- Ble medlem
- 18.08.2013
- Innlegg
- 58
- Antall liker
- 35
Hei alle,
Eg har ein Esoter Track Ten-tonearm montert på eit Lenco L75-drivverk i bjørkefinérplinth.
Kva vil vere eit godt alternativ til pickup til denne til ein pris som ikkje overstig 2000 kroner?
Eg høyrte ein Audiotechnica AT 440ml-occ på ein Rega Planar 3 og syntes at det låt veldig fint igjennom ein Tandberg TR-1000, som er same forsterker som eg bruker. Vil denne pickupen passe i denne Jelco-armen også, eller blir det feilmatch? Må innrømme at eg ikkje har klart å få hovudet heilt rundt dette med tonearm/pickup-matching endå. Det virkar å vere litt usikkerhet på nettet kring kva den effektive massen til denne armen faktisk er på. På Jelco si side står det 18g, mens det andre stadar har stått at den har ein lavare masse, tilogmed heilt ned på 12g. Eg kunne blitt forvirra av mindre.
Såvidt eg kan sjå er den identisk med Jelco sin SA250-ST, bortsett frå at festebraketten er litt mindre i ytre diameter, så om ein difor går utifrå at den er identisk utenom det, kva pickup ville ein gått for då?
For augneblikket står det ein Ortofon 2M red på den som er litt sliten etter å ha tilbragt mang ein time på den forrige platespelaren min, ein Project RPM 1.3. Synes det blir for mykje sporingsfeil og at det manglar litt på detaljar.
Takk for at du las.