Olivier Messiaen 100 år

kjetinho

Overivrig entusiast
Ble medlem
22.03.2005
Innlegg
788
Antall liker
22
Eg kom tilfeldigvis over ei brosjyre frå Griegakademiet her om dagen. Der såg eg at dei har ein serie med konsertar for å hylle denne mannen. http://www.hf.uib.no/grieg/00om_ga/00_om_kalender.htm

Frå tidlegare hadde eg ikkje noko kjennskap til musikken hans og bestemte meg for å sjekke nokon av verka som skulle framførast. Etter litt leiting på youtube fekk eg meirsmak, eller fot om du vil, av "vingt regards sur l'enfant Jesus"
Og etterkvart plukka eg med meg denne frå biblioteket

http://www.naxos.com/catalogue/item.asp?item_code=8.550829-30
Spelt av nordmannen Håkon Austbø, som har vore elev av Messiaen. Eg må seie at eg tykkjer dette er eit veldig spanande verk. Det viser stor spennvidde frå rolege, melodiøse parti med nydelege og originale klangar, til voldsomme, hoggande rytmiske parti. Stykket klokkar inn på over to timar fordelt på 20 satsar. Og sjølv om dette er utfordrande musikk for meg, vart eg sittande å høyre heile stykket gjennom for så å byrje frå starten att etterpå.

Her er ein artikkel om stykket og Håkon Austbø: http://www.aftenposten.no/kul_und/musikk/article2293939.ece
http://www.aftenposten.no/kul_und/musikk/article2293939.ece

Eg ser no fram til å høyre stykket live: Fredag 12. desember kl. 19.30 Gunnar Sævigs Sal
Olivier Messiaen 100 år Vingt Regards sur l´enfant Jesus Einar Røttingen klavér.

Vel, då er eg førebels tom, men vonar det kjem fleir innspel frå andre om Messiaen. Eg er klar for fakta om mannen, sentrale verk, anbefalte innspelingar og kva du måtte finne på. Fyr laus!
 

erato

Æresmedlem
Ble medlem
15.03.2003
Innlegg
20.844
Antall liker
12.655
Sted
Bergen
Torget vurderinger
1
Takk for tipset om konserten den 12.12. Den får prioritet.
 

Pesquera

Hi-Fi freak
Ble medlem
25.08.2005
Innlegg
1.381
Antall liker
75
Torget vurderinger
11
erato skrev:
Takk for tipset om konserten den 12.12. Den får prioritet.
Det fortjener den. Austbø fremførte verket i sin helhet forrige lørdag i Stavanger Domkirke og hvilken fremførelse! Deler av stykket kunne vært skrevet av Cecil Taylor og er teknisk svært krevende, men så vidt jeg kan bedømme har Håkon Austbø dette stykket i sin hule hånd.

Ellers vil jeg anbefale å sitte nærme pianoet - da får du den nærmest fysiske opplevelsen det er når pianisten drar på for fullt. Prøvde å bevege meg bakover i lokalet med det resultat at etterklangen gjorde verket mykere og mer "orgellignende" i klangen. Et feststykke!
 

kjetinho

Overivrig entusiast
Ble medlem
22.03.2005
Innlegg
788
Antall liker
22
Høyrde ein smakebit frå catalogue d'oiseaux her om dagen og trur det kan vere noko for meg. Er det nokon som har tips om kva innspeling som gjeld her? Ser at Håkon Austbø har gjort dette på Naxos, så der får ein det til hyggeleg pris (14£) i alle høve.. Elles har MDT ein rimeleg serie med Peter Hill på Regis (12£). Muraro på Accord er ein del dyrare (35£)
 

Pesquera

Hi-Fi freak
Ble medlem
25.08.2005
Innlegg
1.381
Antall liker
75
Torget vurderinger
11
Er du sikker på at det er så viktig da? Som du nevner ovenfor, så er Austbø dypt fortrolig med Messiaen’s musikk og du går neppe feil der. Men dersom autensitet er avgjørende, så har Yvonne Loriod en innspilning og nærmere komponisten kommer du ikke.
 

awe

Hi-Fi freak
Ble medlem
07.11.2005
Innlegg
2.060
Antall liker
1.837
Sted
Kragerø
Torget vurderinger
2
Austbø er blant de beste i denne musikken. Fantastisk musikk som det finnes flere gode innspillinger av, men Austbøs tolkninger treffer sentralt og dekkende, synes jeg. Flott lyd også. En Naxos-vinner.
 

ottone

Nesten klassiker
Ble medlem
08.04.2008
Innlegg
14.615
Antall liker
12.652
Sted
Stavanger
Torget vurderinger
3
Det gleder meg å se Håkon Austbø hedret, også av andre enn oss lokal-patrioter.
Han er en mester i klangbehandling, har gjort sterkt inntrykk her på konsert i Stavanger Domkirke med Messiaen og Debussy, og på plate med bl.a. Skryabin, Satie og Janacek.
 

kjetinho

Overivrig entusiast
Ble medlem
22.03.2005
Innlegg
788
Antall liker
22
Ser ikkje ut til at det er nokon god grunn til ikkje å vere patriotisk i dette tilfellet altså. Eg får sjå om dei har Austbø på den lokale sjappa (Apollon). Elles vert det biblioteket i fyrste omgang. Takkar for innspela!
 

kjetinho

Overivrig entusiast
Ble medlem
22.03.2005
Innlegg
788
Antall liker
22
Då har eg hatt Austbø si innspeling av denne fuglekatalogen. Eg tykkjer det er mykje bra her, men har ikkje samanlikna med andre innspelingar. Flott musikk, sjølv om den ikkje er heilt oppe med Vingt regards.

Uansett fekk Austbø sitt spel meg til å høyre hans utgåve av Vingt regards igjen. I det siste har eg høyrd mest på Aimard i denne. Etter pausen frå Austbø stod forskjellane mellom dei mykje klarare enn eg har oppfatta dei før. Austbø speler litt meir dempa og velartikulert, om det går an å sei det om pianospel. Det framhevar den tidvis spesielle rytmikken, og han får fram alle enkelttonar, også når det er snakk om større akkordar.

Aimard er hardare i anslaget, spesielt i bassen, og let pianoet klinge mykje meir. Klangane er jo sentrale saman med rytmikken, så begge går for essensielle ting i stykket. Det heile blir litt røffare og tøffare, men manglar kanskje litt av raffinementet til Austbø.

Eg klarar ikkje å peike ut ein favoritt her, men føler eg har vore heldig (og då meiner eg heldig) som no sit med to innspelingar eg likar godt, og som utfyller kvarandre bra.
 
Topp Bunn