kan du fortelja lite meir om denna super-bocken Arve ?
Heilt grei sommarpilsaktig sak som smakar akkurat passeleg mykje humle til sommarbruk. Om vinteren likar eg betre raud vin når det skal mimrast portugisisk (skal det absoutt vere portugisisk øl når det er kaldt i veret, føretrekk eg "raudt øl", såkalla "Boheme" (gammal oppskrift, litt gammaldags, men ein god erstatning for tjukk-ølet eg ikkje likar - eg blir så mett..), men sommarstid er lette pilstyper, nesten iskalde, i frosne glas tingen (iallfall mykje kaldare enn det desse forståsegpåarane skal ha det - eg innrømmar også å bruke tonekontrollar når eg finn dette for godt.)
Kjensla av å drikke øl som er så kaldt at det nesten ikkje går an - kolsyra som vert frigjeven akkurat når du svel ned, når du har stått og lagt brustein i hagen og er sveitt og middels utsliten, det er noko eg og naboen min i Portugal set stor pris på....