Om littavkvart – Stig Arne si dagbok desember 2021

SAD-1221 (1 of 1).jpg


Godt år folkens! Det er alt slutten på januar, i skrivande stund, og på tide å skriva desember-dagboka.

Eg har hovudet fullt av tankar, og som vanleg mange lause trådar, men har ikkje klart å sortera ferdig. Difor skriv eg som vanleg det som ligg nærast, og som tek minst tid å skriva ut, for å få det ut or hovudet. Eg kjenner at eg har nytta den orsakinga før.

NAD

Uansett: Eg har framleis ein Nad 3300 oppkopla, omtale må venta til neste utgåve.

AUDIOQUEST

Eg har ei stund nytta Audioquest sine miniatyr-dac´ar, mellom Mac-en og stereoanlegget. Enklare går det ikkje an å gjera det. Eg har brukt den nye blå, kalla Cobalt (kring 3500,-), men har og lånt naboen sin Red (1500), for å samanlikna. Eg las nemleg om ein som antyda at den raude var vel so “liquid” i mellomtonen som den blå, og dermed var gloa tent. Eg måtte sjekka, sidan “alle” testane seier at Cobalt er best. Eg har alt gjort meg opp ei meining, men vil ikkje ut med noko før eg har dobbeltsjekka. Skal kopla opp ein annan forsterkar, og nytta same musikken som sist, og annan musikk i tillegg. Eg prøver å vera både grundig og systematisk, ikkje for å skryta, men for å gjera ein best mogeleg jobb, innanfor rimelege grenser. Og for at eg skal kunne stå inne for resultatet. Full omtale kjem.

NRK OG DENSLAGS

Eg har kabel/fiber inn til huset, og abonnementet til 999 kroner månaden tek seg av både TV og internett. Eg har nyleg fått ny boks mellom ruteren og fjernsynet, og med denne kan eg no “spola" bakover, i fall det var noko eg ikkje heilt fekk med meg. Evt. sjå eit heilt program i reprise/optak - om det ikkje er for gamalt. Det er utruleg praktisk. Om eg har gløymt meg, og klokka brått er ti over ni, er det berre å spola attende ti minutt, so får eg med meg heile nyhende-sendinga frå starten. Om du óg har prøvd dette, har du sikkert lagt merke til at lyden er utruleg mykje dårlegare (når du er bak sanntid). Han er ein heil del lågare, det går det an å kompensera ved å skru opp, men lyden er framleis veldig innpakka. Truleg skuldast dette boksen, og ikkje Nrk. Uansett gjer dette fenomenet det heilt uinteressant å ta opp lyden frå ein konsert på kassettspelar, om det ikkje går direkte/i sanntid....

Les heile dagbokartikkelen i Audiophile.no

SAD-1221 (5 of 6).jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.308
Link til alle artikler
496
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Gamle radioar – Stig Arne si dagbok april 2025

Gamle radioar – Stig Arne si dagbok april 2025

  • 0
Er gamle radioar på moten att? Me let samlarar vera samlarar, og bryr oss berre om ein ting: Lyden. Og i ølspalta har me 4 boksar og ei tuteflaske. Bang & Olufsen Beomaster 900 (1964-1970) Kva i...
Fortsett
Audiophile.no
Klimax Solo 500 – Ny nestkommanderende monoblokk fra Linn

Klimax Solo 500 – Ny nestkommanderende monoblokk fra Linn

  • 3
I begynnelsen av 2024 lanserte Linn en ny flaggskipforsterker, og nå følger den skotske produsenten opp med en nestkommanderende forsterker. Klimax Solo 500 er navnet, og Linn-kjennere ser...
Fortsett
Audiophile.no
600-serie - Nye flaggskipforsterkere fra Mark Levinson

600-serie - Nye flaggskipforsterkere fra Mark Levinson

  • 1
Den amerikanske HighEnd-produsenten Mark Levinson har avduket en nye HighEnd-serie. 600-serien overtar stafettpinnen øverst i hierarkiet etter 500-serien, som til nå har vært det ypperste fra...
Fortsett
Audiophile.no
CLARITY 4.2 – Ny uvanlig stativmodell fra RADIANT ACOUSTICS

CLARITY 4.2 – Ny uvanlig stativmodell fra RADIANT ACOUSTICS

  • 8
I fjor lanserte Radiant Acoustics den oppsiktsvekkende stativhøyttaleren Clarity 6.2. Nå kommer en enda mer oppsiktsvekkende lillebror, med modellbenevnelsen Clarity 4.2. Det vil si – det er...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: Marantz Model M1- Varulv i lammeklær

TEST: Marantz Model M1- Varulv i lammeklær

  • 0
Marantz Model M1 ble lansert for et år siden sammen med storebror Model M4. Vi har hatt Model M1 på en grundig test sammen med stativhøyttalerne Polk R200. I slutten av mai lanserte Marantz den...
Fortsett
Audiophile.no
HARMAN kjøper Sound United, med B&W, Denon og Marantz

HARMAN kjøper Sound United, med B&W, Denon og Marantz

  • 5
HARMAN har i går lagt ut en melding om at de kjøper Sound United fra Masimo Corporation for 350 Mill. USD. I pressemeldingen er det positivt bekreftet at overdragelsen inkluderer merkene Bowers &...
Fortsett
Topp Bunn