I ein av off-topic-trådane dukka det opp eit hjartesukk: eit ønske om det vi kanskje kan kalla «transitiv ignore-funksjon»: Ignorer dette innlegget, og alle svar! Eg svara direkte der (eit off-topic i off-topic, så å seia), men tenkte litt meir gjennom problemstillinga. Sidan ønsket dukkar opp ganske ofte, tenkte eg at det kunne passa med ein tråd om det her.
TL;DR er at dette er så komplekst at @Høvdingen ikkje bør ofra det så mykje arbeid.
Det er naturleg: Dersom det dukkar opp ei irriterande floge, er ofte den kollektive innsatsen for å slå i hel floga meir irriterande enn om alle berre ignorerte floga i utgangspunktet. På same måte lagar ofte svar på uønskte innlegg vesentleg meir støy enn sjølve innlegget.
Eg tenkte å sjå på denne problemstillinga, og sidan Usenet og e-postlister er ein slags forfedrar til webforum som HFS, kjem nokre referansar til dei. Teknisk sett tok desse utgangspunkt i meldingsformatet definert i RFC 822:1982, så la oss kalla dei RFC 822-forum (det er fleire RFCar som er relevante, td. RFC 1036 som forbetra RFC 822, men lat oss gjera det litt enkelt). Eg omtalar dei i fortid, fordi det som framleis finst må kallast historiske minnesmerke meir enn aktiv teknologi.
I utgangspunktet burde HFS, der innlegg ikkje berre er tilordna til forum (td. Hi-Fi/Hi-Fi generelt eller Musikk/Klassisk), men også ordna i tematiske trådar, vera veleigna til å unngå slikt ugras. Dersom tråden har eit tema som ikkje interesserer, eller som er utdebattert, er svaret enkelt: Ikkje gå inn på tråden («Don't do that, then»). I tillegg har HFS høve til å merka trådar med tags, som også tilbyr eit ekstra hierarki.
Likevel: Det er ein tendens til at ein del trådar vert eigne fora, som i røynda spennar over ganske mange «eigentlege trådar». Døma er mange, frå venetrådar for hifi-produsentar, eigne brukar-trådar eller litt tilfeldig ordna trådar -- til breie tema, som på Off-Topic, der alt om krigen i Ukraina er forventa å hamna i tråden Russland - En tikkende bombe eller bare fjas? ( ≈ 51'000 innlegg no).
Eg sjølv har iallfall tilpassa meg dette, og inngangsporten min til HFS er sida Tråder som jeg følger.
RFC822-forum hadde ikkje slike trådar. I staden var trådane implisitt definerte gjennom emnelinja («Subject»). Meldingar i ein tråd, altså som svar til eit anna innlegg («follow-ups»), hadde prefikset «Re:» i emnefeltet, og header-linja «References», som inneheldt alle meldings-id-ane i ei rett linje tilbake til opningsinnlegget. Eg siterer frå standardane:
Det var vanleg å sitera utdrag frå meldinga ein kommenterte for å gje kontekst, om lag slik det er på HFS, men dette var ikkje utgangspunktet for trådordninga.
Ansvaret for å gruppera meldingar i trådar låg altså hjå e-postklienten eller newsreaderen til den einskilde brukaren. Denne klienten køyrde lokalt på maskina til brukaren, og hadde altså heile jobben med å ordna og visa fram innlegg. NNTP-serveren (RFC 997) visste berre kva grupper han hadde, kva innlegg han hadde i dei gruppene og kva som var det siste innlegget du hadde lese i den gruppa.
Det sannsynlegvis beste programmet for dette var gnus (Lars Magne Ingebrigtsen, 1995-ca 2009; andre kjende var Forte Agent, Netscape/Thunderbird og MacSOUP) som køyrde i editoren GNU Emacs (som ikkje er eit historisk minnesmerke, forresten, men som eg faktisk bruker for å skriva denne teksten).
Her er ein skjermdump (stole frå nettet) som viser korleis gnus sorterte trådar i eit forum. Dei fleste andre klientane hadde liknande visingar (MacSOUP kunne også visa eit faktisk tre, sjå over). Merk at det vanlege var å berre visa nye innlegg som default, men gamle innlegg kunne leitast fram.
Forte gjorde på liknande måte (her, skjermdump frå nettet, viser eit utdrag frå Usenet-forumet alt.autos.honda):
gnus hadde eit intrikat system for å gje «score» til meldingar, og sjølvsagt også høve til å scora ned (pre-emptivt) follow-ups til ei melding. Ting du ikkje ville sjå, scora du ned, ting du ville sjå, scora du opp. Det kunne du gjera både interaktivt (medan du las), eller via ein eigen syntaks. Ramla scoren under 0, såg du ikkje innlegget.
https://gnus.org/manual/gnus_90.html
(Her kan vi også merka oss, bak øyra, at store forum som Facebook og Reddit har slik "hard" tråding innebygd, eit skarpt skilje mellom opningsinnlegg, kommentarar og kommentarar-på-kommentarar. Faktisk har eg sett ein del Facebook-skribentar som legg ned forbod mot kommentarar-på-kommentarar, men bed lesarane utelukkande svara på opningsinnlegget).
Tilbake til HFS.
På HFS (etter det eg kan finna ut ved å søkja i XenForo-dokumentasjonen) har ikkje innlegga eit innebygd stamtre, slik References-headeren gav. Dei høyrer til ein tråd, og er lineært ordna i den tråden.
Å ignorera brukaren er noko XenForo gjer når ho presenterer innlegga for brukaren. Dersom brukaren står på ignore-lista, set XenForo
Problemet, sidan dette vert gjort for kvart innlegg og kvar brukar, er at det vil gjera systemet veldig tregt om det skal for mykje berekningar til for kvar einaste melding som skal visast fram.
Difor, for å gjera dette skikkeleg, må vi dra ut informasjon frå innlegget om kva innlegg det svarar på når vi lagrar innlegget, og leggja til eit eige meta-felt (kall det
Vi kan, for å forenkla, droppa å føra
Det gjer det iallfall mogleg å konstruera funksjonar av typen
Så kjem vi til problem nummer 2.
Det er mange idiotar der ute, og dei skriv mange idiotiske innlegg (avhengig av kven vi spør). Likevel kjem nokre av dei beste, og mest lærerike, innlegga som respons på dei dårlege. Så sjølv om vi misliker brukar A, kan det vera gode grunnar til å lesa det bruker B skriv, sjølv om det er eit svar til den irriterande brukar A.
Altså, vi treng ein positiv scoring som kan trumfa ignoreringslista. Det har vi allereie, dersom vi kan bruka Følger
Så, problem nummer 3.
Idiotar kan faktisk læra, og ignorerer vi dei, får vi aldri sjå det. Det er gode grunnar til å gjera ignore-funksjonen tidsbegrensa.
Så, problem nummer 4.
Vil vi eigentleg dette? Er ikkje noko av det beste med forum å diskutera med folk vi ikkje veit alt om, og som faktisk kan utfordra oss? Moderator-teamet set allereie rammene for kva oppførsel som er totalt uakseptabel, og den hierarkiske ordninga av HFS gjer det mogleg å grovt unngå tema som ikkje interesserer.
TL;DR er at dette er så komplekst at @Høvdingen ikkje bør ofra det så mykje arbeid.
Dette er eit gamalt ønske, like gamalt som «kill files» for å reinska vekk innlegg ein såg på som ugras i Usenet newsgroups eller på e-postlister.Jeg har ANONYMISERT på ignorer og er vel kommet til at forumet burde kanskje filtrere bort også poster som linker brukere man ignorerer?
Det er naturleg: Dersom det dukkar opp ei irriterande floge, er ofte den kollektive innsatsen for å slå i hel floga meir irriterande enn om alle berre ignorerte floga i utgangspunktet. På same måte lagar ofte svar på uønskte innlegg vesentleg meir støy enn sjølve innlegget.
Eg tenkte å sjå på denne problemstillinga, og sidan Usenet og e-postlister er ein slags forfedrar til webforum som HFS, kjem nokre referansar til dei. Teknisk sett tok desse utgangspunkt i meldingsformatet definert i RFC 822:1982, så la oss kalla dei RFC 822-forum (det er fleire RFCar som er relevante, td. RFC 1036 som forbetra RFC 822, men lat oss gjera det litt enkelt). Eg omtalar dei i fortid, fordi det som framleis finst må kallast historiske minnesmerke meir enn aktiv teknologi.
I utgangspunktet burde HFS, der innlegg ikkje berre er tilordna til forum (td. Hi-Fi/Hi-Fi generelt eller Musikk/Klassisk), men også ordna i tematiske trådar, vera veleigna til å unngå slikt ugras. Dersom tråden har eit tema som ikkje interesserer, eller som er utdebattert, er svaret enkelt: Ikkje gå inn på tråden («Don't do that, then»). I tillegg har HFS høve til å merka trådar med tags, som også tilbyr eit ekstra hierarki.
Likevel: Det er ein tendens til at ein del trådar vert eigne fora, som i røynda spennar over ganske mange «eigentlege trådar». Døma er mange, frå venetrådar for hifi-produsentar, eigne brukar-trådar eller litt tilfeldig ordna trådar -- til breie tema, som på Off-Topic, der alt om krigen i Ukraina er forventa å hamna i tråden Russland - En tikkende bombe eller bare fjas? ( ≈ 51'000 innlegg no).
Eg sjølv har iallfall tilpassa meg dette, og inngangsporten min til HFS er sida Tråder som jeg følger.
RFC822-forum hadde ikkje slike trådar. I staden var trådane implisitt definerte gjennom emnelinja («Subject»). Meldingar i ein tråd, altså som svar til eit anna innlegg («follow-ups»), hadde prefikset «Re:» i emnefeltet, og header-linja «References», som inneheldt alle meldings-id-ane i ei rett linje tilbake til opningsinnlegget. Eg siterer frå standardane:
RFC 1036 2.1.4 skrev:The "Subject" line (formerly "Title") tells what the message is about. It should be suggestive enough of the contents of the message to enable a reader to make a decision whether to read the message based on the subject alone. If the message is submitted in response to another message (e.g., is a follow-up) the default subject should begin with the four characters "Re: ", and the "References" line is required. For follow-ups, the use of the "Summary" line is encouraged.
Wikipedia har ein fin definisjon:RFC 1036 2.2.5 skrev:This field lists the Message-ID's of any messages prompting the submission of this message. It is required for all follow-up messages, and forbidden when a new subject is raised. Implementations should provide a follow-up command, which allows a user to post a follow-up message. This command should generate a "Subject" line which is the same as the original message, except that if the original subject does not begin with "Re: " or "re: ", the four characters "Re: " are inserted before the subject. If there is no "References" line on the original header, the "References" line should contain the Message-ID of the original message (including the angle brackets). If the original message does have a "References" line, the follow-up message should have a "References" line containing the text of the original "References" line, a blank, and the Message-ID of the original message.
The purpose of the "References" header is to allow messages to be grouped into conversations by the user interface program. This allows conversations within a newsgroup to be kept together, and potentially users might shut off entire conversations without unsubscribing to a newsgroup. User interfaces need not make use of this header, but all automatically generated follow-ups should generate the "References" line for the benefit of systems that do use it, and manually generated follow-ups (e.g., typed in well after the original message has been printed by the machine) should be encouraged to include them as well.
It is permissible to not include the entire previous "References" line if it is too long. An attempt should be made to include a reasonable number of backwards references.
Likevel er ikkje «tråd» det heilt rette ordet, det er meir snakk om eit tre der den opphavelege meldinga (den som ikkje var svar på ei anna) var rota.Usenet på Wikipedia skrev:The set of articles that can be traced to one single non-reply article is called a thread.
Det var vanleg å sitera utdrag frå meldinga ein kommenterte for å gje kontekst, om lag slik det er på HFS, men dette var ikkje utgangspunktet for trådordninga.
Ansvaret for å gruppera meldingar i trådar låg altså hjå e-postklienten eller newsreaderen til den einskilde brukaren. Denne klienten køyrde lokalt på maskina til brukaren, og hadde altså heile jobben med å ordna og visa fram innlegg. NNTP-serveren (RFC 997) visste berre kva grupper han hadde, kva innlegg han hadde i dei gruppene og kva som var det siste innlegget du hadde lese i den gruppa.
Det sannsynlegvis beste programmet for dette var gnus (Lars Magne Ingebrigtsen, 1995-ca 2009; andre kjende var Forte Agent, Netscape/Thunderbird og MacSOUP) som køyrde i editoren GNU Emacs (som ikkje er eit historisk minnesmerke, forresten, men som eg faktisk bruker for å skriva denne teksten).
Her er ein skjermdump (stole frå nettet) som viser korleis gnus sorterte trådar i eit forum. Dei fleste andre klientane hadde liknande visingar (MacSOUP kunne også visa eit faktisk tre, sjå over). Merk at det vanlege var å berre visa nye innlegg som default, men gamle innlegg kunne leitast fram.
Forte gjorde på liknande måte (her, skjermdump frå nettet, viser eit utdrag frå Usenet-forumet alt.autos.honda):
gnus hadde eit intrikat system for å gje «score» til meldingar, og sjølvsagt også høve til å scora ned (pre-emptivt) follow-ups til ei melding. Ting du ikkje ville sjå, scora du ned, ting du ville sjå, scora du opp. Det kunne du gjera både interaktivt (medan du las), eller via ein eigen syntaks. Ramla scoren under 0, såg du ikkje innlegget.
https://gnus.org/manual/gnus_90.html
(Her kan vi også merka oss, bak øyra, at store forum som Facebook og Reddit har slik "hard" tråding innebygd, eit skarpt skilje mellom opningsinnlegg, kommentarar og kommentarar-på-kommentarar. Faktisk har eg sett ein del Facebook-skribentar som legg ned forbod mot kommentarar-på-kommentarar, men bed lesarane utelukkande svara på opningsinnlegget).
Tilbake til HFS.
På HFS (etter det eg kan finna ut ved å søkja i XenForo-dokumentasjonen) har ikkje innlegga eit innebygd stamtre, slik References-headeren gav. Dei høyrer til ein tråd, og er lineært ordna i den tråden.
Å ignorera brukaren er noko XenForo gjer når ho presenterer innlegga for brukaren. Dersom brukaren står på ignore-lista, set XenForo
.isIgnored
til sann for det innlegget.Problemet, sidan dette vert gjort for kvart innlegg og kvar brukar, er at det vil gjera systemet veldig tregt om det skal for mykje berekningar til for kvar einaste melding som skal visast fram.
Difor, for å gjera dette skikkeleg, må vi dra ut informasjon frå innlegget om kva innlegg det svarar på når vi lagrar innlegget, og leggja til eit eige meta-felt (kall det
quotes
, follow-up-to
eller references
– eit vink til RFC 822/1036-standarden). Det burde vera trivielt, men samtidig gje falske positive: Dette innlegget siterer på eit ønske frå @PeriodeLytter, men er ikkje eit svar på det hen skriv. Det vil også gje falske negative, fordi det ikkje er heilt uvanleg å droppa sitering om svaret kjem rett etter eit innlegg, eller bruka markørar som «^» eller «^^» (eg forstår det som «det som vert snakka om over her»).Vi kan, for å forenkla, droppa å føra
references
opp dersom det siterte innlegget er i ein annan tråd. Vi kan også gjera feltet references
til ei liste av innlegg, ved å henta dette feltet frå det siterte innlegget, og så leggja det til i lista.Det gjer det iallfall mogleg å konstruera funksjonar av typen
- ignorer denne brukaren (som no)
- ignorer denne brukaren i denne tråden/dette forumet
- ignorer alle svar til dette innlegget
- ignorer alle svar på innlegg frå denne brukaren (total kill)

Sist redigert: