Stig Arne sitt ferdabrev Bergen-Helsinki-Tokyo-Helsinki-Bergen

MIJ-8.jpg


Eg skal til Japan og vitja Stig Inge, men er ikkje komen lenger enn Helsinki før eg kjenner trongen til å notera litt. Har alt opplevd mykje. Sov som ein gris på flyet frå Flesland og er strålande opplagt.

FINLAND
Flyet var ikkje mykje å skryta av, eit sånt lite leikefly med propellmotorar, men jaggu sparka da godt i frå på rullebanen. På denne korte flyturen med Finn Air på to og ein halv time var det naturleg nok ikkje rare serveringa, men me fekk servert ein finsk spesialitet, tydelegvis: Blåbærjus, “Nordic Heritage”. Langvegsfarande og andre som ikkje skjønte betre, valde vatn. Smakte fortreffeleg, sidan flyet letta før fuglane og eg ikkje hadde hatt stort mellom leppene sidan kvelden i førevegen. Frå flyet fekk me fugleperspektiv på Finland: Flatt og kaldt. Og med fleire innsjøar enn eg rakk å telja.

I gamle dagar var Jolanissen norsk og budde på Nordpolen, men her på flyplassen Helsinki Vantaa driv han eigen butikk året rundt. Eg trur han bur på bakrommet i den travlaste perioden. Slik har finnane med kløktig marknadsføring knabba Jolanissen frå oss. Frå Kaffet Helsinki er det moro å sitja og sjå på alt som går forbi og sørvisdamene, som eg sjølvsagt måtte plaga, ei frå Thailand og ei som var heimafrå kunne fortelja at finnane drakk øl og Vodka, kan henda mest øl. Ikkje heilt russiske altso. Kan hende drikk dei anna og når ingen ser på. Dei kunne fortelja at dei har lite og ingen kontakt med den russiske sida av grensa, slik verda ser ut no. Det er dessutan ikkje sprekt med engelsk-kunnskapane korkje i Finland eller Japan.

På vegen heim fekk me diplom med stadfesting på at me hadde floge over Nordpolen. Dette er noko Finn Air tydelegvis er byrge av og nyttar aktivt i marknadsføringa si. Turen tek då to timar lenger på distansen Helsinki-Tokyo, sidan ingen får lov av den russiske massemordaren å fyka over Russland.

JAPAN
Ein tidlegare- og svært ferdavand- kollega har fortalt at han meinte kinesarane var smarte, men japanarane berre rare. Dei har budd på ei øy litt for lengje...

Les heile Ferdabrevet i Audiophile.no

MIJ-9.jpg
 

Kommentarer

Singh

Hi-Fi freak
Ble medlem
10.08.2006
Innlegg
2.128
Antall liker
2.560
Torget vurderinger
2
Ser frem til neste skriverier fra Japan turen, håper det ikke blir lenge til.
 

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
2.081
Link til alle artikler
627
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Hifimessa i Horten 2026 – Del 2: Arve sine inntrykk

Hifimessa i Horten 2026 – Del 2: Arve sine inntrykk

  • 0
Trass i ombygging av hotellet kunne vi registrere at den svært så tradisjonsrike hifimessa i Horten trekte også i år svært mange besøkande. Vi kunne oppleve ein god del nye hifiprodukt, til etter...
Fortsett
Audiophile.no
Hifimessen i Horten 2026 – Del 1: Håkon sine inntrykk

Hifimessen i Horten 2026 – Del 1: Håkon sine inntrykk

  • 13
Familien blir mindre, Horten-messa har ryggen mot veggen. Kannibaliseringen fra nysatsningen nærmere hovedstaden har gjort sitt innhugg, men hyggen i Horten er fortsatt uslåelig! Kompakt messe...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: Sumiko Oriole - sangfuglen som holder deg våken til langt på natt

TEST: Sumiko Oriole - sangfuglen som holder deg våken til langt på natt

  • 13
Denne testen er ikke mitt første møte med Sumiko Pickuper. Men i motsetning til første stevnemøte, er dette en modell som befinner seg i motsatt ende av skalaen. Bli med på en reise sammen med Low...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: Radiant Acoustics Clarity 4.2 – dypbass i lommeformat

TEST: Radiant Acoustics Clarity 4.2 – dypbass i lommeformat

  • 0
Clarity 4.2 er de minste modellene fra den danske produsenten Radiant Acoustics. Vi har hatt den på test noen uker, med en skjellsettende opplevelse. RADIANT ACOUSTICS – ØVRIGE MODELLER...
Fortsett
STIG SINE PLATER: Jazz frå Nordens Paris. Save the Trees – Verøna og Ola Aksdal Rokkones

STIG SINE PLATER: Jazz frå Nordens Paris. Save the Trees – Verøna og Ola Aksdal Rokkones

  • 0
Tromsøværingen Ola Asdal Rokkones har gjeve ut plate i samarbeid med den franske gruppa Verøna (mai 2026). Ikkje visste eg at dei hadde ø i Frankrike, men i kunst og musikk går allting an. Om du...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: Vestlyd V15C - Farleg god

TEST: Vestlyd V15C - Farleg god

  • 14
I førre dagboka presenterte eg det “nye" anlegget mitt, med unntak av høgtalarane, som eg ikkje ville avsløra. Det var litt flautt å tilstå at eg, som profilerer meg som audiofil, har kjøpt...
Fortsett
Topp Bunn