Resultater 1 til 15 av 15
Abonnér på denne tråden
  1. #1
    Hifi-interessert
    Ble medlem
    Aug 2013
    Innlegg
    58
    Tagget i
    0 Innlegg

    Nye kondensatorar i Tanberg Hi-Fi System 20

    Hei folk.

    Eg er ny her, og feirer medlemsskapet med å fortelle om høgtalarane mine.

    Eg fann eit par Hi-Fi System 20-høgtalarar på Fretex i fjor haust til 75 spenn pr. stk. Så eg kjøpte dei og tok dei med heim og tenkte at det låt veldig fint når eg høyrte på musikk gjennom dei. Men no har det gått snart eit år og eg har i mellomtida også fått ein TA 300, som eg har bytta kondensatorar i, og diverse andre delar. Den var ein tur opp frå kjellaren for å få køyrt seg litt saman med desse høgtalarane, og mens eg sat der og nilytta høyrte eg at det vrengte i høgtalarane på nokre sangar. Det er snakk om nedre mellomtone, nesten sånn frå 300 hZ ned til kanskje rundt 100 hZ. Eg blei bestyrta og gjekk ut ifrå at det var forsterkaren det var noko gale med, og byrja å stresse med dette. Likevel høyrte eg ikkje den same forvrengte lyden når eg høyrte musikk i headset frå same forsterkar. Etter dette skulle eg stille inn dei to pottane for symmetrisk klipping på forsterkaren og endte opp med å gje dei altfor mykje straum ei stakka stund, og dermed rauk ein transistor og eg måtte få tak i ny, etc., og tida gjekk mens eg høyrte på dei same høgtalarane gjennom NAD-forsterkaren som står i stua. Då oppdaga eg at eg hadde det same problemet med den forsterkaren også, og prøvde deretter å sette dei originale NAD-høgtalarane på anlegget igjen, og då låt det fint. Dette har eg tolka til at det er eit problem med Tandberg-høgtalarane mine. Høyres dette ut som noko som kan ha med elektrolytt-kondensatorane på delefilteret å gjere? Eg åpna dei opp og tok ein titt. Dei hadde ikkje nokre ytre teikn til å ha tørka ut, men det er jo ikkje alltid ein kan sjå slikt på utsida. Er det då veldig dumt å bytte dei ut med ein annan type kondensatorar? Polypropylen for eksempel? Dynabel har dei på lager i tilnærma riktig uF (eg må vel køyre eit par i serie for å få 12 uF, men ellers ser det ut til å gå som ein draum. Elektrolyttane hos Dynabel har mykje meir uF enn det eg treng (5 uF, 8 uF og 12uF).

    Så ja, kva trur dei lærde her på forumet?

  2. #2
    Moderator Kjell_Kranzberg's Avatar
    Ble medlem
    Mar 2005
    Innlegg
    2,612
    Tagget i
    0 Innlegg
    Sitat Sitat fra kyrrelaastad Se Innlegg
    eg må vel køyre eit par i serie for å få 12 uF

    Detta är viktigt att kunna om man ska parallellkoppla eller seriekoppla kondensatorer.

    Parallellkoppling adderar värdena. Ex. Om man parallellkopplar en kondensator på 4,7 uF och en på 1 uF, blir värdet 5,7 uF.

    När det gäller seriekoppling av kondensatorer, se här nedan.


    I delningsfilter använder man alltid bipolära elektrolyter eller polyesterkondensatorer eller polypropylenkondensatorer, aldrig polära elektrolyter. (En del högtalartillverkare, bl a Tandberg, gjorde faktiskt det förr i tiden.)

    Navn:      Kondensatorkopplingar.jpg
Visninger: 948
Størrelse: 155.0 Kb
    Siste redigert av Kjell_Kranzberg; 18.08.2013 kl. 19:16.
    Jag är för demokrati, en generös
    flyktingpolitik och allas lika värde.

  3. #3
    Hifi-interessert
    Ble medlem
    Aug 2013
    Innlegg
    58
    Tagget i
    0 Innlegg
    Takk for viktig info, Kjell! Eg skal med andre ord paralellkople to kondensatorar, ikkje seriekople dei.

    Trur du det vil ha noko for seg å bruke polypropylen i stedet for elektrolyttar, eller vil dette føre til ein endring av lydkarakteren i negativ retning (grøss og gru!)?

  4. #4
    Moderator Kjell_Kranzberg's Avatar
    Ble medlem
    Mar 2005
    Innlegg
    2,612
    Tagget i
    0 Innlegg
    Det kommer att gå fint med polyester- eller polypropylenkondensatorer. Fördelen med dem är att de inte åldras.
    Bipolära elektrolyter åldras med tiden och förlorar sina ursprungliga värden.
    Jag är för demokrati, en generös
    flyktingpolitik och allas lika värde.

  5. #5
    Hifi Freak pekaill's Avatar
    Ble medlem
    Oct 2011
    Sted
    Averøy
    Innlegg
    1,324
    Tagget i
    1 Innlegg
    12 uF kondensatorer kan for eksempel kjøpes her:

    12.0u cross cap - Jantzen cross cap 12.0u 400V - Europe Audio

  6. #6
    Hifi-interessert
    Ble medlem
    Aug 2013
    Innlegg
    58
    Tagget i
    0 Innlegg
    Aiai, takk for tipset, pekaill. Det er jo mykje lettare enn å drive å paralellkople. Tusen takk for hjelpen!

  7. #7
    Hifi-interessert
    Ble medlem
    Aug 2013
    Innlegg
    58
    Tagget i
    0 Innlegg
    Forresten, før eg bestiller, er det noko problem om eg kjøper 5,1 uF og 8,2 uF i staden for 5,0 uF og 8,0 uF?

  8. #8
    Overivrig entusiast J.E.R's Avatar
    Ble medlem
    Aug 2012
    Sted
    Narvik
    Innlegg
    650
    Tagget i
    0 Innlegg
    Ikke noe problem...mener jeg da.
    mvh
    Jan-Erik Rasmussen, Narvik

    Music Angel MINIX3 EL34*2 Class A Single-end, Madisound BK20/Fostex Fe206en, Music Angel KT88, System Audio Mantra 60, JBL L50, Xindac Dac-5, Lenco L75, Dual 1225, Bellari VP130 (mm/riaa), Squeezebox Touch, Squeezebox Duet, Tandberg TR 1000, Sansui 5050, Sansui SP-X8700, Tandberg Hi-Fi System 15.

  9. #9
    Hifi Freak pekaill's Avatar
    Ble medlem
    Oct 2011
    Sted
    Averøy
    Innlegg
    1,324
    Tagget i
    1 Innlegg
    Det er ikke noe problem.

  10. #10
    Hifi-interessert
    Ble medlem
    Aug 2013
    Innlegg
    58
    Tagget i
    0 Innlegg
    Oi, shippinga blei på 337 kroner. Det var kanskje litt i overkant. Veit de om nokre andre nettsider kor det kanskje er litt billigare å kjøpe desse kondensatorane? Takk igjen!

  11. #11
    Hifi Freak pekaill's Avatar
    Ble medlem
    Oct 2011
    Sted
    Averøy
    Innlegg
    1,324
    Tagget i
    1 Innlegg
    OI! Ser at de tar ganske høy fraktpris for første kg. Det er guntigere hvis du kjøper mer hos de.
    Det er mulig du kan kjøpe direkte hos contact@jantzen-audio.com
    Eller: Solen Fastcap: PB Metalized Polypropylene Cap
    Her har de 12 uF. Har handlet flere ganger hos Partsconnexion.

  12. #12

  13. #13
    Hifi-interessert
    Ble medlem
    Aug 2013
    Innlegg
    58
    Tagget i
    0 Innlegg
    Takk for råd, alle saman. Eg endte opp hos Falcon Acoustics. Skal levere rapport om korleis det let når dei har kome på plass! Takk igjen!

  14. #14
    Hifi-interessert
    Ble medlem
    Aug 2013
    Innlegg
    58
    Tagget i
    0 Innlegg
    Hei igjen.

    No har det gått ei stund sidan eg fekk kondensatorar frå Falcon. Då eg opna pakka frå dei hadde dei lagt ved ein kondensator med feil uF. Eg kontakta dei og dei rydda opp superfort og sendte ny med riktig verdi. God service!

    Uansett, eg lodda ut dei gamle kondensatorane i delefilteret og lodda inn nye. Det blei litt trangt på printkortet, men eg fekk rigga det til. Eg kopla dei på anlegget, men den samme forvrengingen er der fortsatt. Og vrenginga er lik på begge høgtalarane. Er ikkje dette rart? Er det nokon som veit kva det kan vere? Kan det vere dei to spolene, eller trur de at problemet ligg ein annan stad?

    Eg tok eit par bilete av printkortet, dersom det skulle vere til hjelp:

    Vedlegg 220655Vedlegg 220656
    Vedlagte bilder Vedlagte bilder     
    Siste redigert av kyrrelaastad; 10.10.2013 kl. 09:13. Årsak: bileta la seg feil veg

  15. #15
    Hifi-interessert
    Ble medlem
    Aug 2013
    Innlegg
    58
    Tagget i
    0 Innlegg
    Då opna eg høgtalarane på ny og grov ut Glavaen inni. Eg skrudde ut basselementa for å ta ein titt på dei, og dei såg fine ut, bortsett frå at det var sinnsykt mykje støv overalt. Eg reingjorde dei som best eg kunne og satt dei på plass igjen. Tweeter-elementa klarte eg ikkje å kome meg inn til, då eg trur ein må skru dei ut frå fronten, og eg prøvde å få fjerna gitteret foran, men det føltes som om trelistene var i ferd med å knekke, så eg avlyste aksjonen. Crossover frekvensen er oppgitt til å vere 3,5 kHz, og den vrengen eg høyrer ligg langt under det. Eg oppdaga at eit metalldekke som låg rundt magneten hadde knukke i to bitar på den eine høgttalaren. Eg tok eit bilete av dette. Kan det ha noko med vrengen å gjere? Ein skulle jo ikkje tru det sidan vrengen er lik i begge høgtalarane.

    Navn:      bilde 4.JPG
Visninger: 735
Størrelse: 60.0 Kb

    Eg monterte høgtalarelementa igjen og testa for å sjå om det var noko hjelp i det. Eg la riktignok ikkje Glavaen på plass igjen, men eg trur ikkje det hadde noko å seie for den forvrenginga eg høyrer. Uansett, eg satte på litt harpemusikk for å sjekke korleis det låt, og den samme vrengen var der. Eg tok eit kjapt opptak av det med telefonen min. Det let jo sjølvsagt som eit telefonopptak, men det er godt mulig å høyre korleis denne vrengen høyres ut. Eg får ikkje lagt ved fila, så eg måtte legge den ut på DropBox (den er på 255kb). https://dl.dropboxusercontent.com/u/...er%20Vreng.m4a



    Eg tok også nokre bilete inni der, men det var svært vanskelig å manøvrere ned der med telefonen.

    Dersom begge elementa er øydelagte, er det då mulig å få tak i nye? Høgtalarkassane er ordentlig fine, og dei er sakna i stua for tida, så eg tenker at eg må prøve å få desse høgtalarane i stand igjen. Elementa er visstnok HTC 113 og HT 125. Dette er frå Peerless, ikkje sant?

    Navn:      bilde 1.JPG
Visninger: 1241
Størrelse: 142.2 KbNavn:      bilde 2.JPG
Visninger: 809
Størrelse: 173.1 KbNavn:      bilde 3.JPG
Visninger: 776
Størrelse: 95.6 KbNavn:      bilde 5.JPG
Visninger: 749
Størrelse: 119.7 Kb

Tags for denne Tråden

Skrive Tillatelser

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere dine innlegg
  •  


 

Om Hifisentralen

    Hifisentralen er Norges største webside innen high-end hi-fi og musikk, og vi har vært på nett siden år 2001. Velkommen til en god hi-fi diskusjon eller kjøp og salg av utstyr.
   

Følg oss på sosiale medier:

Facebook Twitter RSS Feed