Problemet er å få pressa plata ned til størst mogleg kontaktflate med tallerken /matte. Ein måte å ordne dette er å ha ein pakning heilt inne ved sentertappen, og ein platestrammar som pressar ned plata berre ved ytterkanten av etiketten. Då vil resten av plata (rilledelen) ligge med press mot underlaget. Eg jobba med dette ei tid, og fekk ganske brukbart resultat med Michell-strammaren til Bluesbreaker og PlatterMatter (same som Oracle-matta). Men både vakuumtallerkar og platekransar gjer ein betre jobb etter mi erfaring. Ein strammar, eller ei vekt for den saks skuld, er åleine berre nyttig når plata er lett konveks/konkav, og når du brukar strammaren til å presse "bulen" nedover. Platekrans + strammar verkar alltid. Men best på tynne vinylplater - 200-grammarane treng ikkje slikt.