Dersom det er skilnad på clamp og vekt, må det vere at clampen har gjengar, og skruast fast til spindelen. Men det er fleire konstruksjonar:
1. Vi har "Pucken" i gummimateriale som pressast ned, og held seg sjølv på plass ved å vere tronghola og elastisk.
2. Clearaudio sin lettaste (plast)konstruksjon. Det firkanta holet er såpass stramt at greia haldast på plass av dette.
3. Michell sin platestrammar, som strammar seg fast til senterspindelen ved å presse saman holet med ein skrue.
4. Så har vi dei tunge lodda som held seg på plass berre gjennom stor vekt.
5. Og dei litt lettare lodda som skruast ned på den gjenga spindelen.
Mange spelarar har ikkje godt av nr 4. Det skal grovt dimensjonerte lager til å halde eit kilo ekstra masse. Difor er det mange drivverkskonstruktørar som lagar nr 5. Då må du skru fast strammaren, i motsetnad til nr 4, som berre kan setjast på plass.
Spelarar med flytande oppheng fiksar ikkje mykje vekt. Då er 1, 2 eller 3 best, i den grad dei kan brukast. Mi erfaring er at spesielt nr 1 er vanskeleg å få til når du verkeleg treng det. Og det er eit knep med nr 2 også. Nr 3 er den smartaste, fantastisk saman med Technics SP 10, fordi denne spelaren har moment som gjer du berre treng halde fast i skruen, så dreg motoren strammaren laus utan problem.
Personleg likar eg vekt, det går raskast ved dagleg bruk. Men det diskvalifiserar eigarar av platespelarar med flytande oppheng. Ting må iallfall finjusterast på nytt når du styrer med dette. Då eg hadde LP 12, var det nr 2 eg brukte. Eg plundra litt med 3, men det var vanskeleg å stramme akkurat passeleg. Og spelaren kom ut av stille når eg måtte bruke makt for å løyse strammaren.
Eg får heilt klart best lyd når eg også brukar platekrans (Det er berre VPI og Clearaudio som har dette som ferdigtilpassa produkt, og VPI er den beste av desse). Platekrans er ei tung vekt som er nøye tilpassa platetallerken og den aller yste kanten på vinylplata. Når denne leggjast på, vert tallerken, platekrans, strammar - og dei hundreogtretti gramma vinyl - ei masse, og tynne 80-talsplater let fantastisk.
Men det er også ei anna løysing: kjøp berre 180-gramsplater (eller 200grams), eller originalplater frå før ca 1970.