BigSwifty skrev:
eg likar også beechams carmen, men den har eg ikkje på half-speed.
Kor får eg tak i heile serien, Arve - og hvilke lp-er inneheld den: Det er det denne tråden handlar om.
;D og god sommer (sumar?) til deg.
Eg har som sagt Carmen, men likar Beecham mykje betre enn halvfartsgraveringa frå RCA, som har flott overflate og vinylkvalitet, noko som slett ikkje er til nytte når opptaket er såpass dårleg som det er.
Hugsar det var ei brosjyre om desse frå RCA, men den har eg nok kasta for lenge sidan, for det var ikkje så aktuell musikk der (og dessutan litt stive prisar). Den klassiske delen av musikksamling inneheld musikkverk eg er glad i, som eg har funne i fleire pressingar og tolkningar. Ei periode var eg (er vel framleis) interessert i å høyre korleis tolkingar kunne slå ut ulikt for det musikalske uttrykket. Då dirigentane anno 1960 våga legge meir i partituret enn det som vert gjort notildags, og dette ofte er kopla med svært god lydkvalitet i denne perioden, har det vorte mykje av denslags etter kvart. Men halvfartsgraveringane gjekk eigentleg spesielt på ting eg ikkje var så begeistra for. Dei var også gjort i den aller fyrste stereotida, og "Carmen" er ikkje eingong skikkeleg stereo, med ein så trist klang at det som finnest av andre naturlege kvalitetar, ikkje er så interessante. Eg meiner at også Berlioz sitt rekviem vart utgjeve som halvfartsgravering, med overstyrt teip, så ingenting kan redde fortissimo-partia.
Eg vil altså gje same råd som Vidar. Med ei lite utviding: RCA LSC-platene som er før nr 3000 er svært ofte svært gode. Og EMI sine ASD under 4000 (desse vart hovudsakleg selde i Storbrittania og USA, medan "kontinentale" variantar (som stort sett er like gode, har eitpar dublettar, og har høyrt fleire. Det er uråd å høyre skilnad) har 1C-nummer.