Om server kun skal serve musikkfiler kan nok din gamle RPi3 med en eller flere USB disk(er), RPI-OS og Samba om noe tregt levere nødvendig hastighet for avspilling?
minimserver.com
Det er godt mogleg. MinimServer har også binærfiler for ARM64, så det burde (i prinsippet) gå, og vera fint lydlaust. Litt meir rukkel enn eg helst ville hatt. Pi3B+ har berre 1GB minne, men det er sannsynlegvis nok. Det som bekymrer meg, er først og fremst at det kan gå litt tregt mot databasen (låg på SATA SSD i det gamle oppsettet). Sjølvsagt kjem det til å ta ufatteleg lang tid å oppdatera biblioteket, men det kan eg for så vidt leva med.
Det krev nok ein streamer av eitt eller anna slag (som WiiM): Å køyra både MinimServer/Samba og streaming-klientar på RPi3, trur eg vert i meste laget.
Ellers var jeg litt som deg vedrørende dette med tag vs sentral database. Da med preferanser til hvordan Apple fucket opp en hver godt arkivert musikksamling med sin iTunes. Heldigvis tuller verken LMS eller Roon med filene slik iTunes gjorde.
Det er mogleg at eg tenkjer litt for forstokka om dette, men for meg eit det "riktige" at musikk-server genererer datastrukturane frå tags, og ikkje har eigne data:
slik at eg står fri til å byta server dersom det er teneleg (men du ser jo kor lett eg har for
det). Eg har heller ikkje full tillit til tags frå MusicBrainz; ikkje at dei er feil, men dei har for mange element i same tag.
Td. vil eg gjerne ha ut verk, opus/katalognummer, sats, statstittel, komponist, dirigent, orkester, plateselskap og innspelingsår. Ikkje at det er feil å visuelt slå dette saman, men om eg vil at database/avspelar skal handla (samla eller sortera) på grunnlag av det, må det jo vera ein eigen tag. Eller, iallfall må taggane vera koda slik at databasen kan parsa ut informasjonen som ein pseudotag.
Eit døme på dette med å handla er «ArtistSort»-taggen som mange antikvariske desktop-spelarar bruker.
Sorry om det vart litt vanskeleg forklart: eg har nemleg gjort det veldig vanskeleg for meg sjølv, og tenkt tankar det er vanskeleg å avtenkja.
Eg linka til Wax over. Han som laga det, har definitivt tenkt rett, men det verkar litt lite solid å satsa på.
A blog for audiophiles about more objective topics. Measurements of audio gear. Reasonable, realistic, no snakeoil assessment of sound, and equipment.
archimago.blogspot.com
(PS: om du trur LMS kan vera til hjelp i evigheitsprosjektet mitt, sei gjerne det!)