Eg tykte i mi tid at effektforsterkaren let brukbart, men hadde alt for lite effektreservar til å gjere noko fornuftig. Men forforsterkaren (altså riiatrinnet, all den tid vinyl var det einaste fornuftige medium eg brukte den tida) var glimrande, så då NAD 1020 dukka opp, kjøpte eg denne forforsterkaren og hadde han ei periode til eg fekk råd til noko betre.
I dag ville eg nok vere svært nøye med å finne dei rette høgtalarane til denne relativt tidstypiske saken. Ikkje så frykteleg fantastisk om du samanliknar med dei nye NAD-produkta eller t.d. Vincent og liknande.