Det fine med å samle på musikk, er at du kan lytte til platene. Bøker og teikneseriar kan lesast, og føre til fine opplevingar. vi med slik lidenskap har altså ei plausibel forklaring på kvifor vi samlar.
Frimerke-, pins- og bruskorksamlarar har ei totalt anna oppleving som gjer det å eige til det vesentlege. Folk må sjølvsagt gjere som dei vil, men personleg har eg eigentleg lite sans for slike samlingar (difor har dei fleste forsøk som har vore gjort her i huset på å samle på vin, ført til at eg har gått i opplevings-modus, noko som øydelegg samlingar av dette slaget.
Mine plater kan delast inn i 10% som er meir eller mindre feilkjøp, som eg eigentleg kunne kvitta meg med, 20% eg i praksis berre vil spele om eg vert spurt, 20% som eg eigentleg har vokse i frå, 20% som spelast når eg er i spesielt humør eller ved særskilte høve (julemusikk, større operaverk og lett sære greier), 15% som spelast ganske ofte, og 15% som spelast "heile tida", sånne eg ikkje kan vere utan.
Og i tillegg har eg nokre CDar. Desse har eg organisert i "nærstabel" ved sida av spelaren med plass til ca 70 skiver, og dei andre skivene på andre sida av rommet.