Vanlig arm vs lang arm vs lineær

mvno_subscriber

Overivrig entusiast
Ble medlem
12.03.2020
Innlegg
1.131
Antall liker
2.098
Sted
Asker
Torget vurderinger
1
Jeg skjønner såpass at jo rettere nålen er i rillene, jo bedre gjengivelse/mindre forvrengning osv. Lineær tracking eliminerer det totalt. En lengre arm vil også hjelpe.

Men med lang arm, er det ikke mer masse som må flyttes på? Hvilke ulemper gir det? Og hva med lineær arm (eller hva man kaller det), får man noen lignende utfordringer?

I den andre enden av skalaen, finnes det noen fordeler med kort arm?
 

Audiophile-Arve

Æresmedlem
Ble medlem
28.11.2002
Innlegg
20.697
Antall liker
7.939
Sted
Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
Torget vurderinger
0
For å ta det siste først - det er ingen føremoner med ein kort arm. Tvert om, dei har lettare for å få problem med lett bulka plater. (Dette kan avhjelpast med platestrammar og/eller platekrans) Sjølv om dei er tangentiale. Tangentialarmar er perfekte når det gjeld vinkelfeil, og det er bra for "vanskelege" pickupar, men dei er vanskelege å konstruere. Du får nesten alltid ein slede med betydeleg vekt, og denne må flyttast likt med pickupen si vandring gjennom platerillene. Dersom sleden skal dragast fram ved hjelp av sporingskrafta åleine, kan det verte tungt. Problemet kan løysast ved å drage sleden med ein motor som t.d. styrast via ei fotocelle som les rilleavstanden, som kan variere ganske mykje frå plate til plate.
Lange armar har mindre vinkelfeil, og er såleis betre for pickupar med kritisk sliping, akkurat som tangentialarmar. Dei har sjølvsagt meir masse, men dette er eit svært lite probem. Kuzma 4 point 14"arm har effektiv masse på 19 gram, noko som er mindre enn ein at dei tunge armane frå 80-talet, t.d. FR64. Om du vel ein lang arm, vil det vere nokre gram effektiv masse meir, slik at du utelukkar nokre pickupar, (til dømes eldre amerikanske mm som Shure) men det store fleirtal av produsentar vil ha pickupar som er akseptable i armar med vekt på 10 - 15 gram effektiv masse.
 
Topp Bunn