Audiophile-stova

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.691
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Eg har hatt same lytterom sidan 1983, men tatt sjansen på ombygging, utan å vite kva lydlege konsekvensar det har hatt. Rommet mitt er forma som ein speglvendt L, der "lyttedelen er 4,6 m brei, og 7,5 meter lang. Mykje av veggane består av glas, og etter kvart vart det endå meir; vi bygde på huset ein glasveranda med tilkomst gjennom ei 2,1 X2 meter skuvedør av glas, rett bak høgre høgtalar. På høgre side er det trepanel, medan langveggen er av murstein (inkludert ein peis)
    Dette har vore ei utfordring frå tid til anna, ettersom ulike høgtalarar har vore på besøk. Med fulltoneelektrostatar (som eg er svært glad i) pregar dei ulike bakromma til høgre/venstre høgtalar balanse og gjev ulik dynamikk. Dette problemet forsvann fullstendig då eg gjekk over til InnerSound Eros (tilsvarar Sanders sine hybridar i dag), der det vart delt mellom bass og elektrostatar med eit bratt elektronisk filter over 400 Hz. Desse høgtalarane hadde eg i om lag ti år, men det var mange testobjekt på besøk i mellomtida. Og det verkar som rommet har ein liten boost når vi ligg på 40 Hz, noko som er kledeleg musikalsk sett. Men det er berre fulltoneelektrostatar (djuptgåande) som får problem, så lenge høgtalarane er eit godt stykke unna bakveggen.

    Det vart sjølvsagt frykteleg spennande då eg prøvde mbl 101 - korleis ville ein rundstrålar komme ut av det med rommet? Eg brukte veldig lang tid på plasseringa, og må innrømme at det ikkje var heilt enkelt. Men etter mykje strev vart eg veldig fornøgd.

    Glasverandaen er også eit lytterom. Dersom du har høve til å lage noko liknande, kan eg seie at vi er svært fornøgde med eit slikt ute-inne alternativ. Det er også eit "lytterom", med takhøgd som varierer mellom 2,3 og 3,8 meter, breidde på 3,7 og lengde på 5,5 meter. Massevis av glas og fliselagt golv er ikkje ideelt, men faktisk er det svært bra, så bra at det lenge også hadde funksjonen heimekino/multikanalsoppsett. Med 5.1-oppsett vart lyden ganske god.
    Før glasverandaen vart bygd, var det mykje tankar om korleis dette kunne verte eit rom som stetta mange behov. høgtalarplassering var det mest utfordrande - korleis få høgtalarane ut av syne/sinn, men samstundes by på akseptabel lydkvalitet? Innbygging hadde vore fint, men det er vanskeleg når veggane stort sett er av glas. Heldigvis kom Mirage med akkurat det eg hadde bruk for, og med skjult leidningsopplegg lot ting seg ordne på ein utmerka måte.

    Fint til barnebursdagar, mottak av nyttårsbukkar, julestove, og ekstra stove når det har vore mykje selskapelegheit i huset. Samstundes også eit rom der tenåringar kunne bruke både kino, musikkanlegg og vere sosiale, utan at far trengde kompromisse på hifiaktivitetane i stova (ein måtte naturlegvis semjast over kor høgt det kunne spelast).

    Eg brukar Mirage Omnisat som hovud- og Nanosat til bakhøgtalarar, og monterte eit svært lerret som kunne blende av to av vindauga.Men på grunn av fire Velux i taket, kunne rommet berre brukast til kino i vinterhalvåret, ettersom det ikkje let seg blende (i dag ville eg kjøpt vindauge med innebygd avblending om eg skulle ha kinofasilitet. Dette gidd eg ikkje, no når ungane er flytta ut. Ser film på TVen i staden, og med MBL saknast ikkje 5.1-oppsettet i filmsamanheng. Dessutan er ikkje film mi greie-det går meir i musikk.
    Men det er kjekt å kunne spele 5.1-lyd innimellom, så dette anlegget får vere der. Dessutan har eg eit sett Boston utehøgtalarar festa under rafta utanfor, slik at eg har musikk til hagearbeidet i sesongen.
    Skal sjå om eg kan legge ut eit foto av herlegdomen når "julestova" gjerast klar. I staden for å fylle den vanlege stova (les: lytterommet) med overflod av julepynt, vert det glasverandaen som pyntast når jentene kjem heim til jul....
     

    grammofon

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    06.02.2011
    Innlegg
    5.646
    Antall liker
    2.853
    Sted
    Bærum
    Flott Arve. Takk for redegjørelsen. Dersom drømmene blir realisert, tenkte jeg et rom med litt ekstra høyde og delvis glasstak for å få følelsen av luft og å sitte utendørs.
    Om jeg får lov av kone og andre myndigheter, er en annen sak. Jeg får arbeide med saken! :)
     

    Goggen8

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    11.08.2014
    Innlegg
    2.388
    Antall liker
    952
    Sted
    Oslo
    Tja, eg gjer det på enklaste måte. Prøver å justere etter produsentspesifikasjonane. Så skrur eg armen opp og ned til eg tykkjer det "klarar opp" diskanten. Då reknar eg med ting er rett. Så fiklar eg litt før eg dobbelsjekkar overhenget og etterteitar pickupen. Med to pickupshell går det vanlegvis ganske fort og greitt, men akkurat no for tida ville eg gjerne hatt eitt til...
    Ja, sånn er det vel når man har fin-tunet ørene gjennom erfaring. :)
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.691
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Flott Arve. Takk for redegjørelsen. Dersom drømmene blir realisert, tenkte jeg et rom med litt ekstra høyde og delvis glasstak for å få følelsen av luft og å sitte utendørs.
    Om jeg får lov av kone og andre myndigheter, er en annen sak. Jeg får arbeide med saken! :)
    Du kan alltids kike litt her medan du ventar på sjansen: Velkommen til Gr?nt Fokus
     

    grammofon

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    06.02.2011
    Innlegg
    5.646
    Antall liker
    2.853
    Sted
    Bærum
    Ikke frist meg over evne! :)

    Håper utsikten er til salgs også.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.691
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Helg igjen. Og det gjerast djupdykk i vinylarkivet. Fann ei plate eg likte veldig godt som tenåring, men dette hadde eg vakse i frå. Flott energi og live-situasjon, men lyden var skrekkeleg. Og det seier eg ikkje fordi eg er blasert - lyden er av og til skikkeleg dårleg på liveopptak. Så denne rykkjer fort attende på fjernlageret i kjellaren.....
    IMGP4218.jpg

    Det fine med å vere vinylentusiast, er at du kan kjøpe software svært rimeleg. Eg hadde handla meg ei bunke som eg betalte under 100 kr (betalte faktisk 100 kr, men fekk også ei bok på kjøpet...), og dei har eg ikkje somla meg til å høyre på. Gjerne gammalt ræl, men av og til kyssast rette frosken.... så eg starta med denne her:
    IMGP4219.jpg

    Tysk plate eg aldri har høyrt om. I høgste grad tvilsamt investeringsobjekt, men kven veit? Plateselskapet "Metronome" har gjort utmerka jobb på andre plater eg har høyrt (men dei var rett nok svenske) Dei riktig gamle innspelingane hadde ofte kvalitetar som moderne innspelingar manglar. Spenninga var stor. "Tyskarlyd" sa vi i gamle dagar, då vi sette på Blaupunkt bilradioen (før det var snakk om stereo) og fnyste, men eg bør vel gå stilt i dørene - einaste komponentane i anlegget mitt som ikkje kjem frå Tyskland, er faktisk signalkjeldene.... så plata kom på. Og forlot platespelaren då eg ikkje greidde meir. Alt er gale med denne plata. Spesielt musikken. Så denne skal eg gje vekk....lurer berre på til kven....?
    IMGP4220.jpg

    Music for Pleasure MFP er billeglabelen til EMI, der dei dumpa gamle opptak til svært låge prisar. Men dei gjekk sjeldan på kompromiss med lydkvaliteten. Eg såg ikkje at dette var ei monoinnspeling før eg sette plata på, men det var likevel eit godt kjøp. Monoopptak er fine til å justere pickupar etter, og her er det endåtil god lydkvalitet og eit godt "Dyrekarneval" som musikalsk held mål.
    Med humøret på topp, sette eg på:
    IMGP4223.jpg

    Eg likar ikkje DG så veldig godt. Dei hadde ein tendens til å overdrive miksinga på 70-talet, men eg trur denne er eldre. Og dei har massevis av gode framføringar. Det er ikkje så veldig mykje vals i samlinga mi, så eg tenkte det kunne vere greitt med Strauss. Diverre mangla innercoveret, og plata knitra vel mykje. Må sende ho på rens, og få køyrt over med LAST, så får vi komme sterkt attende.
    IMGP4224.jpg

    Av og til finn eg merkelege greier. Dette har eg aldri høyrt om. Solopiano, godt opptak, men ikkje heilt etter min smak. Vert nok parkert ei tid, til eg får pianosonatedilla (kan ta tid, men det skjer innimellom alt det andre)
    IMGP4226.jpg

    Dette var spennande, heilt til eg fekk sett stiften i rilla. Nitrist lyd. Vert nok avhenda så fort som råd.....
    IMGP4225.jpg

    Så kom vi til denne. Stor overrasking med flotte lydkvalitetar. Men ein liten bakdel (alle plater har ei bakside) : Musikken er pervers, forfina protestvisesong med oversvulstig arrangement. Ei plate å torturere med. Versjonar av "posetively 4th Street", "Universal solider", "Where have all the flowers gone", "Like a rolling stone" og "John Browns body" i makaber, oversminka husmortyggegummipop dooa dooa-stil, men med glitrande RCA Camden lydkvalitet. Det er faktisk skikkeleg morosamt, om du har den rette innstillinga. Denne skal eg ta med til Horten neste gong. Så berre pass dokke!
    IMGP4222.jpg

    Så ein liten godbit frå "Det Beste". Dette amerikanske folkeopplysningsføretaket tok sikte på å kultivere amerikanarane (sjå kor det gjekk med det prosjektet), og hadde også ein norsk avleggjar. Readers Digest gav ikkje berre ut the best of-utgåver av aktuelle bøker, men dei sette også saman pakkar med musikk. Det er ofte uinteressant som samling, men opptaka var for det aller meste innkjøpte kopiar av RCA sine "avdanka" og uaktuelle produksjonar - og nokre av desse held svært høg lydkvalitet. Denne sigøynerplata var akkurat ei slik. Med eit stygt hakk i ein av dei betre låtane. Må køyre plata på rens, så kjem ho seg kanskje. Litt for pene strykarar, og musikkvalet var for pent til at eg kan kalle dette eit kupp, men nydeleg produksjon elles.
    Til sist var det på plass med noko meir moderne:
    IMGP4221.jpg

    Bergenslokaliserte "KVIT SKIT" har gjeve ut denne EPen på drivkvit vinyl. Flott musikk som eg assosierer i same sjanger som Violet Road og Katzenjammer, men kanskje meir intrikat og med detaljar det er moro å lytte til. Eg har absolutt sansen. Spesielt når eg køyrer dei gode pickupane på riggen - vi snakkar faktisk om høg lydkvalitet her, så denne bør du vere obs på når du går til din lokale vinylpushar.

    Så må det gjerast litt trist rutinearbeid. Yosegi-pickupen må pakkast ned og returnerast til Renaissance. Ein pickup eg gjerne skulle hatt i stallen, men eg må besinne meg-jula er her, og eg har ikkje vore SÅ snill at eg fortener denne.....
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.691
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Denne helga vert spennande. Eg skal samanlikne Audio Technica AT33 SA og PTG/II.
    audio-technica-at33ptg-ii.jpg
    at33sa-s.jpg

    To nesten identiske modellar frå Audio Technica sin "snusfornuftige" prisklasse.
    No er eg ikkje slik at eg tek lett på å kalle åtteogeithalvt (eller femogeithalvt) tusen kroner "fornuftig pengebruk", sjølv ikkje i svært dyre hifi-settingar. Men AT 33-serien har hatt modellar i lågare prisklasse, og dei har vore mykje for pengane. No er desse to bygde på same lest, men med nokre forfina detaljar. Den fyrste, gamle AT33 som er den einaste eg har høyrt skikkeleg på fram til no, hadde elliptisk diamant og nålefane av aluminium. Heilt klart ein god pickup, men ikkje heilt mi greie. Men desse to eg har til utprøving no, er noko heilt anna. PTG/II er ei vidareutvikling av modell PTG, der det er gjort endringar med magnetmateriale og koparviklingar, medan nåleslipinga er forfina "Line Contact", som har ei heilt anna anleggsflate mot platerilla enn elliptiske og runde (koniske) slipingar. Dette fordyrar sjølvsagt produktet. Og endå verre vert det på SA-modellen, som har nålefane av boron (eit fantastisk daudt materiale, iallfall til bruk i flugestenger) og dyr Shibata-diamant.
    Normalt kostar slikt utstyrte pickupar ein del, og det må ein vel innrømme at AudioTechnica også gjer. Men så er det dette med AT, som er ein av dei verkeleg store pickupprodusentane i verda, burde kunne sitt fag ekstra godt, og dessutan burde ha stordriftsfordelar.
    Eg har høyrt ein del på SA-utgåva som er svært interessant. Men eg har hatt det veldig travelt i det siste, så eg har ikkje greidd å formulere noko fornuftig så langt. Får sjå kva eg rekk i helga.....
     

    baluba

    Æresmedlem
    Ble medlem
    18.02.2009
    Innlegg
    24.590
    Antall liker
    15.155
    Sted
    Kopervik og Bergen
    Torget vurderinger
    1
    Se der, ja. Endelig noe nytt å lese fra deg på audiophile. Men fortsatt venter vi på artikkelen om NAD... :rolleyes:



    ... (som du sikkert skjønner er denne pickup-en for kostbar til at testen har noen praktisk betydning for mitt liv).
     

    grammofon

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    06.02.2011
    Innlegg
    5.646
    Antall liker
    2.853
    Sted
    Bærum
    God jul, Arve. Har du planer for hva du skal spille? Jeg sverger til denne innen klassisk:

     

    Brummund

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    19.11.2007
    Innlegg
    450
    Antall liker
    284
    Sted
    Fredrikstad
    Hvis noen fortjener en god jul så er det AA. Makan til god nynorsk er det ikke ofte jeg leser, og det kommer fra et forhenværende medlem av Ungdommens Riksmålsforening :)

    Takk for at dere driver audiophile.no!
     
    Sist redigert:

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.691
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Takk for vakre ord, ikkje minst om nynorsken. Vi har mange som lærer nynorsk på skulen, og mange som skriv med god språkjensle i ungdoms- og vidaregåande skule, men ser ikkje så mange att av desse som aktive skriveføre i vaksen alder som eg hadde rekna med.

    Audiophile.no har hatt eit litt spakt år, sjukdom, utanlandsturar og andre prosjekt har stoppa bremsa nokre av oss meir enn vi skulle ynskje. Men Rudi står på som testpilot og testar pickupar råare enn nokonsinne, Morten kjem også inn på laget, Karl-Erik publiserar når han kan, og vi andre prøvar ut og skriv om produkta vi får tilsendt så grundig som vi føler vi må, og så ofte vi får til. Takk for støtte.

    Etter eit halvt år der eg praktisk tala ikkje har lytta til ein einaste CD, har eg tenkt å ta Oppo-spelaren i bruk igjen no i jula. Det er ei travel tid, og denne julemorgonen svinsar eg rundt mellom stove, kjellar og kjøkken. Mykje skal ordnast, og for å forsterke stemninga vert det sett på sakral, og stort sett gammal musikk i spelaren.
    IMGP4313.jpg

    Her er nokre perler eg likar å spele ved juletider. I går var det Bach Brandenburgkonsertar då juletreet vart pynta. Utprøvde samstundes den svært fine AT33SA, som eg held på å verte svært begeistra for. Det verste er at eg også likar PTG/II om lag like godt. Dei er nære i slekt, men likevel litt ulike. Og eg har ikkje lett for å dømme kva som er "best" etter mitt syn. Men no er det altså CD. Sytalaust når du held på med andre ting....og så vert eg stadig meir fornøgd med rundstrålehøgtalarar. Tenk å kunne pynte juletreet til (nesten) optimal lytteposisjon same kvar du er i rommet.....
    Eg er tidleg oppe som vanleg, vatnar ut pinnekjøtet, tinar dessertbær og skriv julebrev. Våre to døtre er heime. Eldstemann og barnebarn besøkjer dei andre besteforeldra denne jula, men dei kjem igjen, og då skal vi på besøk, alle saman, også mi 88-årige mor som framleis er sprek og krystallklar.
    Håpar de alle har ei fantastisk jul, med tid til fred og ettertanke.
    IMGP4312.jpg
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.691
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Det tok ikkje lange tida før eg var attende til vinylkos. Og i dag har eg endeleg greidd å formulere noko om dei to AudioTechnica-tvillingane. Skal berre lese korrektur på det, så sender eg artikkelen til publisering
    Kva pickup som var best? Eit uhyre vanskeleg spørsmål......
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.691
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Artikkelen om dei to AT33-ane er no publisert her: TEST: Audio-Technica AT33PTG/II og AT33Sa
    No går eg inn i ei fase der eg prøver ut tre ulike tallerkenmatter eg har fått sendt frå Portugal. To i Portugal sitt viktigaste eksportprodukt (lat oss ta litt i) kork. Og ei tredje matte i skinn!
    Har jobba litt med dei under utprøvinga av pickupane, og har danna meg eit inntrykk. Men hugs no på at eg har ein heilt spesiell, svinetung platetallerken som er designa for at vinylplata skal leggjast rett på, med platekrans og platelodd. Det fungerer betre enn dei andre materialvala eg har prøv ut på min VPI SSM med Rimdrive. Vesentleg betre enn akryltallerkenen som var standard før, og betre enn det eg har oppnådd med plattermatter, filtmatter, og ting eg har fått låne opp gjennom åra. Men no prøver eg altså denne i skinn....veldig interessant. Og her, på mitt oppsett, klart betre enn korkmattene. Påverkar klangen og dynamikken. Men eg må jobbe litt med å setje ord på dei ulike fenomena. Kjem eg til å gå bort frå bareback-riding? Sale opp med skinn? Eller kork?
     

    hifipuristen

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    09.10.2010
    Innlegg
    2.799
    Antall liker
    3.159
    Sted
    Bærums Verk
    Torget vurderinger
    1
    Artikkelen om dei to AT33-ane er no publisert her: TEST: Audio-Technica AT33PTG/II og AT33Sa
    No går eg inn i ei fase der eg prøver ut tre ulike tallerkenmatter eg har fått sendt frå Portugal. To i Portugal sitt viktigaste eksportprodukt (lat oss ta litt i) kork. Og ei tredje matte i skinn!
    Har jobba litt med dei under utprøvinga av pickupane, og har danna meg eit inntrykk. Men hugs no på at eg har ein heilt spesiell, svinetung platetallerken som er designa for at vinylplata skal leggjast rett på, med platekrans og platelodd. Det fungerer betre enn dei andre materialvala eg har prøv ut på min VPI SSM med Rimdrive. Vesentleg betre enn akryltallerkenen som var standard før, og betre enn det eg har oppnådd med plattermatter, filtmatter, og ting eg har fått låne opp gjennom åra. Men no prøver eg altså denne i skinn....veldig interessant. Og her, på mitt oppsett, klart betre enn korkmattene. Påverkar klangen og dynamikken. Men eg må jobbe litt med å setje ord på dei ulike fenomena. Kjem eg til å gå bort frå bareback-riding? Sale opp med skinn? Eller kork?
    Hei Arve

    Tror nok det er en grunn til at Acoustic Signature leverer sine
    toppmodeller med skinn matte.
    Har vel sikkert hatt minst 10 forskjellige platematter i min tid
    i tillegg til vakum vinylrigger.
    Skinn er i hvertfall min favoritt.😀
     

    bjarnetv

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    28.03.2008
    Innlegg
    3.791
    Antall liker
    5.338
    Sted
    oslo
    Puh, da kan jeg puste lettet ut.
    Var jo såpass i overkant fornøyd med oppgraderingen til AT33PTG/II at jeg nesten mistenkte meg selv for å bli påvirket av nykjøps-hype-placeboen, men så lenge du også likte den så kan jeg slutte å engste meg for at jeg har mistet all kritisk sans ;)
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.691
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Jula vart rydda ut i veka, ettersom jentene var heime på ferie og kunne hjelpe til. Så no er det attende til meir normal musikk, og akustiske tiltak a la juletreet er ikkje lenger aktuelt. Eg prøvar ut ymse underlag på platespelaren. Fekk tilsendt tre ulike matter frå Portugal, og skal no avgjere i kva grad det er lurt å:
    - bruke tynn matte av naturkork
    - bruke tjukk matte av presskork
    - bruke skinnmatte.
    - bruke mi gamle PlatterMatter
    - Ikkje bruke noko i det heile.

    Ein usikker faktor er at platespelaren min er designa for at plata skal ligge direkte på den spesialbygde tallerkenen, med platestrammar/-vekt og helst platekrans. Så dei fyrste innleiiande rundane er ikkje eintydige, men det er lite skilnad mellom mattene når eg køyrer "full pakke". Om eg ikkje brukar platestramming av noko slag derimot...

    Skulle vel ha gjennomført utprøvinga med ein Rega eller Linn, der det svergast til filtmatte, og der platestramming ikkje er praktisk. Men slike spelarar har eg ikkje lenger.

    Uansett, det er råd å hale litt ekstra ut av vinylriggen om du ikkje har tenkt på underlaget tidlegare. Om enn ikkje så mykje som ved skifte av pickup og denslags...
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.691
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    For fyrste gong sidan jul lyttar eg "fritt" i morgonøkta, utan å skulle teste noko spesielt. Eg er utprega A-menneske, slik at laurdag og sundags morgon vert avsett til finlytting. Stort sett er eg både opplagt og edru når klokka er sånn rundt 0700 og nokre timar framover, slik at det er eit utmerka høve til å teste ting nokolunde objektivt (iallfall betre enn å bestemme seg for kva ein meiner om eit hifiprodukt når ein er trøytt eller i affekt av ein eller annan grunn). Men i dag er det ingenting som skal prøvast ut. To testar ventar på publisering, ein av Krix høgtalarar og ein av ymse matter til å legge på platetallerkenen. Eg har også skrive om Hana sin dyraste pickup (som likevel er den billegaste pickupen eg har prøvd ut med Shibata-sliping), men må finformulere meg litt der.

    Så no er det berre art for arts sake. Eg har spelt litt Supertramp. Med nye pickupar (brukar AT33SA i dag) er det interessant å høyre om det kjem nye opplevingar av gamle låtar. Men Super-karane baud på få overraskingar, og eg kjende behovet for å bryte rutinene med berre favorittmusikk.

    Eg rota litt i hylla, og fann nokre plater eg ikkje har spelt på lang tid. Den fyrste var ei direktegravert Miller og Kreisell-vinylplate med utdrag frå Beethoven sin 9.symfoni. Sjeldan, og med intensjon om å imponere lydmessig. Fekk ikkje så god kritikk av TAS i si tid, men imponere gjorde ho, og eg vart på nytt fasinert over AT33 si botnsolide bassattgjeving. Skulle likt å hatt desse råskinna som Rudi fortel om frå MySonicLabs, men det er så forbaska vanedannande, og eg driv med pengekrevjande husbygging på si no.. Men Miller & Kreisel er veldig interessant. Sjølv om TAS ikkje likte innspelinga, er det sider som imponerer stort. Paukene og bassfundamentet er kanskje litt overdrivne, men det får litt futt i 4.satsen som er artig (sjølv om du bør ha ein meir edrueleg versjon i tillegg)

    Så fann eg noko artig. Dei legendariske tyske Kraftwerk, med verdas minste plateselskap (Kling-Klang studio) greidde å gje ut albumet "Electic Cafe" på vinyl sjølv om det var CD som var sentralt då dette kom. Dei siste ti-tolv åra har eg nok berre spelt CD-versjonen, og vinylplata har stått berre til pynt. No vart ho lagt på spelaren, og gjett kva - totalt anna lyd, og til det mykje, mykje betre. Eg har hatt denne opplevinga ganske ofte - at vinyl høyrest betre ut enn sølvplater (noko som ikkje er så rart når Oppoen eg brukar berre kostar 1/8 av vinylriggen, og ikkje på langt nær har fått så mykje stell og omsorg). Men her var det nesten sjokkerande kor "naturleg" og "organisk" det høyrtest ut når Kraftwerk spelte på synthar og yms høgst kunstige lydkjelder. Svært interessant. Så eg måtte nesten prøve litt Yello også. Men her fekk eg ikkje gjere direkte samanlikning. La Habernera på vinyl, og The Eye på CD. Litt urettferdig samanlikning, eigentleg.


    Til sist måtte det spelast litt Creedence. Min fyrste musikalske kjærleik etter barneplatene. Eg har framleis orginalplatene av "Green River" og "Pendulum", men må innrømme at særleg den siste knitrar litt mykje. Så eg kjøpte desse i nytrykk - også i 45 rpm-utdrag.
    Det er noko eige med å ta ut desse forseggjorte 180 grams versjonane. Med pussa kant, forseggjorde til tusen. Og sjølvsagt: Flott lyd, der også. Om enn tidstypisk, varm og rund, men dynamikken er på plass, meir enn på originalutgåvene. Det gjeld ikkje berre 45-versjonane, Pendulum i 33-utgåve gjev meir perspektiv og meir speleglede enn gamleplata (også fordi knitring og sus er totalt fråverande, men ikkje berre av den grunn)

    Ein må nok passe på å glede seg meir over anlegget, og ikkje berre stresse med utprøving og vurdering av ditt og datt. Det er for mykje å gjere for tida. Ikkje har eg fått fiska heller. Eller gått på fjellet. Uff.
     

    Vedlegg

    grammofon

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    06.02.2011
    Innlegg
    5.646
    Antall liker
    2.853
    Sted
    Bærum
    Hei - det høres ut som om du har hatt en hyggelig morgen.

    Selv om dette ikke egentlig er noe tema i innlegget ditt, snarere tvert imot: Går det an å si noe generelt om hvor meget (merk: "meget" og ikke "mye":)) bedre lyden blir på 45 rpm-utgaver? Hva er det egentlig som blir bedre - diskant, bass, presisjon, detaljer, klarhet....? Alt jeg har å sammenlikne med i dag, er noen gamle EP'er med remastrede opptak fra 30- og 40-tallet. På 45 rpm låter de gjerne litt mer lik originalene (78 rpm) enn tilsvarende LP-utgaver, men uten at det er tale om noen revolusjon. Klassisk musikk på 45 rpm har jeg faktisk aldri hørt. Jeg må kanskje ta en tur til byen og grave dypt i lommeboka? Stort sett har jeg handlet brukt de siste årene, i den grad jeg har handlet i det hele tatt. :)
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.691
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Det er spesielt i dynamikken du merkar at 45 rpm er betre. Det kan også vere skilnadar på perspektiv og bass, som slår positivt ut for 45 etter mi meining. Men det er ikkje alltid det klaffar. Til dømes har eg høyrt 45-singlar med dårlegare lyd enn 33-albuma. Men sjølvsagt kan dette skuldast ulik produksjon og ikkje nødvendigvis farten åleine.
    Desse Creedence-platene er betre enn originalane. Og 45 er betre enn 33, sjølv om det er utmerka 180 grams versjonar på 33-
     

    grammofon

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    06.02.2011
    Innlegg
    5.646
    Antall liker
    2.853
    Sted
    Bærum
    Takk for svar, Arve.
    Singler har jeg ikke kjøpt siden 70-tallet. Blir det fortsatt gitt ut singelplater??
    Min erfaring fra "gamle dager" er også at singlene kunne ha varierende lydkvalitet, og at LP-utgavene ofte virket mer forseggjorte. Dessverre har jeg ikke mange låter både på singel og LP, så jeg har ikke mulighet til å gjøre en direkte sammenlikning.

    I sin tid var det jo planer om å produsere plater med 16 2/3 omdreininger i minuttet, og de fleste platespillerne ble levert med denne hastigheten som alternativ. Produksjonen av slike plater kom aldri i gang, så vidt jeg vet.
     

    Cash 63

    Æresmedlem
    Ble medlem
    14.06.2007
    Innlegg
    11.865
    Antall liker
    26.614
    Sted
    Oslo/Grebbestad
    Min erfaring er att singler tatt fra LP plater tidsrum ca 75-85 som jeg har flere sammenlignbare spor er 45rpm bedre, for og ikke tale om om 45rpm maxi 12"!
    Bas&dynamikk:eek:
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.691
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Maxi-platene på 45 rpm var veldig gode, det er sant. Har ei Dance With a Straner som er knallabra (og DWAS har generelt god lyd) Men eg har eit par T-rex singlar som ikkje kan seiast å halde kvalitetsnivået til LP-ane (her er alt ganske middelmåding, rett nok)
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.691
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    På 'an igjen. Nok ei morgonstund utan føringar om kva som skal spelast. Så det vert vinylplater, og helst slike som gjer det morosamt med AT33SA som rilleavkodar. Altså plater med dynamikk og ein viss grad av perspektiv. Det vart 10CC "Sheet Music". Frå 1974, og med desse smånyansane i dynamikken, og det varierande lydbildet. Wall Street Shuffle - mange år før jappetida kom over oss. The worst band in the world - mykje rare lydar. Ei lovande plate i si tid, ujamn, men med frampeik mot Deceptive Bends og Bloody Tourists. Får sjå om vi ikkje må spele desse også før dagslyset tek overhand.
     

    Cash 63

    Æresmedlem
    Ble medlem
    14.06.2007
    Innlegg
    11.865
    Antall liker
    26.614
    Sted
    Oslo/Grebbestad
    Har Wall street shuffle og Rubber bullets på singel låter fett:cool: hur de er på Lp har jeg ikke hørt?
     

    Dr Dong

    Æresmedlem
    Ble medlem
    23.01.2011
    Innlegg
    14.505
    Antall liker
    14.002
    Sted
    landskapet uten motstand
    Torget vurderinger
    1
    A-A, du skiftet arm på SSM - til Kuzma. Jeg går selv med tanken på å skifte ut JMW 12.7 på HR-X med en 4 Point. Noen synspunkt på om det ville være en vanskelig operasjon?
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Eg kom til å tenka på min gamle AT-OC9, ikkje heilt ulik å sjå til.

    Mvh
    Karl

    Heisann



    Fikk en "kjensle" av å ha sett deler av EAT pickupen før. Bare noen observasjoner en søndags formiddag. Merket jeg hinter om og typen finnes vel i diverse varianter, men har ikke sett den med ny kropp slik mange tilbyr til f.eks DL103.

    Ha en strålende dag

    Mvh Atle
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.691
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    A-A, du skiftet arm på SSM - til Kuzma. Jeg går selv med tanken på å skifte ut JMW 12.7 på HR-X med en 4 Point. Noen synspunkt på om det ville være en vanskelig operasjon?

    eg bora meg gjennom SSM-kabinettet gjekk det bra heilt til eg traff på ei tynn stålplate. Det vart ein drittjobb å komme gjennom. Heldigvis var Stig Arne Skilbrei på besøk då, slik at vi kunne bytte på å halde boremaskina.
    Elles gjekk jobben greitt. Holet i kabinettet vart slik plassert at det som står att av krateret til gamle-armen ikkje er synleg. Det trur eg skulle gå heilt fint med 4Pen også. (Eg talde litt på knappane om eg skulle kjøpe denne, men enda altså på 12" 313.) Kanskje du har plass til den sinnsjuke 14" på HR-X? Tenk deg om, du har sikkert råd om du gjer passande forsakingar. 8)
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.691
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Det vart ikkje musikkspeling å snakke om sist helg. For mykje anna som måtte ordnast, så eg er litt bakpå. Men morgontimane har vore brukt til å spele vinyl, via AT33PTG/II. Og her har det gått i full fart - spela 45 rpm-plater ei lang stund.
    - Fleetwood Mac "Rumours" i spesialutgåve. Flott overflate, men eigentleg ikkje så fantastisk lyd, samanlikna med standardutgåva eg samanlikna med. Likevel er det verd pengane å få ei så tydeleg attgjeve sceneoppsett. Sikkert betre enn det som skjedde i studioet attende på midten av 70-talet.
    - Creedence Clearwater Revival:utdrag frå "Cosmo's Factory". Fanastisk vinylkvalitet, den såkalla AcousTech Mastering. Klippestøtt sceneoppsett, og nyansert dynamikk, skikkeleg bass.
    - Dance With a Stranger: maxisingel med "The Invisible Man" promoteringsplate: FOR EIN BASS. DWAS hadde alltid flott basslyd, både på scena og på innspelingane. Og dette er det beste. Fantastisk plate som eg måtte spele to gonger.
    - Beethoven "Appassionata", innspelt av RCA, album RDC-4. Verdas beste opptak av eit flygel. Du høyrer tydeleg kva som gjer eit Bøsendorfer til noko anna enn eit Steinway. Superrealistisk på alle måtar, litt tett på flygelet, så nær du bør vere for å få med deg alt pianisten finn på. Men diverre er fru Ikuyo Kamiya ikkje heilt av same klasse som korkje flygelet eller opptaket. Veldig irriterande, eigentleg. Uansett, eg trøystar meg med at tolkinga eg hadde fått høyre om eg gjekk på ei lokal framføring av Appassionata neppe hadde vore så mykje betre....
    Denne plata er ei av dei som treng ein pickup som kan spore iallfall 60, helst 70µ på testplata mi. Så her kan sporingsfantomet AT33PTG/II briljere.

    Det er ikkje tvil om at det har noko for seg å auke farten på vinylplatene frå 33 til 45 rpm. Rett nok er ikkje dette miljøvennleg, all den tid ein treng meir vinyl. På den andre sida er det bra for oss å komme oss opp av sofaen litt oftare, sjølv om det ikkje vert så veldig mykje...
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.691
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Eg kom til å tenka på min gamle AT-OC9, ikkje heilt ulik å sjå til.

    Mvh
    Karl

    Heisann



    Fikk en "kjensle" av å ha sett deler av EAT pickupen før. Bare noen observasjoner en søndags formiddag. Merket jeg hinter om og typen finnes vel i diverse varianter, men har ikke sett den med ny kropp slik mange tilbyr til f.eks DL103.

    Ha en strålende dag

    Mvh Atle
    Kanskje
    du kunne tatt sjansen på å dempe ned pickuphuset på ein eller annan smart måte, som ikkje auka massen nemneverdig? Og sett om det vart skilnad? Om pickupen er over middagshøgda, er det ein sjanse som kanskje kan takast?
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.691
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Veldig kort lytteøkt denne morgonen.
    Må bruke dagen til snikkararbeid, så då vert det berre halvannan time. Gadd ikkje å rote med vinylplatene, så det vart fyrste spotify-økt på lenge. Greitt nok til å ikkje lytte så veldig kritisk, men litt irriterande er det no likevel.
    Skal bli godt å verte ferdig med snikringa!
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.691
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    I dag har eg brukt morgonen på å ta farvel med AT33SA. Han skal ut i verda ein tur, på utlån. Den siste tida har han stått opprigga, medan PTG/II har site på reservebenken. SA spelar nydeleg, mykje betre enn forventningane mine tilsa i fyrstninga, så det var med eit visst vemod han fekk reiseløyve.

    Det gjekk i litt klassisk Schubert, All Fly Home på MoFi, Al Jarreau takka av nyleg, så då fann eg denne plata som eg nesten ikkje har spelt. Flott lyd, men eg hugsa no på kvifor eg ikkje har spelt plata desse siste 25 åra - eg har eigentleg ikkje sans for musikken. Så var det litt Billy Cobham og Stanley Clarke frå 70-talet. Ikkje så flott lyd som Jarreau, men trass alt meir fordøyeleg etter min smak. Så var tida inne - SA vart pakka ned, og PTG/II fekk komme til rette igjen. Og så forstod eg kvifor eg hadde kjøpt begge - PTG/II er fanastisk, den også. Ikkje dårlegare enn SA, berre annleis.
    Livet er herleg!
     
    A

    ANM

    Gjest
    Jeg lover at den blir møtt med omsorg og kjærlighet. Blir deilig og endelig få en gjenforening med lyden av Shibata mot vinyl.

    Takk for tilliten gode Arve!:)
     

    LydKarl

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    24.11.2004
    Innlegg
    981
    Antall liker
    115
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    1
    Pickupen min er nok både forbi middagshøgde og dessert er eg redd, då stiften knakk for nokre år sidan.
    Har dog ikkje hjarta til å kvitta meg med han. Ellers hadde det vore artig å eksperimentera litt.

    Mvh
    Karl

    Eg kom til å tenka på min gamle AT-OC9, ikkje heilt ulik å sjå til.

    Mvh
    Karl

    Heisann

    Fikk en "kjensle" av å ha sett deler av EAT pickupen før. Bare noen observasjoner en søndags formiddag. Merket jeg hinter om og typen finnes vel i diverse varianter, men har ikke sett den med ny kropp slik mange tilbyr til f.eks DL103.

    Ha en strålende dag

    Mvh Atle
    Kanskje
    du kunne tatt sjansen på å dempe ned pickuphuset på ein eller annan smart måte, som ikkje auka massen nemneverdig? Og sett om det vart skilnad? Om pickupen er over middagshøgda, er det ein sjanse som kanskje kan takast?
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.691
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Knekte stiftar er aldri hyggjeleg, Lydkarl. Sjølv har eg heldigvis berre vore utsett for slikt berre to gongar, men det var ille nok. Har du vurdert å reparere pickupen? Det kjekke med sånt er at du kan få att ein god pickup. Ulempa er at slikt alltid vert ei ombygging - du får eit anna resultat enn utgangspunktet, om du ikkje får produsenten til å ta jobben, og det tvilar eg på at AT gjer. Men OC 9 kostar no litt, så det kan hende det er balet verd.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.691
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Endeleg litt tid til å høyre på musikk igjen...har vore svært oppteken i fleire veker no.

    Fekk tak i Haydn sine 92 fyrste (!) symfoniar med Dorati på Decca. Kjempelyd, og fine tolkingar, tykkjer eg. Det er kanskje litt tidleg å konkludere - eg har att 87 symfoniar før eg er ferdig....

    Har også nokre andre boksar. Ein Dorati til, men på Philips, som eg ikkje er heilt sikker på om eg likar så godt, med symfoniane og orkestersutitane til Tcaikovsky. Må ha meir tid, så får vi sjå.

    Schubert-kvartettar på Vox har mykje for seg, men lyden varierar. Ein annan Vox-boks med Mendelssohn-kammermusikk har eg ikkje fått sjekka endå. Heller ikkje ei digitalinnspeling på EMI med sakral Schubert. Denne vert nok ikkje spelt før haustkveldane kjem, er eg redd.

    Pickup-stoda er utmerka for tida. AT33SA er heimattekomen, men han får kvile seg ei stund til. Veslebror PTG/II er svært fasinerande, og eg har oppdaga nye kvalitetar på eit par norske innspelingar frå gamle dagar. DeLillos "Før var det morsomt med sne" høyres ganske fantastisk ut, med ein presisjon som eg ikkje har lagt merke til før.
    Eg kjøpte meg også ei Øystein Sunde-plate eg ikkje har prioritert før, "Klå". Her spelast det i hovudsak strengeleikar med både humor og virtuositet, og opptaket er svært skikkeleg (bortsett frå der det er arrangert blås) Sunde m.m. er på tilbod no, på vinyl.
    "Black Star" vart også kjøpt inn - det freista litt å ha den siste Bowie, men eg har delte kjensler etter to gjennomspelingar. Må nok få meir tid, tenkjer eg.

    Elles strålande ver, så musikkmorgonen vert nok ganske snart avslutta. Fineveret må brukast til anna enn musikk.
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn