Hvilken god bruk av internett for unger er det du er bekymret for at kan bli sperret av en slik aldersgrense?
Eg har skrive litt om det før, men eg kan gjenta meg sjølv.
Frå eg var 12-13 år gamal, hadde iallfall eg ufatteleg stor glede av å delta på BBS-ar (fildelings- og diskusjonsforum ein kopla seg opp mot, ikkje via eit TCP/IP-nettverk men via oppringde modem-samband, i starten med bandbreidde på 2400 bit/s, seinare 9600. Ein om gangen, om det ikkje var ein BBS som hadde råd til fleire dedikerte linjer). På starten av 1990-talet var desse mest kjende for fildeling, men det var diskusjonsgruppene eg verkeleg likte.
Eg vaks opp i ei bygd, ca. ei mil borte frå ein tettstad ca. ein time (med buss) frå Bergen sentrum. Veldig fint, eg gjekk i same klasse frå første til niande. Unødvendig å seia, kanskje, men på eit tidspunkt byrja det veldig fine barnemiljøet å kjennast veldig klaustrofobisk, iallfall om ein ikkje var interessert i lagidrett, moped, festar eller ulike kristne aktivitetar (Venn-diagrammet for desse er ikkje fullstendig overlappande).
For min del var det to ting som løfta taket av tilværet (som André Bjerke skildrar det å lesa Olaf Bull for første gong): Å få delta i den borgarlege konfirmasjonsgruppa (saman med dei frå sentrum, det var for temmeleg spesielt interesserte) og å faktisk finna plassar i BBS-miljøet eg kunne diskutera spanande ting.
Det å diskutera politikk, religion, filosofi, programmering og musikk med andre i klassen var kanskje mogleg, men då diskuterte eg for å vinna (og det var, i mine eigne augo, ikkje så grusomt vanskeleg), og det ville vera feil å seia at eg opplevde diskusjonar der eg vart utfordra. Online fann eg det. Mengder av artige folk (eg var, for det meste begrensa til å ringja BBS-ar i Hordaland, sidan rikstakst på det tidspunktet framleis var luksusforbruk).
Det er ikkje sikkert det var naudsynt. For all del, det har vorte folk av mange som ikkje har hatt erfaring med BBS-ar i dei tidlege tenåra. Men for meg var det iallfall veldig gjevande.
Kva ungar gjorde i mellomtida, før SoMe, veit eg ikkje heilt. Det interesserte meg ikkje så veldig. Eg trur dei brukte MSN-chat og slikt?
Men kona mi skreiv phd-avhandling om korleis ungdom skreiv på Internet, med datagrunnlag frå proto/tidleg-SoMe: Bloggar (med kommentarar), Nettby og litt Facebook (pluss eit norsk Harry Potter-forum i ei pilotundersøking ho aldri publiserte). Det eg såg frå den, likna iallfall veldig på slik eg sjølv hugsa det å kommunisera på nettet i ungdomsskulealder.
Difor eg er reelt skeptisk til at eit slik framlegg vil kutta ned på dei romma unge ungdomar har til å ytra seg og få svar i digitale forum som
ikkje er vaksenstyrte og oppdragande.