Litt udokumentert historie - kortversjon - fritt etter hukommelsen. Kilde: MANGE timer i Alnagata 8....
MI - Musical Innovation kom på banen med MI1 (pre), MI2 (effekt 2x120W - bipolare transistorar), MI3 (effekt 2x70W) og MI4 (integrert passiv 2x70W) i 1995/-96. Firmaet JB Sound stod som designer og produsent. RM var ein av partane i JB Sound. Firmaet og produkta vart lagt på is etter ein del ueinigheiter mm.
OAL - Optimal Acoustic Labratories kom på banen med A30.0 (effekt 2x70W) i 1997(?). Seinare kom også A10.0 (pre). Ein lærar ved datidas NTH - Jan Føleide, var ein av partane i selskapet. OAL hadde også ferdig printet på det som skulle blitt A30.1, ein revidert utgave av A30.0. Ein cd-spiller/dac var sannsynligvis også under utvikling, om eg hugsar rett. Googla litt ein gong og fann ei NTH-oppgåve om digital-teknikk, der eg meiner OAL var nevnt. Før nevnte Føleide var lærer for klassen som stod for oppgåva.
OAL var i segmentet for TUNG hifi.
OAL greidde å få kloa i JB Sound/MI, og skipa Optimal Audio, som eit meir rimelig alternativ til OAL. Dei laga sin eigen versjon av MI1/MI2 i form av SA9/SA20, der SA20 var bestykka med MosFet's og ikkje Bipolare transistorar. Kabinetta gikk frå svart til sølvgrå -ikkje heilt ulikt dagens MI. SA20 hadde vel ein effekt på ca. 2x160W, og kan tenkast å være ein fjern slektning til dagens MI MosFet - uten samanlikning forøvrig. OA-settet fekk brukandes kritikk i bladet Audio (eller var det Fidelity?)!
OAL gikk i alle fall konkurs, og både OAL og OA-produkta opphøyrte.
RM kom på banen, og sikra seg alt deira juridiske og jordiske gods. Og ENDELIG var MI tilbake på riktige hender!!! Halleluja!!
Arild