Nei, ikkje med 8 spors. Har vore i studio eit par gonger, og fått leika meg med 24 spors. Og så har eg eit Teac Tascam Portastudio. Dette brukar vanlege kassettar, men spelar inn 4 spor i ei retning, og snur du kassetten spelar det baklengs. Det går også på 3 3/4 i staden for 1 /78 for å heve lydkvaliteten, men ein C60 varer då berre i 15 minutt opptakstid. Lydkvaliteten er veldig god, men likar du ikkje Dolby, kan denne ikkje slåast av. Likevel har det fungert veldig godt når det skulle produserast demoar. Men i dag finnest det digitale løysingar som er mykje lettare å administrere, med så mange kanalar som du måtte finne tenleg.
Men til superopptak vil eg tilrå to spors bandopptakarar.