Vi får vel prøve å nyansere litt...
For ei tid sidan (det er ti år, du verda) diskuterte eg kvalitet med dagleg leiar på vår lokale skjortefabrikk i samband med eit eleventreprørskapssamarbeid. Han eksemplifiserte kvalitet ved å snakke om nokre skortemodellar fabrikken hadde laga. Ettersom fabrikken hadde spesialisert seg på uniformsskjorter, var dei ikkje så avhengige av motevariasjonar som andre, og dei hadde såleis lansert ei skjorte i superkvalitet. Iallfall superkvalitet sett ut frå ein viss synsvinkel.
Skjorta var i praksis usliteleg. Testvaska 100 gonger, topp knappekvalitet, strykefri og den mest fargeekte på marknaden. Men det vart ein flopp. Prisen den gong var over 500 kr, og det vart for dyrt, sjølv om skjorta hadde ei levetid 5-6 gonger lenger enn konkurrentane. Det er rett og slett ikkje marknad for ei skjorte som varer 100 vask. Vi snakkar vel om minst ti års bruk? Nei, forbrukaren såg ikkje denne levetida som ein kvalitet. Dei færraste ynskjer nok å ha ti år gamle plagg i skapet..
Eg lot mor mi overta den gamle 32" bilderørsTVen som fungerar irriterande bra. For eg måtte ha meg eit par flatskjermar (Samsung), må vite... (Men på mørkeloftet har eg ståande fyrste TV-apparatet vi hadde i min barndomsheim. Frå 1964. Truleg velfungerande, om eg skiftar ein brytar. Eg har også ein gammal SONY-bilderørsTV som er produsert i japan på slutten av 80-talet. KjempeTV (bortsett frå storleiken på skjermen. Men vi fekk med oss mykje Dagsrevy via denne)
I skuleverket kasta vi for lenge sidan nokre velfungerande TIKI 100-masiner (tok vare på ei av museale årsakar). Dei var utdaterte. Vi kasta også nokre Apple-maskiner. Programma dei var utvikla for, kunne framleis brukast. Eg brukte lenge 386-maskiner på mellomsteget, i all hovudsak for å lære elevane touch. Det fine med desse er at dei også kan skrive tekst, men at det ikkje går å surfe på nettet. Dette gjer dei ideelle i ei opplæringsfase.
Men eg måtte nettopp hjelpe mitt studerande avkom med ny pc, fordi autocad og ein del anna tung programvare var avhengig av betre maskin enn dei billegaste på Elkjøp, som eg har slått meg til tåls med. Artiklane til
www.audiophile.no skriv eg hovudsakleg på ein bitteliten, rosa PC som ynstejenta ikkje vil ta i. Fint tastatur etter storleiken, men litt liten skjerm. Men fin å ha i sofaen og lytteposisjon.
No held Nokia-mobiltelefonen min på å dette frå kvarandre. Han har nok ramla i bakken for ofte. I vatnet har han vore også, det gjekk bra, den gongen. Dette er ein fin sak som eg både kan ta samtalar og smse med. Grei som lydopptakar på notatnivå. Tvilsamt kamera. Ubrukeleg til å surfe med eller lese epost. Men ei batterilevetid som til denne dag har gjort at eg kunne reise på Hortenmessa utan ladar. Liten nok til å ligge i bukselomma, og robust nok til at nøklane eg har der ikkje skamfarer han
Han er vel no fire år gammal.
Kva skal eg kjøpe neste gong?