Det er vel fleire stader der batteribankar er sett inn for å bufra for dårleg overføringskapasitet allereie. Dieselaggregat er ikkje i prinsippet veldig ulikt.I regjeringen er det 1 april hele året….
Det er sjølvsagt fritt fram å kritisera regjeringa for å vera idiotar, men eg veit ikkje kor fruktbart det eigentleg er. På meg verkar det som som om det er (fleire) systemfeil meir enn ein styringsfeil. Eller, snarare systemsvikt.
1.
Mitt inntrykk er at praksis og prinsipp for å byggja ut infrastruktur her i landet, anten det er veg eller kraft, i stort sett er reaktivt. Planleggjarane ser på den bruken som er der, og planleggjer oppgraderingar der det vil vera mest mogleg effektivt (mest resultat med minst mogleg ressursbruk). Difor må alle som vil byggja ut noko, skriva seg på venteliste.
Å bruka pengar på infrastrukturutbygging er sjeldan populært blant dei som ikkje skal bruka infrastrukturen. Det er ingen som er særleg happy når nettleiga aukar, til dømes, og det første vestlendingen klagar over når han kjem køyrande til Oslo, er kor store og dyre vegar dei får der.
Det betyr at infrastruktur i liten grad vert bygt ut for å stimulera til bruk som ikkje er der.
2.
Så kjem problemet at vedtaket om elektrifisering av Melkøya var mykje lettare å få gjennom, og sett i gang, enn dei heilt nødvendige føresetnadene om å byggja ut kraftproduksjon og -overføring i Nord.
Det er ikkje så rart, og eg tippar det ikkje berre handlar om at byråkratiet er tregt, men også om at både naturvern og urfolksrettar i praksis gjer det vanskeleg.



