“Nye" høgtalarar er på plass, “nye" produkt er kjøpt inn, og grådige selgjarar på Finn har fått ein smekk på lanken. Pluss musikk og øl.
Går tida raskare for pensjonistar enn andre? Det trur eg, men har ikkje klart å prova det endå. Skal nok klara det til slutt. No sit eg og skriv, det er midt i mars, og eg trudde eg skulle skriva februar-dagboka. So syner det seg - etter ein samtale med redaktøren - at eg har ikkje kome lenger enn til desember. Eg er i sjokk. Kvifor hender dette gong etter gong? Eg kunne trengt ein sekretær, men anar ingenting om kiloprisen på slike i dag. I alle fall: Eg må skriva januardagboka, og det litt brennkvikt.
OBJEKT
Kva har eg lyst ut av komande artiklar? Nad 3300. Audioquest DAC-ar. Andre ting gjenstår òg. Og nokre vil eg ikkje rippa opp i ein gong. Det kjem.
Endå fleire ting er på gang: Electrocompaniet sine Objekt, dei pyramideforma høgtalarane konstruert av Svein Erik Børja og broren Bjørn Børja, har fått nytt basselement og står og spelar. Ikkje med dei heilt nye basselementa som er kjøpt inn til føremålet og som skulle på plass, men eit anna og eldre brukt element som eg fann på Finn. Dette er same elementet som i den friske høgtalaren. Heller ikkje dette er det opphavelege elementet, men kloss i, og det næraste me kjem her og no. Og godkjend av Bjørn Børja (pr. epost), som var sjefsingeniør på Seas. So det er litt av ei storhending dette: Eit par fullt fungerande Objekt spelar i stova mi. Dette er ein unik høgtalar som det berre finst ytterst få av. For litt meir info kan du gå attende til tidlegare dagbøker. Meir info vil koma seinare. Eg må fyrst læra meg høgtalarane å kjenna, grundig, og slikt tek tid. Eg garanterer på INGEN måte at det kjem ein omtale i neste dagbok. Snarare tvert i mot.
ELECTROCOMPANIET
Og so har eg og Stig Inge kjøpt i lag eit sett Electrocompaniet 25 Watt med tilhøyrande forforsterkar, det klassiske settet frå 70-talet.....
Les heile dagboka i Audiophile.no
Sist redigert: