Det ser tilsynelatende greit nok ut, bortsett fra den ene ikke helt uvesentlige detaljen at ordet "minusvarianter" ikke forekommer en eneste gang i SNL sin artikkel om eugenikk.
Eg gjorde, som sagt, ein del søk i NB.
Det er rett nok brukt ein del i statistikk, og meir tydeleg innan avl og biologi («skyter man en kalv, for eksempel en minusvariant»), men det var ikkje eit nøkkelomgrep i nazismen. Delvis i raseteorien som låg bak td T-4. Nøkkelen er at ein byrjar å omtala menneske (totalt sett) som ein minusvariant, ikkje minusvariant i eit utval.
Derimot viser ei norsk-engelsk ordbok frå 1917 at ordet har ei lang historie i tydinga «undermåls», «dårleg/defekt» osb, og den tydinga er ganske tydeleg vist i skjønnlitteratur. På 1980-talet bestemte PFU visstnok at ein ikkje skulle bruka ordet. Og, til støtte for koplinga til nazismen, ein god del treff frå Folk og Land. Eit søk her inne viser også ei fleirtydigheit, delvis er koplinga til rasehygiene løfta fram, delvis vert det spøkefullt brukt for å karakterisera med-debattantar.
Gruppekoplinga han gjer til norsk-pakistanarar er heilt ute, og kanskje meir rasistisk enn rasehygienisk.
(Det er også ein del som bruker ordet feil, meir i tydinga invers, men det er få)
Denne (bak mur, men ingressen seier nok litt) er kanskje interessant
Begrepet «minusvarianter» ble slett ikke utryddet fra det norske vokabular etter krigen. Planene om å kartlegge mennesker med dårlige arveanlegg startet allerede i 1947, påvirket av psykiatriens teorier om rase og sosial påvirkning.
www.dagbladet.no