Smått er ikkje godt – Stig Arne si dagbok oktober 2023

SAD-1023 (1 of 1)-2.jpg


Eg nyttar ein triveleg kveld i Fredrikstad før Horten-messa med Karl Erik og Arve som bakgrunn for å forklara litt om kva eigenskapar eg meiner eit godt stereoanlegg bør ha. Og i november kom jolaølet både til polet og butikkane, og dette vil nok prega ølspalta ei stund.

Tida går i ei svimlande fart, det er berre so vidt klokkene klarer å halda fylgje, jamvel dei sveitsiske, som er heilt ko-ko. For ikkje lengje sidan var det Osa-festivalen som tok heile helga, denne gongen var det Heidrafest, ein årleg cover-festival (som eg heldigvis ikkje har nokon avtale eller planar om å referera i frå). Vekedagane går og som ein røyk, det er so vidt eg klarar å halda meg ajour med avislesing, oppvask og rydding. Og brått er det tid for ny Dagbok. Det er travelt å vera pensjonist.

Fredrikstad

Attende til Fredrikstad. Som redaktør Karl Erik skreiv i sin del av rapporten, har det vorte ein tradisjon at me har hatt samling torsdagskvelden i sumarbustaden hans i Fredrikstad, som eit “førespel” før me reiser vidare til Horten. Kall det gjerne teambuilding med hifi-verkstad! Det kunne jo eg og for så vidt ha teke med i reportasjen min, men det tenkte eg ikkje på i farta, so då var det jo veldig greitt at K E tok den jobben. Karl Erik er jo ein disiplinert og grundig mann, og skreiv ein mykje meir utfyllande reportasje frå Horten enn meg, som brukar meir tid i restauranten. I Fredrikstad starta me med lytting til K E sine nyinnkjøpte (brukte) B&W 685, har han ikkje nok småhøgtalarar? Men han mangla visst denne i samlinga. Greitt nok. Eg har sjølv nokre sett (men andre modellar). Karl Erik summerte korrekt opp at me hadde hatt ein hyggjeleg og lærerik kveld, og koste oss storleg med god musikk, mat og drikke.

Men lat meg få lov til å spinna vidare på eit par ting. Ja, det spelte godt med B&W 685 prisen tatt i betraktning, so langt er alle samde. Men her vil eg kommentera. Eg kjenner desse høgtalarane, ein kamerat heime har eit par. Eg har studert frekvensgangen (i dei magasina som har testa dei). Og denne er ikkje like rett og nøytral som tidlegare tiders B&W. Han har ei heving frå mellomtonen og opp. Dette gjev klår lyd, men kan og verta litt for mykje av det gode når du skrur opp. Det kan verta kvast. Det var dette eg ville prøva ut når eg stadig skrudde opp, og K E skulda meg for å vera “tung på labben”. Ja, eg er generelt litt tyngre på labben enn K E og Arve, men her skrudde eg altso med vilje opp til lyden sprakk og K E og Arve hoppa i sofaen. Dette er eit triks eg brukar for å testa korleis stereoanlegget oppfører seg på full vreng....

Les heile dagbokartikkelen i Audiophile.no

SAD-1023 (3 of 7).jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
948
Link til alle artikler
400
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Minimesse hos Acoustic Tuning i Trondheim

Minimesse hos Acoustic Tuning i Trondheim

  • 0
Acoustic Tuning hadde invitert utvalgte kunder til en minimesse lørdag 27.1.23 i sine lokaler på Sorgenfri i Trondheim. Audiophile.no var til stede, og hadde et interessant og hyggelig møte med...
Fortsett
Audiophile.no
Klimax Solo 800 - ny flaggskipforsterker fra Linn

Klimax Solo 800 - ny flaggskipforsterker fra Linn

  • 3
Linn har lansert et monster av en effektforsterker. Si god morgen til Linn Klimax Solo 800. Linn har lenge hatt en velutviklet forsterkerserie på tre ulike nivåer, og med flere effektklasser i de...
Fortsett
Audiophile.no
"I DAG SPELAR DET GODT" – Stig Arne si dagbok desember 2023

"I DAG SPELAR DET GODT" – Stig Arne si dagbok desember 2023

  • 2
I dag spelar det godt, og det smakar godt. Litt om lyden frå stereoanlegga våre heilt generelt, ispedd litt psykologi; og resten av jolaølet. Du har sikkert erfart det sjølv. Einskilde dagar...
Fortsett
Audiophile.no
Galaxy Unpacked 2024 – AI is coming

Galaxy Unpacked 2024 – AI is coming

  • 0
Onsdag 17. januar hadde Samsung samlet over tre hundre personer i Colosseum kino. Og selvfølgelig var det den årlige lanseringen Galaxy Unpacked som var anledningen, overført Live fra San Jose i...
Fortsett
Audiophile.no
Augnestikkarar og jolaøl – Stig Arne si dagbok november 2023

Augnestikkarar og jolaøl – Stig Arne si dagbok november 2023

  • 0
For ein gongs skuld har eg helde lovnaden med å koma attende til noko eg har lovt tidlegare: Å samanlikna Dac-ane Audioquest Dragonfly Cobalt og Red. Og Cayin RU6. Og mengder med jolaøl, men det...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: Linn Selekt DSM Edition Hub Organik – Modulær strømmeforsterker med Linn sin egenkonstruerte stereo-DAC

TEST: Linn Selekt DSM Edition Hub Organik – Modulær strømmeforsterker med Linn sin egenkonstruerte stereo-DAC

  • 0
For et par år siden testet vi i Audiophile.no Linn sin strømmeforsterker i sjiktet mellom Majik og Klimax. Men på høsten i fjor lanserte Linn en mer påkostet utgave av Linn Selekt, i form av...
Fortsett
Topp Bunn