Godt poeng.Det er veldig mye nostalgi rundt f.eks den kraftkrevende industrien i Norge.
Eg trur nok det er fordi han spelte litt den rolla olja spelte etterpå. Ikkje økonomisk, men visuelt: Store krefter, farleg, menn som går rundt i skitne kjeledressar og gjer operasjonar som krev fysisk styrke.
Dessutan, det var eit nasjonalt aspekt ved den kraftkrevjande industrien (som olje), ein draum om at han skulle gjera det nasjonale vi uavhengig av import (fysj). Filmavisen-reportasjen frå bygginga av jarnverket i Mo i Rana (som sjeldan var direkte lønsamt) er instruktiv i så måte.
Fløgstad, særleg 1970-talsutgåva, er like instruktiv: Kraftindustrien var det moderne Noreg, og tok (utvalde) fjordbygder direkte frå primærhushald til moderniteten.
Zap til typisk elektronikk-produsent anno 1980, der industriarbeidaren ofte har eit anna kjønn, det er reint og ryddig og arbeidet krev at du er presis, rask og nøyaktig.
Sist redigert: