Audiophile-stova

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.697
    Antall liker
    7.939
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.697
    Antall liker
    7.939
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Arve fra sidelinjen om du vet hva var forskjellen på SP 10 og SP11?
    Dette kan eg seie mykje om. 11 var nyare og dyrare, men har transistorar i straumforsuninga der SP10 har rør. SP11 er endå stillare og noko meir markant på frekvensfløyane, har like godt (kanskje betre, lenge sidan eg har høyrt 11 no) lydbilde. Men dårlegare dynamikk. Og ingenting har slik mellomtone som SP 10.
    Det er vanskeleg å bestemme seg for 10 eller 11, og eg ville nok slite med det om eg ikkje alt har over 30 års samliv med SP 10.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.697
    Antall liker
    7.939
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Eg likar godt barokkmusikk, så du fekk meg til å bestilla "Tanzmusik des Hochbarock". Eg kjøpte ein periode mykje gamle LP-ar og la merke til at plater frå Philips ofte var av god kvalitet. Er det andre som har merka seg dette, eller har eg berre vore heldig? På 70-talet kjøpe eg fleire direktegraverte LP-ar, og tykte den gongen at dei let bra. Men når eg no spelar dei tykkjer eg at dei ofte let kunstig og kjedeleg.
    Håpar du likar plata, ho er ganske spesiell, og liknar ikkje på "vanleg" barokkmusikk. Philips tykkjer eg varierer ganske mykje. Dei har ikkje alltid den klangkarakteren eg meiner å oppleve i konsertsalen, men kan vere kalde og analytiske. Men det er sjølvsagt mange unntak.
    Direktegraverte kan vere så mangt. Eg har vorte skuffa innimellom, men har også nokre eg ikkje kjem til å kvitte meg med, til dømes Sheffield-platene med Prokofiev og Wagner. Dei har kanskje ikkje mykje akustikk, men teiknar einskildinstrumenta svært flott.
    Problemet med superinnspelinga (ofte direktegraverte) er rett nok at desse produsentane ikkje har råd til dei gode utøvarane. Verste dømet er Apposionata innspelt på japansk JVC. Du høyrer ekstremt godt at dette er eit Bøsendorfer-flygel, men jenta er irriterande mangelfull. På den andre sida; eg spelar ikkje piano sjølv, og burde vel teie meg still...
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.697
    Antall liker
    7.939
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Archiv Produktion har utgitt mange gode plater, og er et underbruk av DG. En annen utgiver som utmerket seg med kanskje enda litt bedre lydkvalitet var/er Das alte Werk (underbruk av Telefunken). Så vidt jeg husker, brukte de tidsriktige instrumenter.
    Fint med tips. Har veldig få Telefunken-plater, så det må vel rotast litt på bruktmarknaden igjen.
     

    Bolinder

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    17.08.2008
    Innlegg
    608
    Antall liker
    261
    Torget vurderinger
    1
    På den andre sida; eg spelar ikkje piano sjølv, og burde vel teie meg still...
    Eg spelar ikkje noko som helst instrument og er er så godt som tonedøv (kunne kanskje spela in "Pause av Grieg", op. 666 3/4, men DG var ikkje interessert). Så det er eit stort mysterium, for meg sjølv, kvifor eg likar å høyra på klassisk musikk. Men det gjer eg. Men eg trur eg høyrer meir på lyden enn på musikken. Om det gjev meining? Dessutan er eg allergisk mot elektriske instrument (alle former for elgitarar inkludert) og mot studioopptak. Med fare for å hamna i nettgapestokken 1) vil eg påstå at ein av dei verste plassane å ta opp musikk er i eit musikkstudio. Musikk bør takast opp under naturlege tilhøve: symfoniorkester i ein god konserthall, hardingfele i ei tømmerstove, osb. Eg har sjølvsagt ikkje noko i mot at andre finn hugnad i studioopptak, så lenge eg slepp å høyra på. Men no er det ikkje sikkert eg tør å vitja dette forumet på ei stund. Eg skal i all fall utstyra med med hjelm og vernesko neste gong eg stikk innom.

    Fotnote
    1) Gapestokken vart rett nok avskaffa her i Noregsveldet i 1848 [1], men eg er ikkje så viss på at dette gjeld nettgapestokken.

    Referanse
    [1] Gapestokk, WP på norsk.
    bolinder.jpg
     

    FZ

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    24.04.2002
    Innlegg
    3.798
    Antall liker
    352
    Torget vurderinger
    3
    Arve fra sidelinjen om du vet hva var forskjellen på SP 10 og SP11?
    Dette kan eg seie mykje om. 11 var nyare og dyrare, men har transistorar i straumforsuninga der SP10 har rør. SP11 er endå stillare og noko meir markant på frekvensfløyane, har like godt (kanskje betre, lenge sidan eg har høyrt 11 no) lydbilde. Men dårlegare dynamikk. Og ingenting har slik mellomtone som SP 10.
    Det er vanskeleg å bestemme seg for 10 eller 11, og eg ville nok slite med det om eg ikkje alt har over 30 års samliv med SP 10.
    Har du re-cappet din SP-10, Arve? Jeg kjøpte alle delene ARC anbefalte å bytte i min SP-11 og fikk dem levert fra ARC via Mono. Betydelig strammere lyd og enda mer presist lydbilde.
    Kjører Benz LP rett inn i phonotrinnet og kunne godt brukt en PU med enda lavere output.
    Bruker Telefunken E88CC, levert fra Motron. Forholdsvis dyre, men veldig bra.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.697
    Antall liker
    7.939
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Då har eg starta ei fase med koronakos.
    Så langt skil det seg ikkje særleg frå ein vanleg søndagsmorgon. Det spelast naturlegvis musikk, og i dag er det mitt favorittmedium vinyl som får styre. Har ei relativt ny plate med Lindsey Buckingham og Christine McVie. Ei plate eg absolutt kan tilrå å lytte til dersom du er Fleetwood Mac-fan. Dette kunne definitivt vore frå heile bandet, men no har det vore bråk, og Lindsey er sparka frå bandet. Men denne plata er vel verd å ta med seg, uansett kva desse raringane måtte finne på seg imellom. Lydkvaliteten ligg ikkje noko tilbake for "Rumours" eller "Fleetwood Mac", dei to beste albuma etter mi meining.
    Nei, Koronaen har ikkje hatt negative følgjer så langt for meg & mine. Yngstejenta har vore heime i samband med sjukemelding, og no dryger no med å reise attende til Bergen. Her i heimkommunen er det ikkje påvist smitte så langt, og det er ein god del meir å ta seg til her enn på hybelen i byn. Syskena hennar jobbar stort sett frå heimekontor, og det same satsar eg på, etter kvart.
    Vi har fått beskjed om å møte på jobb til vanleg tid måndag. Men ettersom vi som underviser frå 5.klasse og opp kan klare undervisninga via digitale plattformer, er det berre eit spørsmål om å få Citrix heime, og flytte litt bøker, så vil vi kunne halde ut til langt over påske, om dette skulle bli nødvendig. Butikkane fungerer slik vi er vande med, med marginale tendensar til hamstring. Styggever er varsla, men ikkje noko alvorleg. Eg planlegg å fiske litt - skreien er komen sør om Stadt no - men det kan vente. Coronasmitte er vel usannsynleg til havs, tenkjer eg.
    Men no er det fyrst og framst musikk som skal spelast. Og eg hadde rekna med å spele på ny elektronikk snart, men den gong ei. Eg trudde det skulle gå greitt å selje min ASR Emitter 2 Exclusive, men det har berre vore sånn passeleg med interesserte. Kan hende det er logistikken ved å flytte 130 kg forsterkar/straumforsyning som skremmer folk? Eller er bruktmarknaden så inntørka? Bra eg ikkje MÅ selje...det er faktisk ikkje noko å klage over med lyden.

    No vert det kanskje nedbremsing av restaureringsarbeidet av kårstova mi også, så då kan eg få tid til å teste ut eitkvart spennande. Så om nokon har innspel, kunne det vore artig. Hadde planar om å reise til Portugal i "senilveka" etter 17.mai, men det vert kanskje stopp der og. Så då vert det endå meir heimeputling - Koronaen er vel ikkje over før sommarferien er det same, er eg redd...

    Kanskje vi skulle ta ein dugnad på musikkomtaler? Eg har ei fin bunke som kanskje kan vurderast:

    - Buckingham og McVie er alt nemnt

    - Tanzmusik des Hochbarok har eg alt rosa, slik at folk har kjøpt henne. Eg burde kanskje omtale denne skikkeleg?

    - Billie Eilsish sitt debutalbum burde absolutt vore omtala ut frå ein audiofil synsvinkel. Dette er ein svært merkeleg prosuksjon - som faktisk fungerer, endå han vart gjort på billegaste måte i utgangspunktet.

    - "Vinyl classics" seljast mellom anna frå platebutikken i Åsane, Bergen. Her kjøpte eg Thomas Beecham dirigere Grieg, og Dvorak Ny verd med BPO, og Ferenc Fricsay som dirigent. Flott lyd, og flotte tolkningar. Men no har eg seks versjonar av symfoni 9, og minst tre av Peer. Burde gje vekk litt til ungane, og kvitta meg med det eg strengt tatt ikkje treng, men det er ikkje enkelt....
    Skulle krangla litt med Rudi om kven som gjer Peer Gynt best av Beecham og Fjellstad....vi får sjå.

    - Prøvde også nokre gamle svisker. Beethoven/Pastoralsymfonien dirigert av Bruno Walter på CBS. Har ikkje spelt vinylutgåva på lenge, ettersom eg også har verket på SACD. Men vinylen er nok betre, ja.

    - Øystein Sunde er ein morosam kar, men (dei tidlege) platene hans har faktisk kjempegod lyd. Må berømme "Klå", der han briljerer som instrumentalist, og står over det munnrappe. Ei plate som er "kjekk å ha".

    - Eg har aldri prioritert debutalbumet til Uriah Heep: "Very 'eavy, very 'umble", men no stod ho på tilbod i nypressing, så... men lyden var det så ymse å seie om.

    - Og så har eg lyst å skrive om dei siste platene til Leonard Cohen. Fantastiske prestasjonar, når ein ser korleis han var prega av alderen.

    Vi får sjå kva vi får tid til. Det er krise, og då kjem også nye moglegheiter....
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.697
    Antall liker
    7.939
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Det har ikkje vore tid til Korona-kos, for jobben har vore travel. Rakk ikkje eingong å slå på anlegget i går. Men det kjem truleg til å endre seg om nokre dagar. Har litt attlet for kårstova eg har 17 km unna. Skulle gjort litt der, men må då køyre over fylkesgrensa. Stova ligg for seg sjølv, og ingen har jobba der dei siste tre vekene. Det kan sikkert vere sunt å ha noko å gjere på etter kvart... får spørje litt.
    Har også høve til å gå i fjellet. Treng ikkje bil, og er i urøyrt natur etter 20 minutts spasertur. Og så har vi passeleg lang kystlinje det kan fiskast frå, utan å måtte gå i båt. Det kan vere morosamt å bruke dei slukane som elles aldri vert brukt.
    Men inntil vidare får vi halde skulen i gong. I dag samlast elevane og lærarane i klassen min til vanleg tid, og nemner oppgåvene som skal gjerast. Kjem til å bruke skulen si digitale læringsplattform Itslearning, som braut saman måndag, men som fungerte bra i går. Så får vi bruke Messenger så langt det kan fungere.
     

    Proffen

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    12.01.2005
    Innlegg
    9.569
    Antall liker
    2.770
    Sted
    Bæææærgen
    Torget vurderinger
    5
    Vert spanande å sjå kva du kjem til å ende opp med på forsterkarsida, om og når ein ASR-kjøpar melder seg.

    De har ikkje vurdert å nytte Google Classroom i undervisninga av elevane? Me har prøvd det ut for fyrste gong, og attendemeldingane frå foreldra har vore supre.

    mvh
    Proffen
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.697
    Antall liker
    7.939
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Ja, det spelast vel musikk over det ganske land no? Eller kanskje folk held seg under dyna....? Sjølv er eg iallfall i gong. Må ta litt helgevask snart, men har som ambisjon å spele gjennom platetipsa på "audiofil dugnad 1", mange ting eg ikkje kjenner til der.
    Har ikkje kome lenger enn til "801 Live", som er eit spennande album, med flott lyd og stil som ligg utanfor det eg hadde venta med gamle Roxy Music-medlemer. Elles må ein vel komme seg utandørs også. Strålande ver. Tykkjer synd i dei som sit i byen med dataproblem, heimekontor og småbarnspass. Men det vil vel helst gå bra, får vi tru. Iallfall for dei som har ei stor vinyl- eller CD-samling i hylla... Og massevis av Disneyfilmar på eitt eller anna medium familiens yngste kan boltre seg med.
    Det hadde elles vore ei grei tid å teste hifi på no. Men har vel eigentleg for mykje å gjere på jobben akkurat desse vekene...
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.697
    Antall liker
    7.939
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Vert spanande å sjå kva du kjem til å ende opp med på forsterkarsida, om og når ein ASR-kjøpar melder seg.

    De har ikkje vurdert å nytte Google Classroom i undervisninga av elevane? Me har prøvd det ut for fyrste gong, og attendemeldingane frå foreldra har vore supre.

    mvh
    Proffen
    Det er ein som har meldt si interesse, men han bur 700 km unna, og logistikken i desse tider er ikkje berre, berre...

    Forsterkeriet kjem etter kvart til å basere seg på gamle (gode) ARC SP 10. Han har sine manglar, og må nok recappast før eller seinare, men er for god til å ignorerast slik han blir no - berre brukt som referanse når ting skal samanliknast. Matchinga saman med Vera var også så utmerka at eg ikkje ser spesielt mange alternativ med så mykje effekt til den prisen. Men sjølvsagt skulle eg testa ut fleire alternativ før eg slo meg til ro. Eg har til dømes ikkje gløymt lydkvaliteten eg fekk då MBLane vart drivne av Neoclassic 500 frå Manley....rør er interessant, sjølv om det kostar litt. Rørskift og biasjustering er berre eit spørsmål om sportsånd.

    Har ein kollega som jobbar med Classroom, og det funkar bra. Litt styr å registrere seg einaste....
    Dei plattformene vi brukar, avgrensar seg til 8 brukarar på video, og her skal Classroom vere betre. Elles betalar kommunen for It's learning, men systemet bryt saman når det er rushtid. Eg brukar no messenger, men det er eit par elevar som ikkje heng med her, slik at eg må bruke vanleg telefon i tillegg. Mykje styr med indivudell oppfylgjing når ein ikkje har augekontakt... Men elevane er gjennomgåande flinke og ansvarstakande. Skulle tatt ein telefon til Per Rødøy og norsk nettskule, om dei framleis er operative. No har vi bruk for dei...
     

    Medlem-

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    02.09.2012
    Innlegg
    922
    Antall liker
    804
    Sted
    Bergen
    Hei å god morgen.Ser du arbeider med elevfjernstyring problematikken:)Ja det skal noke til att dette skal gå knirkefritt med denne store trafikken som er no.Styrer litt med det samme her.De unge må lære seg å vere kreative å inspirere hverandre no å det gjør mange.
    "Ingenting er so gale att det ikkje er godt for nåke" heiter det:rolleyes:
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.697
    Antall liker
    7.939
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Ja, vi spekulerer ein del, vi lærarane. Eg er kjempeheldig, med ei klasse som eg kjenner godt, og har alle undervisningstimane mine i. Då vert det lite samordningsbehov, og eg har greidd å "hanke inn" dei fleste. Skal eigentleg ha utviklingssamtale med foreldre og elev neste veke, og må tenke litt gjennom korleis dette skal gå føre seg. Heldigvis har eg mykje av arbeidet på pc, og så kjenner eg elevane svært godt.

    Elles har eg fått tid til å ta eit par fjellturar. Kan ikkje seie det er mykje smittefare i mitt turområde. Så har eg sådd ein god del frø, og hadde det ikkje vore for at vi fekk snøen i dag, hadde det vore hagearbeid. Eg lurer på å fjerne ein pollenallergiframkallande bjørkehekk og erstatte han med slåpetorn. Men må spørje Deffe om råd. Og så hadde eg tenkt å lage til fleire dyrkingsbed i hagen før snøveret starta. I staden har det vore husrydding. Reknar med å få besøk i påska, og tenkjer strategiar i denne samanheng.

    Hifi-vurdering har eg ikkje gjort noko av, men det spelast musikk. Vart inspirert av Popquiz, og har spelt Junipher Greene. Fin progrockgruppe frå min grønaste ungdom. Fekk aldri høyrt denne gruppa, men har eit par vinylplater. Det vart likevel strøyming, i von om at det kjem norske musikarar til gode på ein eller annan måte. Økonomi er viktig for tida, og vi som er i arbeid bør finne fornuftige måtar å kvitte oss med pengane på...
     
    Sist redigert:

    grammofon

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    06.02.2011
    Innlegg
    5.646
    Antall liker
    2.853
    Sted
    Bærum
    Har du telefonnummeret til Deffe? Her må noe drastisk gjøres for å forebygge det du vet. Slett ikke virus, men denne fryktelige piggtornebusken som kalles "slåpetorn". Det vokser som ugress, er nesten umulig å bli kvitt, og piggene borer seg gjennom alt som er av hansker og annet beskyttelsesutstyr. Er du riktig heldig, borer piggene seg så langt inn i hånden at tuppene brekker og medfører betennelse og stor lidelse.
    Så langt jeg kan se, har slåpetorn kun en oppside, og det er at man kan lage likør av bærene.

    PS. Hvis du besøker meg ute på Hurumkysten, kan du få så mye slåpetorn du bare vil - helt gratis. ;)
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.697
    Antall liker
    7.939
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Seier du det? Eg har slåpetornlikør som eg laga då kona og eg tok lærarutdanning. Av bæra frå dei to store (no fjerna) slåpetornbuskene i hagen på lærarhøgskulen i Volda. Framleis veldig god likør....
    Det er her eg har funne motivasjonen for å lage slåpetornhekk.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.697
    Antall liker
    7.939
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Då er det endeleg påskeferie. Jobben har tatt mykje tid, og eg måtte berre resignere og kaste meg inn i dataens tidsalder. Ikkje det at eg ikkje har vore der tidlegare, men eg streta litt - det er ikkje alle arbeidsoppgåver i alle fag som vert lettare ved digital gjennomføring. I tillegg til rein datakommunikasjon har eg hatt ca 40 daglege telefonsamtaler eller SMS-ar desse 15 dagane, og det tok tid.

    Det vart litt strevsamt. Hadde vi i utgangspunktet visst skilnaden på handlingsrommet til It'slearing og Google Classroom, og gjeve elevane skikkeleg opplæring i bruke av desse medan vi kunne hjelpe dei på skulen, ville vi vore betre rusta.
    Fyrste veka var fullstendig prega av prøving og feiling, og eit nett som braut saman i det alle skulle prøve å springe gjennom dørene på same tid. Men sakte vart det betre, og etter påskeferien har vi fått systematisert bruken slik at vi kan ha det gåande i det uendelege. Flott innsats frå dataavdelinga vår!
    Vi har også greidd å distribuere datamaskiner til alle elevane, også dei som elles måtte konkurrere med foreldra i datatid. Mange har heimekontor og har ikkje datamaskin til overs for alle ungane. Men her på skulen er vi godt stilte. Største utfordringa er dei to lågaste klassetrinna.
    Det har vore vanskeleg å få til skikkeleg musikkundervisning, og teaterstykket vi jobba med med tanke på framføring på 17.mai må vel verte eit høyrespel, er eg redd.
    Men det kunne vore verre. Eg er redd for at økonomiforkjemparane vinn fram, at skular og spesielt barnehagar går attende til "delvis ope", og dermed gjev foreldre og besteforeldre inn smitte ved heimkomst. Håpar regjeringa held igjen ei stund til. Vi må iallfall få til gode smitterutinar på skulane, unngå deling av tastatur, bøker, dørhandtak, åleinesitting, og streng regulering av friminutta. Skulebiblioteket, heimkunnskap, kunst og handverk må vel også stengast av, tenkjer eg...
    Vi får sjå.

    Så det musikalske har vore relativt spartansk. To lærarar og ein barnehagelærar har hatt heimekontor (heldigvis ingen småbarn som må sysselsetjast her i huset), og begge hifi-romma har vorte okkuperte til profesjonelt arbeid. Men no er påskeferien i gong, og vi planlegg eit visst innrykk. Vi har godt med plass, båten ligg klar, og eg vil tru vi skal klare oss godt.

    I dag var eg tidleg oppe, laga rundstrykke (har tydelegvis ikkje gløymt kunsten, men gruar meg til å gå over på tørrgjærsbakst. Tykkjer vanleg gjer er betre) og fekk spelt gjennom litt Tcaikovsky, Cohen og Genesis før eg no skal vekke huslyden til frukost og Popquiz. Skulle eigentleg jobbe i hagen også, men det kom snø i natt. Får ikkje køyre hengar heller, når det er glatt på vegane..
     

    tkr

    Æresmedlem
    Ble medlem
    27.03.2007
    Innlegg
    20.575
    Antall liker
    27.679
    Sted
    Nede i fjæresteinene
    Torget vurderinger
    2
    Takker. Har vært fan av leonard Cohen siden 1973. Hørte ham live første gang i -75 eller -76.

    mvh
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.697
    Antall liker
    7.939
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Det har vore lite Audiophile-skriving under Korona-krisa. Oppdaga med skrekk og gru at det ikkje hadde vore spelt vinyl på over ein månad. Slikt er skammeleg, så eg sette på ei halvfartsgravert MoFi-utgåve av "Fleetwood Mac". Ting roa seg ned. Men dette skulle eg sjølvsagt gjort tidlegare. Referanselyden.
    Du store verda, så godt anlegg eg har!
     

    Karl_Erik

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    31.10.2002
    Innlegg
    2.191
    Antall liker
    1.065
    Torget vurderinger
    1
    Det har vore lite Audiophile-skriving under Korona-krisa.
    Bare så ingen misforstår - det har vært publisert totalt ca. 60 nye artikler på Audiophile.no siden Koronakrisa startet i midten av mars, og over 140 etter nyttår, inklusiv de engelske artiklene :cool: Jeg inviterer alle HiFi- og musikkinteresserte å avlegge en visitt.:rolleyes:
     

    Karl_Erik

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    31.10.2002
    Innlegg
    2.191
    Antall liker
    1.065
    Torget vurderinger
    1
    Navler skal også studeres...8)
     
    M

    MarkusH

    Gjest
    Spennende tråd dette, vinyl blir aldri feil, ikke Fleetwood Mac heller, så det er bare gleden. :)
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.697
    Antall liker
    7.939
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Gratulerer med dagen!
    Det vart ein spesiell 17.mai, dette her. Litt stusseleg, men eg og elevane mine slapp programmet elevane vi skulle stå for, og barnetogmarsjeringa i dårleg ver vart det heller ikkje noko av. Men snøen forsvann, og vi inviterte venner på sjampanjefrukost. Temperaturen var ikkje noko å snakke meir om....
     

    Bolinder

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    17.08.2008
    Innlegg
    608
    Antall liker
    261
    Torget vurderinger
    1
    Ikke mange kvinnelige bakere i yrkeslivet... noen flere som konditorer..
    Nei, bakstekoner er det ikkje mange av i dag, husmorskulane har gått over i soga, og Samvirkelaget har ikkje nye 78-plater i hyllene. Vi får trøysta oss med at vi har digitale musikkformat og transistorforsterkarar.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.697
    Antall liker
    7.939
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Då har eg bestemt meg. Eg skal selje ASRen. Litt vemodig, og kanskje også galskap å kvitte seg med det mest nøytrale og skikkelege forsterkarprodukt eg har eigd. Har også bestemt meg for kva som skal inn i staden - det vert norskprodusert. Men forforsterkaren vert nok min snart 35 år gamle ARC SP 10, Det skal bli interessant.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.697
    Antall liker
    7.939
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Då har ASRen min forlete meg, men har truleg fått ein ny, god heim på austlandet.
    Det var litt rart å vakne opp i dag tidleg, utan lydleg tilbod utover 5.1-anlegget i lytterom #2, Det var ikkje det same - så no pakkar eg ut SP 10en. Må ha ein effektforsterkar også....trur eg har ein ventesak ståande.. Ein CTA 520 frå Danmark. Sirklar meg sakte heimover, frå Tysk ASR til dansk Copland. Kvar skal dette ende? (Det vert norsk, ja, kjenner eg meg temmeleg sikker på.
     

    Lancaster

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    25.08.2013
    Innlegg
    869
    Antall liker
    2.159
    Torget vurderinger
    1
    Å vera eller ikkje vera, det er vel spørsmålet?
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.697
    Antall liker
    7.939
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Så typisk!
    Etter å ha spelt særs overtydande saman med Vera, skulle no SP10 riggast opp att. Og så var det ikkje livsteikn då eg endeleg hadde fått alt klart. Må sjekke sikringane først....håpar ikkje det er noko alvorleg.....
    Så då er her ikkje lyd. Viss eg ikkje skal bruke den passive volumkontroll- og inngangsvelgjarboksen Creek OBH 15. Elles fann eg også igjen min eldste forforsterkar, ein Jean Hiraga "Le Tube". med utgangsimpedanse på 40 kOhm Veit ikkje om eg vågar bruke denne saman med Coplanden...
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.697
    Antall liker
    7.939
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Og då spelar anlegget igjen. Ei travel veke, med sal av Emitter 2, botnsmørjing og vårpuss av båt, elevstell og hagearbeid nærmar seg slutten. Og anlegget fungerer.
    SP 10 er ein forrykande god forforsterkar. Såg ein til sals her på sentralen for litt sidan 25 tusen kosta han. Og no fann eg ein amerikanar på Ebay som ville ha ca 50 kkr for eit pent eksemplar.
    For eit år sidan ville eg selje min. Men eg greidde det ikkje. Heldigvis, seier eg no. Eg trur det er noko av det mest seriøse som finnest, om enn ikkje like nøytral som Emitter 2 ex. Coplanden skal eg derimot avhende. Ein flott sak i 20 kkr-segmentet i si tid (tolv- fjorten år sidan?), kraftig nok til den oppgåva eg hadde sett han til i utgangspunktet (drive nokre elektrostatpanel), men han vert nok for lett i rompa til å fikse MBL 101E2. Som eg definitivt ikkje skal kvitte meg med.
    Så treng eg eigentleg den fantastiske EAT - e - Pro? Det spørs. Får eg tak i ein Audionote IO er det få riaatrinn (definitivt ikkje SP10) som kan fikse den abnormt svake outputten derifrå, og då må eg berre ha denne. Men på den andre sida -- får eg avhenda EAT-e-pro for ein akseptabel pris, kan eg gå for ein pickup som leverer dei obligatoriske meir enn 0,4 mV (helst 0,6) som SP 10 taklar så godt. Kva er dei mest interessante pickupane med slik output, tru? Det var ein VdHul eg brukte sist eg var euforisk over SP 10. Må vel drøfte det med Rudi.
    Fram til eg får tenkt gjennom dette skikkeleg, spelar eg slett ikkje så verst. AT33 er gode pickupar. Og SA-utgåva har det svært så hyggjeleg i ein tolvtommars Kuzma. Eg var eigentleg litt lei av Dire Straits. Men ikkje så veldig, eigentleg.
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn