Denne saka er jo litt annleis enn Gåsvær (eg fekk berre lese ingressen, men eg trur eg har sett essensen i andre media):Mon tro
Mye å følge med på når rettferdig skal oppfylles![]()
303 hytteeiere har klaget inn Elvia til RME
Elvia avviser norgespris for Lindøya-hytter, som nå har klaget inn avgjørelsen til Reguleringsmyndigheten for Energi (RME).energiwatch.no
Her er det nokon som har organisert hyttene sine på ein ukonvensjonell måte (velforeining); kanskje av historiske årsaker, kanskje for å oppnå eitt eller anna sekundært/økonomisk mål. Så vert dei sure når dei rundt neste sving ikkje får same godene som konvensjonelle hytteeigarar.
Då straumstøtta vart innført, var det eit nyhendeoppslag (finn det ikkje att) om ein type på Nesodden som var sur fordi han ikkje kom inn under ordninga. Huset hans (primærbustad) var nemleg regulert som fritidsbustad, og det ville kosta dyrt (og utløysa større avgifter) å få det omregulert.
På den måten liknar det kanskje litt på Gåsvær: Dei fråflytte husa var attraktive som fritidsbustader, fordi dei var bygde ein gong i tida for å vera bustader. Ingen ved sine fulle fem ville anlagt eit nytt hyttefelt der ute, men dei kunne «piggyback-a» infrastrukturen som vart etablert då folk budde der.
Uansett, når eg kjenner på det er hytte-eigarar ei gruppe som jamt over kjem ganske langt nede på lista over dei er kjenner meg solidarisk med.



