TEST: Sigberg Audio – nytt norsk design av gammalt konsept

Sigberg_Audio_1_of_8.jpg


Vi prøvar SBS.1 aktive høgtalarar og ein stk Inkognito 10 subwoofer

For ganske lenge sidan, den gongen då få av dei som les dette hadde råd til hifi, var det alltid snakk om meir eller mindre imponerande bass. Dei små Tandberg HIFI12 i konfirmasjonsanlegget mitt var greie, dei. Men bass? Så fekk eg høyre om subwooferar......
Det var fleire som var opptekne med utfordringane rundt bassattgjevinga i stereoanlegget. Dei er det mange av. All bass krev eit visst volum, elles hadde det vore unødvendig med store kontrabassar og langstrakte tubarør. Løysinga er sjølvsagt å bygge store høgtalarar med store basselement, men det kan skape ufred i heimen. Og sjølv om ein får lov til å boltre seg med slikt, er ting ikkje heilt enkle likevel. Bassattgjeving heng nemleg alltid saman med rommet, og den same basshøgtalaren kan låte ganske ulikt når han spelar i ulike rom. Dessutan er plassering av basshøgtalar svært viktig for sluttresultatet. Og plassering av lyttaren....

Sub?
Vi er visstnok i stand til å registrere basstonar heilt ned til under 20 Hz, og då vil vi naturlegvis at stereoanlegget skal kunne formidle dette til oss, sjølv om den fornuftige musikkelskar ikkje er så ambisøs. For å få så djupe tonar til å klinge ut skikkeleg, trengs helst eit rom på storleik med ei kyrkje, og dei færraste moderne daglegstover er i nærleiken av dette. Og det er ikkje berre snakk om «lange frekvensar», det skal også flyttast mykje luft. Då trengs det ganske mykje energi, og anten store eller fleire små element. Skal ting gjerast heilt optimalt, trengs også ein hektoliter eller tre med høgtalarkasse,

Så det var berre ressurssterke entusiastar som tok utfordringa med å skape «realistisk» bass i heimen. Men så vart det kommersielt tilgjengeleg såkalla subwooferar. Dette var i utgangspunktet basshøgtalarar som skulle vere i stand til å spele djupare enn dei oktavane som normalt var i musikken. Den fyrste eg fekk lytte skikkeleg på var svenske Audio Pro sin aller fyrste. Imponerande på mange måtar, men samanlikna med resten av frekvensområdet var bassen ikkje så artikuert eller «rask» som ein skulle ynskje. Men djupt i frekvens gjekk han....

Les heile testen av Sigberg Audio SBS.1 og Inkognito 10 i Audiophile.no

Sigberg_Audio_2_of_15.jpg
 

Kommentarer

SigbergAudio

Bransjeaktør
Ble medlem
03.08.2005
Innlegg
1.010
Antall liker
1.560
Sted
Ås
Torget vurderinger
0
Takk for en fin test! :love:

Tenkte jeg skulle nevne at DSPen som nevnes i testen og som Arve endte med å foretrekke å kjøre uten, henviser til en Antimode 8033 som vi sendte med for autokalibrering av sub ved behov for det, ikke den innebyggede DSPen. :)

Mvh,
Thorbjørn
 

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
411
Link til alle artikler
246
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Quad ESL 57 og meir – Stig Arne si dagbok oktober 2021

Quad ESL 57 og meir – Stig Arne si dagbok oktober 2021

  • 1
Raud løpar, Rolls Royce og The Electrostar: Quad ESL 57. Men mest om Quad-ane, etter ei vitjing hjå Lars Tørressen. Som eg skreiv i førre Dagboka, var eg ein tur te bydn (Bergen) i samband med...
Fortsett
Audiophile.no
Dan D’Agostino Relentless Preamplifier - tidenes heftigste forforsterker?

Dan D’Agostino Relentless Preamplifier - tidenes heftigste forforsterker?

  • 59
Dan D’Agostino Master Audio Systems har lansert en ny flaggskipforforsterker som naturlig makker til monoblokkene Relentless Mono Amplifier. Relentless Preamplifier later til å være like nådeløst...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: Yamaha WXC-50 – en strømmende budsjettmester

TEST: Yamaha WXC-50 – en strømmende budsjettmester

  • 0
Yamaha sin kompakte WXC-50 er en streamer som har fanget vår oppmerksomhet i en periode. Og da muligheten bød seg for å ta en test, tok vi en kjapp carpe diem Yamaha lanserte første generasjon...
Fortsett
Audiophile.no
The Nordic Ice Collection – Bang & Olufsen kler seg i ny vinterdrakt.

The Nordic Ice Collection – Bang & Olufsen kler seg i ny vinterdrakt.

  • 0
Vi nærmer oss vinter, og trofast mot sine tradisjoner introduserer Bang & Olufsen en ny kolleksjon med en årstidtilpasset farge på 6 av sine mest populære produkter. Som vi har påpekt mange...
Fortsett
Audiophile.no
Film spesial: Stig Arne går til filmen – Stig Arne si dagbok september 2021

Film spesial: Stig Arne går til filmen – Stig Arne si dagbok september 2021

  • 0
Denne gongen vil eg ikkje testa eller prøva ut noko særskilt, men heller nytta høvet til å filosofera kring konsertopplevinga, og korleis denne skil seg frå lytteopplevinga i stova heime. Eg er...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: Cambridge Audio EVO 75 – en usedvanlig veldesignet strømmeforsterker

TEST: Cambridge Audio EVO 75 – en usedvanlig veldesignet strømmeforsterker

  • 0
I vår lanserte Cambridge Audio en helt ny produktfamilie, med strømmeforsterkerne EVO 75 og EVO 150 i sentrum. Vi har hatt den minste av dem på test. Cambridge Audio har produsert HiFi siden...
Fortsett
Topp Bunn