No er ikkje 53 år nokon alder i våre dagar, men ganske bra for ein jazzfestival! Berre Moldejazz (1961) og Kongsberg Jazzfestival (1964) er eldre . Ein skal uansett alder vera i god form for å henga med denne helga, frå tjuvstart torsdag til nachspiel i Pianobaren etter (siste) konserten med Bjørn Tomren sundagskvelden - og delvis i lag med dei. Heile vegen skal du halda styr på kamera/mobil, program, speleplan, lesebriller til mobilen, notatblokk og kulepenn, og pressekortet som rett nok heng rundt halsen, du må berre hugsa å henga det på når du går heimafrå. Pluss besøkjande, vener, avtaler og ølpauser. Eit mareritt i logistikk og ingenting for amatørar. Men no har eg no gjort dette nokon år og burde kunna det, men gløymde likevel pressekortet her ein kveld. Armbandet og det bedande andletet mitt, som ein hund ved bordenden, berga meg.
Voss Jazzklubb, som er endå eldre, skipa til fyrste VossaJazz i 1973, då eg og fleire av skiparane gjekk på Voss Gymnas. Og sidan har me hengt med. Eg og mange med meg vart sakte men sikkert jazzarar, det skal noko til å stå i mot slik indoktrinering av nesten religiøse proporsjonar. Voss rockar ikkje, Voss jazzar. I år hadde Frøydis Århus elddåpen sin som nyvald leiar av VossaJazz. Alltid blide og imøtekomande Frøydis har utdaning som kulturkjerrring - og det er ikkje det minste negativt meint (men ganske morosamt tykkjer me gamlekarane), og kom frå kafeen Tre Brør på Torget, berre to steinkast frå Vossajazzkontoret andsynes Park Hotell.
Fredag
Musikk? Ja beklagar den lange innleiinga. Opningskonserten - som ikkje må forvekslast med Tingingsverket på laurdag - var ved Daniel Herskedal, som eg diverre hoppa over, av di eg trudde eg hadde sett han før. Eg blanda saman med Håkon Kornstad, saksofon og opera, som har vore på Voss fleire vender. Det var forbaska, sidan fleire meinte dette var den kan hende beste konserten i år. Du bør sjekka opp begge desse to artistane på strøymetenestene. Eller endå betre: kjøpa platene, LP eller CD. Artistane tener praktisk tala ingenting på å liggja på strøymetenestene. Det fungerer vel berre som reklame, i tillegg til eventuell omtale i media....
Les heile reportasjen frå Vossa Jazz 2026 i Audiophile.no
Sist redigert:

