^
Eg er nok den siste som burde skriva nekrolog over Vinje, men eg trur den moderne-konservative linja hans i ettertid vil stå som ei av hovudforklaringane på korleis bokmål vart stabilisert etter om lag 1980.
Etter ulike eksperiment i samnorsk leid, med den (språkleg) radikal-konservative riksmålsrørsla som einaste anti-tese, trong bokmålsbrukarane ein syntese som Vinje. Ein som kunne gje normativ rettleiing og tukt utan annan motivasjon enn å verna om eit konsensus-majoritetsspråk. Han var ikkje ein florlett språkkunstnar, slik André Bjerke var, han var den norsklæraren alle gjerne skulle (eller burde!) hatt med seg heile livet. Dei er ein undervurdert art, dei skikkelege raudpenn-norsklærarane.