Ein bukett Tandberg. Siste verset? Neppe! Fleire er på veg. Men i denne omgangen har me samanlikna Sølvsuper 11 med 12, samt TR 220 og TR 2030. Ein av dei ein skikkeleg godbit, men berre utan den innebygde loudnessen.
LOUDNESS: VEKK MED HAN!
Fyrst ei oppklaring. “Loudness” står det over eller under ein trykk-knapp på mest alle radioar og forsterkarar, som du kan trykkja inn for å få meir bass (og diskant) når du spelar lågt. Forsking har nemleg synt at me oppfattar desse frekvensane dårleg når me spelar lågt. I og for seg ein grei finesse. Men Sølvsuper 11, 12 (og Beomaster 9000, som me skal koma attende til) har ikkje ein slik knapp. Dei har sokalla automatisk loudnesskontroll, som var vanleg på den tida. Du kan ikkje skru han av. Han er knytt til volumknappen. Med volumet relativt nedskrudd får du mykje bass, ved høgt volum mindre.
Audiofile skyr loudness som pesten, av di denne kompensasjonen er vilt overdriven, og vert berre nytta av dei som har eit spinkelt klingande anlegg, eller andre med klogger, hentesveis og heimekinoanlegg, som ikkje kan få nok bass. Takka vera internett og reparatøren har eg vore klar over denne finessen på SS 11 og 12, og at han faktisk kan inaktiverast ved å klyppa over to leidningar som har utspring på toppen av volumkontrollen. Einkvar som klarar å skru delvis ut to skruer på kvart sidepanel, trekkja desse til sides og lyfta opp toppdekselet, kan lokalisere volumkontrollen, og kappa desse sjølv, med ein avbitar, eller til og med ei saks. Ingenting å vera redd for! Berre gjer det! Det er som å få ein ny forsterkar. Reint teknisk inneber dette at du koplar vekk eit tilbakekoplings-krinslaup som ikkje trong vera der i utgangspunktet, og som berre rotar til lyden.....
Les heile julidagboka i Audiophile.no
Sist redigert: