Eg er svært nær ved å kasta inn handkledet; og eg trur eg veit for lite. Ikkje nødvendigvis om dine behov, men om kva som finst der ute.
Vi ser altså etter ein digital pre med digital IO, minimum 2+2 kanalar ut (men kan ha DAC innebygd), integrert Dirac og delefilter el med minimum 32/96 og integrert streaming (sannsynlegvis Roon). Streaming, og antyda prisnivå, gjer at eg trur vi skal nærare fiffig heimelyd enn eksotisk pro-audio. Men samtidig ei rein digital/digital løysing.
Det er sjølvsagt mogleg at vi skal i retning eit digitalt lydkort du har tenkt å bruka saman med ein PC og Audiolense.
Eg gjev, meir eller mindre, opp. Vonar på trøystepoeng for fin framgangsmåte.