Osafestivalen, 27.-29. oktober 2023: Frå oppskóka til taterkultur

Osafestivalen23 (3 of 9).jpg


Me likar oss best heime når hauststormane herjar. Men stundom lyt ein ut for å finna inspirasjon, for å læra noko, og for å ha noko å reflektera over når du er heima. Ein slik læringsarena er Osafestivalen, skipa til av Ole Bull Akademiet på Voss, årvisst i oktober. Hit kjem kvedarar og musikantar frå heile landet og vidare, og dei kan framføre dramatiske forteljingar, slik folkemusikk typisk nok byr på. Eg sette av helga, møtte fram på utvalde konsertar (eller rettere so mange som eg rakk over) og deler med glede inntrykka frå nokre av dei.

Elias Akselsen

Det er heilt feil, men me byrjar med den aller siste konserten, i Idrottshallen sundags kveld klokka seks. Då skulle Elias Akselsen, Stian Carstensen og Ola kvernberg spela, men Carsten kunne ikkje stilla. Elias beklaga dette, men understreka at han og Økland (fele) hadde spela i lag før, so det skulle ikkje vera noko problem. I staden sto Elias byrgt fram som den musikaren og sogeforteljaren han er, og det var ei sår historie han fortalde i frå. Han er tatar, og dei har ikke vorte handsama fint. Melodiane skildra t.d. tapt kjærleik, som når bondeguten måtte forlata gard og arv for tatarjenta han vart kjær i, og vart redusert til ein vandringsmann som ikkje var noko verd. Den dag i dag kan dei fleste tatarar korkje lese eller skriva, heller ikkje Elias. Skulegangen var ei veke her, 14 dagar der. Dei vandrande hadde ingen heim, og korleis skal ein då kunne kosa seg heime?

Det var ein flott konsert, men eg vart og fylt med sorg over den urettvisa mange må tole, og Elias sjølv måtte fleire gonger turka tårene etter dei tristaste melodiane.

Les heile artikkelen om Osafestivalen 2023 i Audiophile.no

Osafestivalen23 (6 of 9).jpg
 
Sist redigert:

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
924
Link til alle artikler
394
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Smått er ikkje godt – Stig Arne si dagbok oktober 2023

Smått er ikkje godt – Stig Arne si dagbok oktober 2023

  • 0
Eg nyttar ein triveleg kveld i Fredrikstad før Horten-messa med Karl Erik og Arve som bakgrunn for å forklara litt om kva eigenskapar eg meiner eit godt stereoanlegg bør ha. Og i november kom...
Fortsett
Audiophile.no
Hifihub – ny aktør i Jessheim besøkt

Hifihub – ny aktør i Jessheim besøkt

  • 3
I helgen har to herrer med lang fartstid i H iFi-bransjen hatt åpning av en ny HiFi-butikk i sydkant av Jessheim sentrum. Vi avla forretningen et besøk lørdag formiddag. Henning Morken og Øystein...
Fortsett
Audiophile.no
Platesmaking 2-23. Gamle helter med nytt materiale

Platesmaking 2-23. Gamle helter med nytt materiale

  • 0
Denne gangen har jeg vært nødt til å ta i bruk kø-sniking, for det var flere ferske nyheter som presset seg fram blant litt velmodnet ost. Og så kommer det mer med det første, der køen blir...
Fortsett
Audiophile.no
Ein snartur – Stig Arne si dagbok september 2023

Ein snartur – Stig Arne si dagbok september 2023

  • 1
Ein tur innom Lars Tørressen i Bergen var det eg hadde lyst å skriva om til denne utgåva, samt ølspalta naturlegvis, inkludert øl du ikkje får tak i. Om du ikkje valfartar til...
Fortsett
Audiophile.no
Made By Google 2023 – årets store store Pixel-lansering

Made By Google 2023 – årets store store Pixel-lansering

  • 0
Den 4. oktober hadde Google Norge invitert til en keynote-event. Denne gangen var det Google sitt hovedkontor på Aker Brygge som var location, og to mobiler og en ny smartklokke sto på agendaen...
Fortsett
Audiophile.no
Linn 360 i Vibes gate

Linn 360 i Vibes gate

  • 1
Den 11. oktober var avsatt til besøk hos Eksakt HiFi, med et avtalt pressetreff med Rachel og Odd Rune, og en umiddelbart påfølgende kundekveld der Linn sine nye flaggskiphøyttalere Linn 360 var...
Fortsett
Topp Bunn