Mer enn halvparten av kommunestyrerepresentantene til Senterpartiet (Sp) mener Trygve Slagsvold Vedum bør trekke seg. Det viser en spørreundersøkelse NorgesBarometeret har gjort for VG. Partiet gjorde et dårlig stortingsvalg og endte opp med kun ni stortingsrepresentanter. Det er det laveste...
www.nrk.no
Ikkje så overraskande.
Vedum var perfekt som partileiar då han kunne leia eit distriktspopulistisk opprør for «den norske levemåten»: Køyra rundt i diesel-pickup, eta pysle og verta hylla av bunadskledde valkyrjer framfor kvart distriktssjukehus. Han hadde ein slags underleg karisma, og alle veit at damer på bygda kan vera fryktleg sinte og bestemte. Årsskiftet 2020-21 bikka Sp 20 prosent. Det kan ingen ta fra han.
Som stortingspolitikar og som statsråd har han aldri imponert meg. I debattar og intervju insisterer han på
ei røyndomsforståing, og
ei løysing. Han gjev aldri inntrykk av å høyra på motargument eller sjå fleire sider av ei sak. Vi kan alltids diskutera om rikspolitikarar kan dette, men han gjev ikkje ein gong inntrykk av å vilja.
Det Sp treng no, er ein taktisk rev.
Eg trur ikkje det er eit rop i Sp (eg
veit ikkje, dei fleste eg har kjent litt oppe i partiet er fråfalne) om ei klar høgrevriding. Den gjengen, ein slags storbonde-romantikarar, har vel alltid vore der (folk som Ola Borten Moe på toppen, og skruar som Chase Jordal på grunnplanet), men eg trur hovuddelen av Sp-grunnfjellet framleis er ein slags distriktspopulistar og pragmatikarar.
Han appellerer til unge menn med erkekonservative budskap, og på sikt vil han inn på Stortinget. Har Senterpartiet fått sin utgave av høyresidens gullgutter Simen Velle og Ola Svenneby?
www.nationen.no
(Sp fekk 6 378 røyster i Telemark i førre måndag, ca. tre hundre fleire enn Raudt. Det vart ingen mandat).