Joda, begynner gjerne sånn.
Så ser noen foretningsideen og gjør business på å sette opp slike.
Tveegga, det der.
Eg tenkjer at standarden for kva som er tilstrekkeleg bustad (og tilstrekkeleg dyr slik) har godt av å verta utfordra. Gjeve uendra inntekt trur eg mange kunne hatt glede av å bu mindre, og med færre ting. Alt folk tykkjer det er så jævla stas å bruka fritida si på ei hytte, seier litt. Det same gjer minimalisme av typen Marie Kondo, som mykje handlar om å kvitta seg med ting.
Det å kunne flytta litt rundt på seg, trur eg også kan vera fint for mange.
Snart ti år gamal sak frå BT (interessant)
Minihus frå USA og norske stølar har inspirert dei to naboane. Dei bur i kvart sitt hus på mindre enn 20 kvadratmeter.
www.nrk.no
Utover det har eg også lurt på om det er glorifisert «trailer park»-ifisering. Men samtidig tenkjer eg at det er ein veldig einsidig måte å sjå på velstand.
Prøvde å dra opp ein tråd om det for tre år sidan. Trur ikkje eg er klokare no.
OK. Dette kunne kanskje gått i samletråden "Vakker design", men eg prøver meg på ein eigen tråd. "Minihusa" er ein gjengangar, og særleg ser det ut som om redaksjonane i NRK liker dei. Nokre døme: https://www.nrk.no/vestland/xl/store-tankar-om-sma-hus-1.13204163...
www.hifisentralen.no
Det er veldig mykje interessant på fronten «permanente infill-minihus» i Tokyo, der ein kan kjøpa veldig små tomter, og sjølve huset (bygget) kulturelt i større grad vert betrakta som forbruk.