JMW-armane er gode armar, til fornuftig pris. Så eg har ein slik ein, utan at eg er heilt sikker på om eg burde oppgradere eitkvart...
Eg likar veldig godt min utgamle ARC SP10 som riaa. Det er så mykje flott med denne antikviteten at eg tviler på at det vert ny forforsterkar/riaa med det fyrste. Problemet er at han for tida er sjuk og må reparerast. Vidare er det ein litt sær dings, pickupane må ha eit absolutt minimum på 0,3 mV, og helst noko meir. Er vi på 0,6 - 0,8 vert det gøy, men då er det avgrensa av pickupar som er verkeleg dynamisk nyanserte. Benz har nokre rimelege eg likar veldig godt, men dynamisk nyanserinsevne er ikkje deira sterkaste side. Og dei dyre.....ja, dei er dyre.
Av og til passar det med ein Benz. Men eg likar å ha eit lite utval pickupar, for å få fram ulike aspekt med musikken. Det er billegare å ha ein slik stall enn å ha ein superpickup, og så kan investeringa splittast opp.
Dette var viktig då eg hadde EPA 100-arm, der pickupskift gjekk på eit minutt eller så. Etterpå fekk eg ET-2-arm, der eg også skifta pickup innimellom, men der eg var storfornøgd med ein VdH. Så fekk eg Linn Akito2, og pickupskift vart tungvint for ein med mine vanar. No, med JMW 9Sig, har eg to armrør, og skiftar på få sekund.
Den siste tida har eg brukt mi fleirårige referanse DV10x5 med svært godt resultat. Musikalsk som ein Benz, men meir rockete. Eg må likevel innrømme at ein xx2 er mykje meir moro, meir detaljar og nyansar, flottare topp, veldig korrekt elles i frekvensområda, flott lydbilde.
Det vert nok til ei utskifting av referansen når DV10x5 er utsliten, men det er mykje kjekt å velje i til JMW-armen. Før eg bestemmer meg, må eg dessutan prøve denne svarte Ortofonen som Gunnar Brekke skryt slik av.... og dei nye Lyra-modellane.