Å sammenligne goder kan se tullete ut, men bil er ingen «goder» her oppe. Husk vi har ikke effektiv kollektivtrafikk. Ikke litt en gang. Feks. fly fra Mo til Bodø til Oslo t/r koster for en familie på fire koster rundt 20.000,- (Widerøe/SAS). nødvendighet? Kanskje ikke, men pengene for å besøke slekt går nå ut hvis man tar seg råd. Sydentur eller besøke slekt utenlands er bare å glemme.. Fra Mo er det 120 mil til Kirkenes og 100 mil til Oslo. Det er nå bare så vidt det går tog sørover.
Eg er ikkje blind for at forbruksmønsteret ser litt annleis ut lengre nord. Eg er også heilt for at offentleg infrastruktur (som post, straum osb) og tenester bør kosta det same over alt i landet. Berre i det ligg det ein ganske stor grad av "subsidisering" av område med lite folk/km^2, ei "subsidiering" eg trur har vorte svakare dei siste tiåra. Så eg er ikkje mot at vi, som stat, bør innsjå at det kostar at vi skal bu over heile landet, og at det er noko vi bør ta i fellesskap.
Men det er ikkje openbert for meg at alt det som er sant for små plassar er like sant for større, sjølv om ein bur i same landsdel, eller at vi kan leggja anekdotisk behov for bil til grunn.
Ser vi stort og statistisk på det, er Innlandet og Viken dei fylka der folk køyrer mest bil, både dei som køyrer mest og dei som køyrer minst, og nordlandsfylka plasserer seg ganske langt nede på lista.
I 2021 ble det kjørt 30,4 milliarder kilometer med personbiler registrert på privatperson. 74 prosent av kjørelengden ble tilbakelagt av husholdninger med samlet inntekt over medianen.
www.ssb.no
Då vi budde i Oslo, hadde vi stort sett ikkje bil, og køyrde veldig lite. Det gjekk heilt fint, men samtidig brukte vi mykje meir av tida vår på transport. Å dra på jobb, inkl. levering i barnehagen, tok fort ein god time frå dør til dør. No, på bygda og med to bilar, tek det ca. eit kvarter. Men vi bur i bygdesentrum, og kunne greidd oss utan bil (teoretisk). Det er plenty plassar i området det hadde vore performance-kunst å bu utan bil.
Men, uansett, det viktigaste poenget mitt var at det høyrest ut som ei dårleg løysing å skulle begrensa utbygging av infrastruktur, særleg kablar som bind landet samen, for å halda prisen i NO4 nede. Då er det betre med løysingar som Norgespris.
Vi får sjå, her er det ein som spår at kabelen over Sognefjorden vil auka prisen med 45 øre/kWt i NO3.
En av de største flaskehalsene i Norge forsvinner i høst. Det vil gi Midt-Norge rundt 45 øre dyrere strøm.
www.nettavisen.no