Bli med heim til Tweedjakke

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    3.526
    Antall liker
    3.646
    Sted
    Sunnmøre
    Rapport frå der ingenting skjer.

    Eg evaluerer MinimServer (erstatning for Asset). Asset er brukarvenleg og relativt fleksibel, men ustabil hjå meg.

    Positivt
    + Dønn stabilt
    + Meir elegant "dynamic browsing" enn Asset
    + Funksjon for å vise heile albumet når ein har td. funne noko interessant på eit album
    + Støtte for "grouping" av spor (td. behandla eitt verk i klassisk musikk under eitt)
    + Meir fleksibel sortering
    + Forstår at 3 er mindre 29 ved sortering av tekststrengar
    + Funksjonar for å omskriva tags automatisk, både i databasen og til avspelar

    Negativt
    - Skrive i Java
    - Ikkje automatisk oppdatering ("watch folders"), må oppdatera manuelt.
    - Litt dyrt samanlikna med Asset
    - Dårleg på å forstå at to nesten like tekststrengar er det same.

    Eigentleg vil eg ha noko som er skrive i Common Lisp.

    Jau då. Eg veit at Roon har alt eg vil ha, men eg liker ikkje konseptet. Får sjå kva eg tenkjer når eg går lei av å prøva å få metadata perfekt på eiga hand.
     
    Sist redigert:

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    3.526
    Antall liker
    3.646
    Sted
    Sunnmøre
    Av andre unemnelege ting plukka eg opp denne på gjenbruken i dag. Near mint.

    1CD85EE2-DEEA-4654-B15F-8E74397A7D44.jpeg


    På 80-talet var dette ein av dei fyrste kassettane mine, og eg veit ikkje kvar han var av.

    Det er eigentleg to grunnar til at måtte ha denne no: “22 faces” med Garden of Delight og den beste versjonen av “Dagen før siste påskedag” (Circus Modern)

    Bonus: Det herleg ustilige biletet av norske 1980-talsartistar på framsida.

    Eg trur Trygve Mathisen brukte eit heilt kapittel i nyveiv-boka (eg har berre punk-boka som går frå 77-80, så eg får ikkje sjekka) på denne plata. Herleg historie om korleis punk/nyveiv-miljøet (eller, Helge Gaarder) var primus motor for det mest cheesy (eurosentriske) uhjelpsprosjektet i noregshistoria.
     
    Sist redigert:

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    3.526
    Antall liker
    3.646
    Sted
    Sunnmøre
    For å konkludera denne seansen

    Dette er altså nypressa (trur eg) Speakers Corner.

    Men: Nr. fem har ein ekkel forvrenging, særleg av dei kraftigaste anstroka. Heilt rein lyd på dei fem andre. Sjekka mot CD-laget på SACD-en, og der er lyden heilt fin.

    Kva gjer eg med dette? Er det eg som har justert PU feil, eller bør eg senda tilbake til Bit Dipper?
    … så fekk eg eit ny plate (ja, boks, då) frå Big Dipper, med heilt upåklageleg lyd.

    Igjen, eg lurer av og til på meininga med (alt, men no særleg vinyl). Eg har ein veldig moderat rigg; TD147, 20 år gamal Rega-arm, Ortofon (blå) MM og billig-RIAA frå Naim. Ikkje justert spesielt bra. Ikkje noko av dette er dyrt, samla er nok prisen 3-5% av det somme reknar for akseptabelt for spelar nr. to.

    Likevel slit eg med å høyra artifaktar som fortel meg at dette er vesensforskjellig frå digitalutgåva (44.1/16 gjennom ein DAC frå RME, sikkert 10-15 år den òg, bruktkjøp). Sikkert annleis, men lyset frå Bach (jf Eidslott) og tonen til Starker druknar verkeleg dette.

    Moglege konklusjonar:

    1. Eg er for gamal til å høyra noko av betydning.

    2. LP er heilt ok til musikkavspeling.

    3. LP er meiningslaust, berre snurrepiperi.

    4. Bob, Janos og Wilma gjorde ein fantastisk jobb for snart 60 år sidan, og Speakers’ Corner er ikkje særleg inkompetente.

    5. Dette er musikk det er veldig lett å få bra til.

    6. Tweedjakke driv hemningslaus rettferdiggjering av eigen mangel på investeringsevne og -vilje.

    7. Det er milevis unna lyden Jorunn Marie Kvernberg fekk fram med hardingfele i eit goldt auditorium førre fredag. Åleine. Det er der skiljelinja går. Live vs innspelt.

    Eg tykkjer framleis at platespelarar er flotte, og Garrard, gjerne med 12-tommars arm og plint av utryddingstrua regnskog står høgt på ønskelista (med EMT på andreplass). Men eg er ikkje sikker på om dette berre handlar om lydoppleving.
     
    Sist redigert:

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    3.526
    Antall liker
    3.646
    Sted
    Sunnmøre



    Notes to self.

    Minimserver er betre enn alle alternativa, men likevel på ingen måte bra slik eg meiner ein bør behandla metadata. Vonar å koma iallfall nokre steg vidare på dette i 2023.
     

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    3.526
    Antall liker
    3.646
    Sted
    Sunnmøre
    Godt nytt år, kjære landsmenn og/eller sjelevener. Nyttår i fjor skreiv eg dette:

    For min eigen del tvilar eg på om det vert hifi-eventyr i 2022 heller.
    La oss oppsummera - det vart det ikkje. Det einaste nye var faktisk eit sett små sorbotan-føter til platespelaren (tips frå JMM) og byte frå Asset til MinimServer for UPnP/DNLA-bibliotek (dessutan har eg bytta frå BubbleUpnp til den nye Linn-appen for fjernkontroll; følgjefeil etter eit litt tilfeldig byte frå Android til iPhone). Minim er faktisk så bra at eg har slutta å pussa og polera på metadata ei stund.

    Merk: Resten av dette innlegget er ein sjølvoppteken mann på fem og førti som snakkar om det han er interessert i.

    Framover? Kven veit. Eg burde hatt nye og betre høgtalarar, men tenkjer eigentleg mest på at eg vil ha ein mellomhjulsspelar, eller EMT. Sannsynlegvis vert det ingenting av dette. Ofte ser eg på dei fine trådane der folk får til fantastiske sjølvbygg, men eg veit at eg ikkje har tid til å driva med dette no. Kanskje om nokre år.

    Musikk nett no

    Eg følgjer jazz- og klassisktrådane her inne tett, og oppdagar nye ting heile tida. Dessutan har eg to tenåringar som liker ungdomsmusikk, og noko av det dei høyrer på er ganske bra. Vi er samde om at Teatro d'ira av Måneskin har ein del bra låter, men eg trur at eg liker Musti betre enn dei gjer.​
    På nyåret har eg gjort to eigne, tilfeldige oppdagingar: Matilde Politi, som syng sicilianske folkemelodiar (minner om arabisk folkemusikk i mine øyro, og sidan eg er ein «failed arabist»¹ treffer dette hjarta på ein mjuk stad) og dansken Bernhard Lewkovitch (moderne katolsk kormusikk med tydelege røter i tidlegmusikken).​

    Tekst nett no (utover den eg vert betalt for å lesa)

    I jola byrja eg på Terje Emberlands Fra Gestapo til gutterommet. Det er på mange måtar ei vidareføring av bøkene om Per Imerslund (Emberland og Roughtvet 2004, Det ariske idol) og Karl Meyer og Den nasjonale legion (Emberland 2015, Da fascismen kom til Norge). I eit større perspektiv tykkjer eg at Johan Bernhard Hjort-biografien til Ivo de Figueiredo (2002, Fri mann) også er ein forløpar. Prosjektet er eit glimrande forsøk på å forstå mellomkrigsnazismen i Noreg utan å bruka andre verdskrigen som prisme. Ekstremt verdifult.​
    Eg har også byrja å lesa meg litt opp på norsk skulekritikk (Espen Schaanning), i forlenginga av det om Steinerskulen (Anne-Mette Stabel, Hva skal vi med skole?) og i forlenginga av det meir om antroposofien i Noreg (her har eg for så vidt lese ein del tidlegare, særleg om/av André Bjerke og Alf Larsen). Kort sagt: Skal ein karakterisera røyndomsforståinga i antroposofien, er «hoppande gal» det fyrste som slår meg. Så langt greitt. Eg meiner likevel at det ikkje-reduksjonistiske verdssynet ser ut til å leggja eit betre grunnlag for pedagogikk og skule enn den rådande, evidensbaserte pedagogikkforskinga i Noreg gjer. Juryen er framleis ute, eg har enno ikkje bestemt meg for kva eg meiner om skule.​
    For seksåringen les eg Det suser i sivet (Kenneth Grahame 1908, i Zinken Hopps omsetjing frå 1949 - eg må få tak i 2012-utgåva). Det er like moro for oss båe, trur eg. Eg gler meg til vi kan prøva oss på Tolkien att. Eg må finna ut om Ringdrotten (Eilev Groven Myhren 2006) fungerer til høgtlesing, trass den litt kunstferdige rettskrivinga. Prinsippa mine når eg les bokmål/riksmål er (1) dersom språket er godt, lèt eg det stå og les med ein slags bergensk aksent (enkelt sagt, slik mor mi ville lese det), (2) dersom det er uinteressant eller dårleg, simultanomset eg til nynorsk normaltalemål.​

    ¹ Openberr referanse til NeinQuarterly, "#failedintellectual". Kor som er: det eg har gjort, ikkje vorte veldig flink til og ikkje gjer meir, definerer meg like mykje som det eg faktisk gjer. Matematikk og arabisk er i denne kassa.
     

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    3.526
    Antall liker
    3.646
    Sted
    Sunnmøre
    PS: Stabels Hva skal vi med skole? er interessant, men ber litt preg av å vera ei phd-avhandling i bokform. Altså, på kanten til drepande keisam. Eg tenkjer at ei meir levande historisk og idéhistorisk (vs. skulehistorisk) framstilling hadde vore kjekkare, altså om vi kunne verta litt betre kjende med både personar og miljø.
     

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    3.526
    Antall liker
    3.646
    Sted
    Sunnmøre
    «Si meg, hvem er det som er ute på elva, da?» [sa Vann]

    «Padda,» svarte Ottar. «Han har fått en splitter ny kapproingsbåt med nytt utstyr.»

    De to vennene så på hverandre og lo.

    «Det var en tid da han bare brydde seg om å seile,» sa Vann. «Og da han var trett av det, skulle han absolutt padle. Da var han ikke fornøyd når han ikke kunne padle hele dagen - støtt - og han var ikke særlig flink heller. i fjor skulle han ha motorbåt, og vi måtte dra på tur med ham og late som om vi likte det. Han ville leve og dø i en motorbåt, sa han. Det er det samme med alt han gjør, han begynner på noe nytt, overdriver og blir lei av det, og så begynner han på noe annet.»

    «Han er en bra kar,» sa Ottar ettertenksomt. «Men stø er han ikke. Spesielt ikke med båter.»

    IMG_0031a.jpg
     

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    3.526
    Antall liker
    3.646
    Sted
    Sunnmøre
    For seksåringen les eg Det suser i sivet (Kenneth Grahame 1908, i Zinken Hopps omsetjing frå 1949 - eg må få tak i 2012-utgåva). Det er like moro for oss båe, trur eg. Eg gler meg til vi kan prøva oss på Tolkien att.
    Det vart Alice i eventyrland. Litt pes sidan eg må simultanomsetja frå engelsk, men veldig gøy.
     

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    3.526
    Antall liker
    3.646
    Sted
    Sunnmøre
     
    • Liker
    Reaksjoner: 666

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    3.526
    Antall liker
    3.646
    Sted
    Sunnmøre
    Vener (og fiendar):

    Eg må ta eit steg attende. Det kjem ikkje til å skje noko før sumaren på hifi-avsnittet, men eg treng hjelp i planlegginga.

    Kanskje vel eg å prioritera ny platespelar, noko eg har lyst på, men som berre delvis vil forbetra lyden. Eller eg kjem til å prioritera nye høgtalarar (DIY-ish), noko som krev litt tenking.

    TLDR: Sjå på bileta og kom med forslag.

    Scenario: Familie på seks (45, 44, 16, 13, 7, 2) flytta inn for ti år sidan i ein tomannsbolig frå ca 2000. Stova var det underprioriterte rommet, og er ca 30 m2, inkl kjøkenbord. Salongen (ca 12 m2) er full av sofa, to stolar, bokhyller, pipe/peis.

    Stereoanlegget vart midlertidig plassert der det står no då vi flytta inn (elektronikken er i skapet). Sidan har det vorte ståande, fordi vi konstant har hatt ungar i “fiklealder”.

    TV heng utanpå bokhylla.

    Pluss: God lyd når eg arbeider på kjøkenet eller set stolen midt på golvet. Minus: Det meste

    Eg er nøydd til å flytta anlegget for å få fornuftig lyd når eg sit i “salongen”. Men eg er i tvil om kva for høgtalarar eg kan få plass til. Ideen om 15” + horn utgår. Eg lurer på om LXmini kan vera ein idé?

    Eg lurer på om det er lurt å samla bøkene på innerveggen (nokre kan nok setjast på fjernlager i kjellaren) fjerna den korte bokhylla, plassera stereo + HT + TV saman. Eller HT på kvar side av panoramavindauga.



    EAA6731E-4C81-4E2F-8308-34FDC3AAE62F.jpeg

    93FB9B62-A85D-45FC-8FAE-792168140F9E.jpeg DC8ACD79-1278-4133-B0D8-4DA84138EA7A.jpeg

    Melding til Volda brannvesen: Peisen er ikkje i bruk!
     
    Sist redigert:

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    3.526
    Antall liker
    3.646
    Sted
    Sunnmøre
    Sidan førre innlegg var litt uryddig, prøver eg igjen etter å ha vore utfordra av @SiSt

    Dersom dette hadde vore "vakkert design"-tråden, hadde feinschmeckarane svara "Ivar er søppel, kjøp USM, Vitsœ eller Montana i staden", og så hadde målemafiaen kontra med at "stålhyller frå Jula har same bæreevne som desse til, tja, 1/40 av prisen", og så hadde vi hatt det gåande. Sjølv om det ikkje var det eg spurde om.

    Ikkje i dag. Dette handlar ikkje så mykje om kva som er fint, men om korleis eg skal flytta om på ting for å faktisk få plass til høgtalarar, og litt om kva høgtalarar som kan eigna seg. Eg vil framleis byggja høgtalarar, nemleg, men det kan fort ta litt tid. Takk for tolmodet. Bli med heim til meg, der eg bur med dei fem andre i familien (og katten, men han er ute no).

    Sidan resten av huset vårt er greitt dimensjonert, meinte arkitekten at 25.4 m² var nok til stove. Inkludert ovn/pipe, som stel 50x120 cm av rommet. Det er kanskje nok, mange husvære i byen har jo så små stover. Problemet er at den halvparten som har vindauge delvis er reservert (delar av) spisebord, leikeplass for toåringen, innandørs drivhus (ikkje nett no) og gjennomgang. Altså er det ca 15 m² som faktisk er stove. Det er markert med lys grøn på planteikninga.

    plan1_1.jpg

    Dette er kanskje ikkje så gale. Det som er gale, er at vi har bestemt oss for å bruka to av veggene til bokhyller av Ikea Ivar-typen, hengt fjernsynet på kunstferdig måte utanpå og sett inn ein sofa og eit bord som på mange måtar er for stort.

    pic1.jpeg

    Men, kva då med stereoanlegget? Jau, det vart plassert inni dette skapet, med høgtalarar og platespelar oppå (vi har hatt eit jamt tilsig av ungar i klå-alderen). Det gjev fin lyd når eg arbeider på kjøkenet (sjå planteikning over), men ikkje så fin lyd når vi sit i stova. Eller nokon annan stad, faktisk.

    pic2.jpeg

    Ei grovskisse over møblering no kan de sjå her:

    plan2_0.jpg

    Eg har altså tre moglege plasseringar:

    1. Fjerne hylla bak TV-en, flytta denne inn til veggen, setja eit lågt skap til elektronikk under og HT ved sidan. Vurdering: Dette er den fornuftige løysinga, for på dene veggen er det 8 stikkontaktar. Ulemper: Dårleg lyd andre stader, eg ser redd inn på veggen.

    2. La dei stå som no, men flytta dei ned på stativ og platespelaren på ei glashylle. Vurdering: Det er eigentleg ei meininglaus plassering.

    3. Attmed panorama-vindauget, slik at eg kan sjå ut på bygda og høyra på musikk, sånn som @ragwo og @Valentino. Eg har nemleg ganske fin utsikt, faktisk:

    panorama.jpeg

    Vurdering: Då står plutseleg høgtalarane midt i drivhus/leikekrok (+ marginalt problem med kjøkenbordet, men det kan vi fiksa).

    Vurdering av moglege HT-byggprosjekt:

    1. Konvensjonelle apekister ser fort keisame ut. Eg liker designet på JBL, klassisk Tannoy og klassiske, britiske monitorar.

    2. Eg lanserte for to veker sider TweeBL, altså JBL-designet med 12/15-tommar nede og horn på toppen, slik openbert @Pål gundersen, @Zerostat og alle andre også hadde tenkt på. Det ramla litt saman sidan eg ikkje har nubbesjans til å få plass til sjimpanse-kistene som krevst. Trur eg.

    3. Eg har fått fornya interesse for Linkwitz mini/sub, sidan dei er små, ukonvensjonelle og det er ein intellektuell måte å løysa dei definitive akustikkproblema eg kjem til å få. Dei kan også, om eg skjønar det, brukast i alle dei tre posisjonane eg ser føre meg.


    Så, to store spørsmål:

    1. Kvar ville du hatt stereoen i ein slik situasjon?

    2. Er det andre HT-konsept/prinsipp eg burde sett på?
     

    Entropy

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    07.01.2021
    Innlegg
    500
    Antall liker
    960
    Sted
    Oslo
    Torget vurderinger
    3
    Kan du være så snill og legge ut et bilde av plantegningen din UTEN møbler i, men planløsning av etasjen ink bokhyller og peis trapp etc (og litt mer info om hvordan kjøkkenet ser ut?)
     

    Valentino

    JB rünnhilde
    Ble medlem
    23.04.2008
    Innlegg
    28.837
    Antall liker
    21.810
    Sted
    Ottestad
    Torget vurderinger
    1
    dere ha biblioteket i stuen? Men kjekt med bøker altså, og den delen av rommet er veldig lun og fin.

    Linkwitz LX Mini/Sirius+2 er smarte de, men når jeg ser på prisen blir jeg lat og tenker på KEF LS60 Wireless. Tilsett phonoforsterker.

    Lyttestol med utsikt trumfer det meste synes jeg.
     

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    3.526
    Antall liker
    3.646
    Sted
    Sunnmøre
    Kan du være så snill og legge ut et bilde av plantegningen din UTEN møbler i, men planløsning av etasjen ink bokhyller og peis trapp etc (og litt mer info om hvordan kjøkkenet ser ut?)
    Dette er det beste eg kjem, @Entropy, før eg må teikna. Utan hyller. Sigdalkjøken frå ca. 2000, stygt som juling. Innvendig er "stova" 3550 brei, 7000 lang

    plan9.jpeg
     

    Entropy

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    07.01.2021
    Innlegg
    500
    Antall liker
    960
    Sted
    Oslo
    Torget vurderinger
    3
    Dette er det beste eg kjem, @Entropy, før eg må teikna. Utan hyller. Sigdalkjøken frå ca. 2000, stygt som juling. Innvendig er "stova" 3550 brei, 7000 lang
    Jeg tenker - hvis mulig osv.
    Eksisterende anlegg setter du på kjøkkenet. Kansje på vegghyller?
    I stuamøblerer du om til noe som proporsjonalt passer og handler inn feks kef til både hyggelig lyd (spes med sub) og enkel bruk på tv osv for hele familien.
    Bokhyllen blir delvi demontert. så du har bøker bak tv vegg.
    Til panoramavinduet handler du inn noe kult brukt og stas for rene lytteseanser.
    Av rimelig forslag her tror jeg feks Rauna kunne vært stilig.

    Med forbehold om at jeg har misforstått helt hvor stor plass spisebordet.
    Det høye skapet ryker kansje?

    Skjermbilde 2023-02-28 kl. 15.32.15.png


    edit alternativt dropp sofa mot panorama vindu og heller snu gdstol når du skal høre på dette anlegget?kansje panorama-anlegget blir Selvbygger HT oppsett?
     
    Sist redigert:

    Entropy

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    07.01.2021
    Innlegg
    500
    Antall liker
    960
    Sted
    Oslo
    Torget vurderinger
    3
    Og hvis peis ikke er i bruk, kan den bare demonteres og la pipa stå, så får du en mye smidigere utnyttelse?
     

    Valentino

    JB rünnhilde
    Ble medlem
    23.04.2008
    Innlegg
    28.837
    Antall liker
    21.810
    Sted
    Ottestad
    Torget vurderinger
    1
    Til idémyldringen: Vi har to sofaer «på langs» i TV-avdelingen. Hver vår til Nytt på nytt og sånn.
    Godstolen kan da brukes både som tv-stol og til stereo med utsikt.
     

    Entropy

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    07.01.2021
    Innlegg
    500
    Antall liker
    960
    Sted
    Oslo
    Torget vurderinger
    3
    Godt forslag.
    det finnes også modulsofaer hvor man kan flytte på ryggen osv for samme funksjonalitet
     

    ragwo

    Mud-fi freak
    Ble medlem
    02.05.2007
    Innlegg
    6.825
    Antall liker
    14.861
    Sted
    Bodø
    Torget vurderinger
    42
    Flott utsikt! Bor alle ungene hjemme fortsatt? Hvis så, trenger dere sikkert godt med plass i sofaen foran TVen. Hva med å la TVen være der den er, bytte ut sofaen med en hjørnesofa, flytte den pene 60-tallsstolen fra lesekroken til andre kortenden av bordet, og plassere høyttalerne på hver side av utsikten? Så snur du penstolen 180° når du skal finlytte og nyte utsikten. Ved å beholde dagens plassering av TVen slipper du å få problemer med gjenskinn fra vinduene i utsikten. Å fjerne peisen for å frigjøre litt plass er sikkert ikke dumt hvis den uansett ikke brukes.
     

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    3.526
    Antall liker
    3.646
    Sted
    Sunnmøre
    Mange ting her, vi tek hifi først (det andre kjem etter kvart):

    Du har sannsynlegvis rett, @Valentino. KEF LS60 ville hatt meir enn god nok lyd for meg, gjeve min alder, føretrekt lyttevolum og dei grensene sjølve lytterommet set. Dei er flotte, og så himla praktisk: bort med både DAC, pre, effekt og streamer - og ikkje ein einaste kabel. Vidare, totalkost på LXmini+2 (og iallfall LX Sirius+2, men det er jo ferdigvarianten) er jo slik at LS60 absolutt er konkurransedyktig. Kanskje til og med billigare.

    La meg seia det slik: Dei står på blokka, motvillig. Det sit langt inne å gå for noko som så openbert er eit knallgodt forbrukarprodukt.
     

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    3.526
    Antall liker
    3.646
    Sted
    Sunnmøre
    Flott utsikt! Bor alle ungene hjemme fortsatt? Hvis så, trenger dere sikkert godt med plass i sofaen foran TVen. Hva med å la TVen være der den er, bytte ut sofaen med en hjørnesofa, flytte den pene 60-tallsstolen fra lesekroken til andre kortenden av bordet, og plassere høyttalerne på hver side av utsikten? Så snur du penstolen 180° når du skal finlytte og nyte utsikten. Ved å beholde dagens plassering av TVen slipper du å få problemer med gjenskinn fra vinduene i utsikten.
    Takk for eit veldig konkret og godt framlegg! Det var så konkret at eg skal ta det vidare :) Då får vi framleis dårleg lyd frå TV-en, men det kan løysast på andre måtar.

    Ja, alle ungane bur heime, men det er dei minste (sju og to år) som er problemet når det gjeld hifi (særleg platespelar). Dei to eldste (13, 16) har etter kvart faktisk interessant musikksmak (og er totalt uinteressert i platespelarar).

    Den litt for lange sofaen står nok (det er Frí frå Hjelle, og ikkje eit pro-tip med småungar og katt), men sjeselong elns kan vera aktuelt. Godstolen (Ikea Poäng) bør flyttast, det er klart.

    Nei, @Valentino, vi må ikkje ha bibliotek i stova, og ein god del står i kjellstova (også: heimekontor, syrom (16-åringen), gjesterom, legorom og lager), men både eg og kona liker å ha bøker rundt oss som vi liker, har lese eller vil lesa. Planen (min) er å kuratera samlinga i stova litt meir, slik at biblioteket der kan kuttast ned til langveggen og resten flyttast ned. Det gjev også plass til å sitja rundt heile bordet når vi har folk på besøk. Når Eurojackpot går inn, skal eg dessutan ha Vitsoe.

    Vurderer den peisovnen, @Entropy, men så er eg vaksen opp med at straumen er borte i fleire dagar om vinteren,
     

    Entropy

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    07.01.2021
    Innlegg
    500
    Antall liker
    960
    Sted
    Oslo
    Torget vurderinger
    3
    Takk for eit veldig konkret og godt framlegg! Det var så konkret at eg skal ta det vidare :) Då får vi framleis dårleg lyd frå TV-en, men det kan løysast på andre måtar.

    Ja, alle ungane bur heime, men det er dei minste (sju og to år) som er problemet når det gjeld hifi (særleg platespelar). Dei to eldste (13, 16) har etter kvart faktisk interessant musikksmak (og er totalt uinteressert i platespelarar).

    Den litt for lange sofaen står nok (det er Frí frå Hjelle, og ikkje eit pro-tip med småungar og katt), men sjeselong elns kan vera aktuelt. Godstolen (Ikea Poäng) bør flyttast, det er klart.

    Nei, @Valentino, vi må ikkje ha bibliotek i stova, og ein god del står i kjellstova (også: heimekontor, syrom (16-åringen), gjesterom, legorom og lager), men både eg og kona liker å ha bøker rundt oss som vi liker, har lese eller vil lesa. Planen (min) er å kuratera samlinga i stova litt meir, slik at biblioteket der kan kuttast ned til langveggen og resten flyttast ned. Det gjev også plass til å sitja rundt heile bordet når vi har folk på besøk. Når Eurojackpot går inn, skal eg dessutan ha Vitsoe.

    Vurderer den peisovnen, @Entropy, men så er eg vaksen opp med at straumen er borte i fleire dagar om vinteren,
    Du har ikke tilfeldigvis en kjeller under hvor du kan sette opp en liten ovn da? Mye mer doomsday Prepper å ha noe du kan sette en kjele oppå;)
     

    ragwo

    Mud-fi freak
    Ble medlem
    02.05.2007
    Innlegg
    6.825
    Antall liker
    14.861
    Sted
    Bodø
    Torget vurderinger
    42
    TV-lyden kan fikses med et par pent brukte KEF LSX og en liten sub. Jeg stortrives med dem ved TVen. På en god dag slipper du unna med 6k totalt. De kan plasseres i bokhyllen, men låter best på stativer. Har du bilder av venstre side av utsikten? Er det plass til en høyttaler der?
     

    Entropy

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    07.01.2021
    Innlegg
    500
    Antall liker
    960
    Sted
    Oslo
    Torget vurderinger
    3
    Jeg liker hvertfall veldig godt den tanken om å ha tv på annen vegg enn idag og ikke ha noen bakvegg i begge type anlegg og et lite bakgrunnsoppsett på kjøkkenet.
     

    Valentino

    JB rünnhilde
    Ble medlem
    23.04.2008
    Innlegg
    28.837
    Antall liker
    21.810
    Sted
    Ottestad
    Torget vurderinger
    1
    Det var der jeg tenkte at disse ikke for hifientusiaster-høyttalerne KEF LS60 er så kjekke. De er 13 cm brede. Tar lite utsikt.
     

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    3.526
    Antall liker
    3.646
    Sted
    Sunnmøre
    Eg prokrastinerer som vanleg (svensk Wikipedia: "prokrastinering kan leda till bristande personlig produktivitet och stora problem att uppnå sina mål för såväl privatliv, studier som karriär."). Hifi-planar står på vent iallfall til sumaren, men heime(om)innreiinga skrid framover, sakte.

    Ei bok eg har brukt ein god del tid på (spreidd utover veldig mange år), er storverket Skikk og bruk frå 1960 (hendig tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket). Føremålet var ikkje berre deskriptivt, men til dei grader normativt - her skulle folket lærast opp i formene som burde gjelda i det nye Noreg, og systematiserande - eit gjennomgangstema i boka er å finna/skapa ordnande prinsipp for feltet "smak, skikk og bruk". (Fotnote: Redaktøren og hovudforfattar, Waldemar Brøgger, stod i utkanten av det nazistiske Ragnarok-miljøet på 1930-talet og hadde under krigen ei interessant veksling mellom motstandsarbeid og medløperi. Meir om han i SNL/NBL).

    Kapittelet om "Hjemmeinnredning", forfatta av Odd Brochmann, er like interessant som resten. Mange påstandar og skisser som ville passa i Vakkert design-tråden, men kva meinte han om hifi? Svaret er ganske kort, på side s. 167.

    skikk_og_bruk_167.png


    Parafrasert: Husalter er greitt å lenge det ikkje du ikkje set gipsfigurar oppå. (Fotnote: Brochmann var broren til Zinken Hopp, som i den elles eminente Trollkrittet brukte n-ordet på måtar vi på ingen måte ville gjort i dag).
     

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    3.526
    Antall liker
    3.646
    Sted
    Sunnmøre
    Det har ikke skjedd mye med det Brochmann skriver om i første avsnitt. Hans avsluttende «ja også til utvikling.» er 10,9.
    Heile kapitlet er forbausande aktuelt, og nyttig lesing i dag også. Understrekar kanskje poenget (ikkje mitt, eg prøvde å utfordra det) om at vi er samtidige med heile den moderne epoken.

    For å avslutta, kunne eg gjerne hatt ei stove som denne (s. 182-83)

    skikk_og_bruk_182_83.png


    (Eg trur det er teikninga som er litt skisseprega, og difor gjev inntrykk av at taket skrår svakt opp mot oss. Då vi budde i 1950-talsblokkane på Veitvet, hadde taket slik svak helling. Veldig fin detalj).
     
    Sist redigert:

    Valentino

    JB rünnhilde
    Ble medlem
    23.04.2008
    Innlegg
    28.837
    Antall liker
    21.810
    Sted
    Ottestad
    Torget vurderinger
    1
    Vi har hund og jeg er fullstendig enig.

    Mine foreldres standardhusbankhus fra 1968 har skråtak i hoveddelen av stuen. Opprinnelig ubehandlet gran og veldig fin patina helt til min mor malte det hvitt. Ja, jeg har sagt hva jeg mener.
     
    P

    parafinoksen

    Gjest
    Jeg vet ikke hvor audiofile ambisjonene dine er, Tweed, men inntil toåringen er stor nok, begrenser det seg kanskje selv? Inntil videre ville jeg kanskje prøvd å få til noe inne i TV-kroken og satt anlegget i bokhylla. Høyttalerne i lyttehøyde, elektronikk høyere opp og unna små fingre.
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn