Vedum "forhandler" ikke, han forlanger at det Ap faktisk har lovt, skrytt av, holdes.
Det er jo forhandlingar, eller absolutte krav i forhandlingane, eller kall det kva du vil. Som Mar-a-lago Social Club formulerte det, det hadde vore lite att å forhandla om dersom R-SV-MDG-Sp fekk alt dei ville (fat chance ...)
Budsjettet er lagt fram for Stortinget, og eg tviler på at det er konstitusjonelt mogleg å trekkja det tilbake «før forhandlingane» fordi dei får politisk kjeft. Det er
ingen (edit) tvil om at det var brei semje i regjeringa om å leggja fram akkurat dette budsjettet; det var ikkje slik at Stoltenberg diverre raska med seg feil budsjett på veg ut døra.
Spørsmålet er kva føremålet (strategien) til Ap er her.
Eg trur at det er å gje resten av raud-grøn side litt, men ikkje særleg mykje. Det er avgjerande for Ap både å visa at dei er mamma-partiet på venstresida, på godt og vondt. Dei kan (=vil) ikkje stå i ein posisjon der småpartia får diktera store utgifter dei ikkje har planlagt for. For å halda fram, så trur eg at Støre har lyst til å visa at dersom dei R-MDG-SV-Sp ønskjer meir gjennomslag, så går vegen gjennom ein fleirtalskoalisjon som forpliktar. Ein koalisjon på Aps premissar.
Vanligvis er veien lang fra regjeringen legger fram sitt forslag til statsbudsjett, til det er vedtatt i Stortinget. Men i år kan veien bli lenger enn noen gang.
www.nationen.no
Jeg tenker at strateger i både Høyre og Frp nå ser på muligheten for å gi Vedum dette. Hadde iallefall jeg gjort. Så, i ytterste konsekvens, kan dette ende med regjeringens fall.
Eg trur han kjem til å få det frå Ap, men han må venta. Det gjer han sannsynlegvis klokt i, også.