JBL 260 er ein svært hyggjeleg høgtalar, og Yamahaforsterkaren er sikkert problemfri. Men det kan kanskje verte vel mykje idyll klangmessig? Det må du nesten prøve ut på heimebane.
Høgtalarane har eg fått høyre mykje på, sidan sonen min har slike. Dei spelar på ein gammal Luxman, noko som passar svært godt. Beste eg har prøvd på dei, er 150-watts integrert forsterkar frå Pass, men det er ei dyr løysing. Har også prøvd Vincent, Xindak og ein del anna, og det verkar som dei er fornøgde om dei har godt 100 watt disponibelt.