oppgraderingen består av nye drivere for mellombass og bass, med et egenutviklet motorsystem kalt Pistonik. Og så er det en...
Fortsett
Audiophile.no
OSLO HIFI SHOW 2026 - Inntrykk fra tre Audiophile herrer. Del 3 – Karl Erik sine inntrykk.

OSLO HIFI SHOW 2026 - Inntrykk fra tre Audiophile herrer. Del 3 – Karl Erik sine inntrykk.

  • 0
Oslo HiFi Show ble arrangert for fjerde gang i år, og etter å ha holdt til i Asker i tre år var tiden moden for å flytte til Sandvika, i Thon Hotel Oslofjord. Her kommer Karl Erik sine...
Fortsett
Audiophile.no
OSLO HIFI SHOW 2026 - Inntrykk frå tre Audiophile herrar. Del 2 – Arve sine inntrykk.

OSLO HIFI SHOW 2026 - Inntrykk frå tre Audiophile herrar. Del 2 – Arve sine inntrykk.

  • 0
Audiophile- redaksjonen har endeleg kome seg på tur igjen, og kosa seg på messe. Denne gongen i lag med godt over 1200 andre HiFi-entusiastar. Det har vore messe igjen, denne gong nær hovudstaden...
Fortsett
Audiophile.no
OSLO HIFI SHOW 2026 - Inntrykk frå tre Audiophile herrar. Del 1 – Stig Arne sine inntrykk.

OSLO HIFI SHOW 2026 - Inntrykk frå tre Audiophile herrar. Del 1 – Stig Arne sine inntrykk.

  • 6
Ikkje før eg er heimkomen frå Japan er det av garde att dagen etter, denne gongen med tog frå Voss til Oslo HIFI Show, som i år vart skipa til for 4. gongen. Det vart tett og travelt dette, men må...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: Super Obelisk

TEST: Super Obelisk

  • 2
Ettersom Heed Obelisk nå for godt har forlatt den smale sti, kan vi vel si at den også forlater sine røtter, på sett og vis. Oldtidens obelisker var slanke konstruksjoner, akkurat dette kan ikke...
Fortsett
Topp Bunn