No snakkar de sakleg, gutar. 
Claes Ohlsson fortel at det er OFC-kopar, at det er plastisolasjon, kva lengde/tverrsnitt det er snakk om, og prisen. Dette skulle vel vere dei aller viktigaste parametrane? Nordost skil seg ved å ha isolasjon av ekstrudert teflon. Vi får også her oppgjeve lengde og pris. Men ettersom det er ein annan prisklasse, vil det vere naturleg å føye til ein del ekstra opplysningar. Her kjem dei i form av påstandar, som eg vil seie bør dokumenterast meir nøye.
Elles legg eg merke til ein del skrivefeil, som iallfall for ein norsklærar gjer inntrykket av produktet mindre positivt/seriøst. Men "the proof of the pudding..." - eg har ikkje prøvd desse kablane i eige anlegg. Derimot har eg prøvd andre kablar, og opplevd at dei har forbetra lyden i anlegget merkbart frå nokre billegare greier eg hadde i utgangspunktet. Eg har også testa nokre andre kabelsett, og registrert ein del skilnadar som er såpass interessant å observere at eg godtek påstanden om at ein bør ta omsyn til kablane om ein vil optimalisere anlegget. Når det er sagt, vil eg personleg prioritere å oppgradere til ny effektforsterkar(ar) framfor kabel med ei investering på 60 000 kr. Utan å forkleine min noverande Copland CTA 520 på nokon måte, kjenner eg meg rimeleg sikker på at det vil gje betre utteljing enn å skifte til Valhalla-høgtalarkabel her i huset. Men om nokon vil oversende meg eit sett Valhalla (eg treng vel 2,5 m/side, og i biwireutgåve) for utprøving, er eg open for å vurdere dette på nytt.