Kva er eigentleg status på etterforskinga av Kirk-drapet?
Eine ungen, som er 16 år og stadig må verta minna på kva ting heiter på norsk, kunne fortelja at samtlege av slagorda på kulene var «Groyper dog whistles» (ho er, ikkje overraskande, slett ikkje der) sjølv dei som eg i mitt einfald frykta var venstreside-slagord (eg knyter verkeleg «Bella ciao» til venstresida, eg gjer det).
Påstanden om at det skal vera eit venstre-ekstremt verkar veldig tynn, med det einaste haldepunktet denne chat-en. Det same er dei vage referansane til (venstre)radikalisering på «det mørke nettet». Les ein norske media, er det likevel det som er hovudforteljinga som vert vidareformidla.
Eg er ikkje på Tik Tok, så eg får ikkje alt dette i trynet heile tida. Men er det noko meir handfast no enn det var for nokre dagar sidan?